FHI: Bruk av munnbind gjer ingen skilnad på spreiing av virus

I ein artikkel publisert 14.februar 2022, skriv Steigan at «maskene [munnbinda] har blitt det synlige symbolet på det globale koronaregimet». Noreg har lenge hatt påbod om å bruke munnbind i mange samanhengar, men dette er no – iallfall inntil dei diktar opp neste «pandemi» – oppheva saman med nesten alle andre koronarestriksjonar. Finst det derimot vitskapleg dokumentasjon på at munnbind beskyttar mot overføring av virus?

FHI seier nei. I følgje ein artikkel – pussig nok på engelsk – står det følgjande å lese (saksyndig si omsetjing):

«Ein Cochrane-gjennomgang viser at samanlikna med ingen munnbindbruk, gjer det å gå med munnbind liten til ingen skilnad når det gjeld kor mange som får ein influensaliknande sjukdom. Truleg gjer det liten til ingen skilnad når det gjeld kor mange som har influensa bekrefta av ein laboratorietest. Uønskte effektar blir sjeldan rapportert, men inkluderer ubehag. Vidare kan det verke som om det gjer liten til ingen skilnad når det gjeld kva type munnbind som er brukt.»

FHI åtvara faktisk mot munnbind tilbake i 2009. Smittevernlegen i Kristiansand, Dagfinn Haar, sa mellom anna at munnbind ikkje skal brukast av friske menneske, berre av dei som er sjuke eller som har omgang med personar som kan vere smitta. Dette gjaldt svineinfluensabakterien. I denne no fjerna artikkelen frå 30.januar 2020, frårådar FHI bruk av munnbind utanfor helsetenesta.

Ingen vitskaplege studiar ser ut til å bekrefte at munnbind beskyttar overføring av virus mellom menneske. Kvifor blir til dømes munnbindpåbod tvinga igjennom? Steigan skriv:

«Det har naturligvis ingenting med helse å gjøre. Det handler om fremmedgjøring, umyndiggjøring, ødeleggelse av det sosiale samholdet, dehumanisering og politisk kontroll. Det handler om å mørne milliarder av mennesker å gjøre dem klare for det totalitære samfunnet som er under oppseiling.»

I mine eigne ord: Det er lettare å begå overgrep mot menneske om du ikkje kan sjå ansiktsuttrykka deira.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s