Koronatiltak oppheva – kva no?

Etter kvart som Covid fell saman, førebur dei allereie den neste «pandemien»

Av Kit Knightly, Off-Guardian. Omsett av saksyndig. Sjå originalartikkelen for linkar.

Koronaviruset kan forsvinne, men, frå kreft til AIDS, er mRNA-vaksinane her for å bli.

Covid-19-forteljinga er knust, den kampen er over. Ja, der er framleis lommer av gjenverande motstand, små, kamplystne område som ikkje er klare til å gje opp ånda heilt enno, men for det meste held etablissementet på å sleppe taket.

Land etter land etter land «slepper opp» sine Covid-restriksjonar, går vekk frå vaksinepass-planar og prøver å «vende tilbake til normalen».

Kvar veke verkar det som om ein eller annan ny «ekspert» som brukte dei siste to åra med å føreseie at vi alle kom til å døy, dukkar opp på nyheitene og påstår at vi burde «behandle Covid som influensa».

Men berre fordi dei slepp opp når det gjeld Covid, tydar ikkje at agendaen bak Covid er vekke. Langt ifrå.

Faktisk, sjølv medan dei tek sikte på å dumpe denne pandemien i ei grunn grav, førebur dei allereie folket for den neste helseskremselen – AIDS.

I desember påstod Joe Biden at det var målet til administrasjonen hans å «ende HIV/AIDS-epidemien innan 2030». Ein liknande kampanje, lansert i Storbritannia på same tid, bruker nøyaktig same frasen, ord for ord.

Deretter, so nyleg som sist veke vart det plutseleg rapportert at der var ein «ny variant» av HIV som sirkulerte i Europa. Denne nye stammen er visstnok «meir virulent», «meir overførbar» og «progredierer til AIDS raskare».

På same tid rapporterer aviser at for fyrste gong på fleire år, har heterofile større risiko for å få HIV enn homofile, og dei har «større risiko for AIDS» fordi dei «får diagnose seint».

På ryggen av desse nyheitene, påstår ein meiningsartikkel i The Guardian at vi treng ein «ny strategi» for å handtere AIDS.

Like i kjølvatnet av denne ferske fryktbølgja er eit push for å få alle til å teste seg for AIDS so snart som mogleg, frå politikarar og kjendisar og alle i mellom.

Prins Harry leiar dette spranget, i ein video som fekk pressa til å påkalle ånda til hans mor prinsesse Diana, insisterte Harry at vi alle har ei «plikt» til å HIV-teste oss «for å gjere andre menneske trygge», og samanlikna det med Covid-utbrotet.

«Kjenn statusen din,» seier videoen. Som truleg vil bli ein emneknagg i næraste framtid. (Eg sjekka nettopp, og den er det faktisk allereie.)

Dei set verkeleg maskineriet i høggir når det gjeld denne.

Sjølv medan problemet og reaksjonen er framleis knapt nok ute av forskings- og utviklingsfasen, snakkar dei allereie om løysinga.

Gjettar du kva den er?

Dersom du sa «ein annan mRNA-vaksine», bra jobba for å vere merksam.

Jepp, Moderna har openbert lært so mykje frå å lage si forhasta Covid-vaksine som ikkje fungerer, at dei allereie har byrja å lage ein HIV-vaksine som dei håper vil bli like «trygg og effektiv».

Det er eit verkeleg rystande samantreff; Modernas HIV-vaksine byrja kliniske forsøk nøyaktig same dagen som den «nye varianten» av HIV laga overskrifter, og den same veka som NHS si årlege «HIV-testingsveke». Ei artig, gammal verd, ikkje sant?

Same kva, lat oss alle gjere oss klare til å stille oss i kø for AIDS-sprøyta.

Åh, og kreftsprøyta òg.

Covid-slaget kan nok sakte svinne, men mRNA-«vaksine»-krigen har potensielt berre byrja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s