Høyringsnotat om forlenging av koronasertifikat ønskjer å innføre vaksinetvang og avskjed av uvaksinerte tilsette

Document publiserte 13.febuar 2022 ein artikkel av Erling Marthinsen der tema er det nye høyringsnotatet til Regjeringa som no ligg ute på høyring. Temaet er forlenging av koronasertifikatet, som av styresmaktene blir skildra «som noe man skal ha i beredskap til neste krise knyttet til en pandemi». Nokre av punkta er derimot temmeleg uhyggjelege, og avslører kva slags «tiltak» styresmaktene ønskjer å ha tilgjengelege i sin etter kvart so berykta «verktøykasse».

Heile høyringsnotatet kan lesast her, i Regjeringa sine eigne ord.

Følgjande punkt trekkjer Document fram som grunn til bekymring:

Departementet kan i forskrift bestemme at befolkninga eller delar av den skal ha plikt til å late seg vaksinere. Dette er ein annan måte å seie at her skal det innførast vaksinetvang. Riktig nok gjeld dette i ei mellombels, forbigåande krise, og ikkje i ein langvarig smittesituasjon. I utgangspunktet var «to veker for å flate ut kurven» òg påstått å vere «mellombels» og «forbigåande».

Departementet kan i forskrift bestemme at personar som ikkje er vaksinert, må opphalde seg innafor bestemte område, skal nektast deltaking i organisert samvær med andre, eller at dei må ta naudsynte forholdsreglar. Altso skal uvaksinerte nektast deltaking i barnehage, skular, møte eller «kommunikasjonsmidler». Document meiner dette òg inneber at «regjeringen ser for seg en situasjon hvor krav om vaksinering av barn helt ned i barnehagealder kan være en mulighet». På side 23 skriv Regjeringa at «Covid-19-vaksinene som tilbys i programmet er nye vaksiner og er godkjent etter hasteprosedyre». Altso reknar dei mRNA-injeksjonane som «vaksinar», stikk i strid med tradisjonell, hevdvunnen definisjon av kva som eigentleg er vaksinar.

Utifrå ein storkammerdom frå Den europeiske menneskerettsdomstolen frå april 2021, vart det oppretta juridisk presedens på at obligatorisk vaksinering og utestenging av uvaksinerte barn frå til dømes barnehagar, ikkje medfører krenking av menneskerettar. Regjeringa ser på grunnlag av dette ut til å ha gjeve seg sjølv retten til å bryte med andre grunnleggande rettar, slik som forsamlingsfridommen. Regjeringa gjev i same andedrag seg sjølv òg retten til å gripe inn i respekt for privatliv, familieliv og heim og retten til religionsfridom.

Eg vil raskt skyte inn at mange av punkta rundt konseptet koronasertifikat bryt med mennesket sine ibuande rettar, den sokalla naturretten (latin: lex naturalis eller jus naturale; engelsk natural law). Juridiske lover kan endrast over natta, til dømes gjennom høyringsnotat med mistenkjeleg kort høyringsfrist, medan naturretten aldri vil kunne endrast eller avskaffast på same måten. Advokatane Reiner Füllmich og Viviane Fischer sin modell av ein storjury, der bevis for at Covid-19 har kriminelle føremål blir framlagt og dokumentert, er basert på naturretten. Ein stat kan gjere det lovleg over natta å sperre inne eller tvangsvaksinere menneske, men jamfør naturretten vil slike overgrep likevel vere ulovlege. Kort fortalt eksisterer naturretten nettopp for å beskytte menneske mot statleg overstyring og undertrykking.

På side 39 opnar Regjeringa opp for vaksinepass i utelivet. Altso at ein må vere «vaksinert» eller ha gjennomgått covid-19-sjukdom for å besøke restaurantar, kafear og barar.

På side 30 blir det opna opp for at «uvaksinerte kan miste muligheten til å forsørge seg selv». Regjeringa ser her ut til å vere open for å gje arbeidsgjevar rett til å seie frå seg lønnsplikta for ein uvaksinert arbeidstakar som blir nekta tilgang til arbeidsplassen fordi han er uvaksinert, og at dette i ytste konsekvens kan føre til oppseiing eller avskjed.

Kort fortalt er det svært alvorlege åtak på menneskerettar, grunnlov, retten til å ferdast fritt og ikkje minst retten til å forsørge seg gjennom lønt arbeid. Som ein har sett ei rekkje gonger gjennom «pandemien», har Regjeringa sett ein særs kort høyringsfrist på slike høyringsnotat, til dømes det om portforbod tilbake i januar 2021.

4.mars er fristen for å seie di meining om høyringsnotatet gjennom sokalla høyringssvar. Eg har sjølv gjort det, og reknar det som ei plikt – både for meg sjølv og mine medmenneske.

Document avrundar artikkelen med følgjande urovekkjande observasjon:

«Av en eller annen grunn er ikke innsendte høringssvar lesbare på regjeringens sider. […] Kilder hevder overfor Document at dette skyldes at høringssvar fra navngitte personer og institusjoner holdes skjult.»

Dei seier til slutt at dei vil «kontakte departementet i kontortid mandag for å undersøke dette nærmere».

Saksyndig vil oppdatere artikkelen so fort meir informasjon om dei manglande høyringssvara dukkar opp.

Document si oppdatering, 15.februar 2022:

Oppdatering: Vi har fått svar fra Helse- og omsorgsdepartementet:

«Høringen ble publisert og sendt ut fredag, og vi har mottatt rundt 3000 høringssvar allerede. Mange av dem har lik ordlyd. Høringssvarene blir publisert etter hvert som vi har lest dem.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s