Saksyndig sitt syn på nynorsk skriftspråk

Alle lesarane av bloggen min vil ha fått med seg at eg skriv på nynorsk. Grunnen er at eg kjem frå ein vestlandskommune, og at dialekten min ligg ganske nær det som i dag blir rekna som standardnynorsk. Faktisk har den nynorsken som er å finne på saksyndig, nesten perfekt samsvar med måten eg sjølv snakkar. Dei einaste avvika er at eg seier «da» i staden for «det», «e» i staden for «er», «ka» i staden for «kva» og at eg sløyfer r-en i svake verb i presens (eg seier «eg kjøpe» i staden for «eg kjøper»). Elles seier eg «SKRIV-e» (med trykk på «skriv») i staden for «skriv» i sterke verb i presens, jamfør bokmålsuttalen av verbforma skriver, som blir uttala «SKRIV-er». Som dei gjer i dei fleste norske dialektar, uttalar eg aldri r-en i fleirtalsord. Eg seier «bøke», «hesta» og «saue» i staden for «bøker», «hestar» og «sauer». Eg bruker rulle-r.

Frå eit lingvistisk perspektiv, har eg sokalla e-infinitiv, og ingen skilnad mellom sterke og svake hokjønnsord. Eg har sokalla tonemskilnad, altso tonelagsskilnad mellom «passet» og «passe». Geografisk samsvarer dialekten min difor med dialektane som blir tala i Sunnfjord, ein region i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, no del av det totalt unaudsynte storfylket Vestland. Regionen må ikkje forvekslast med den administrative styggedommen kalla Sunnfjord kommune. Eg bekreftar at eg er fødd og oppvaksen i Sunnfjord. Det er alt eg vil seie.

For ordens skuld vil eg informere om at eg har mastergrad innan feltet nordisk språk frå Universitetet i Bergen. Eg har elles utdanning innan lingvistikk, språkforsking og andrespråkstileigning. Det er tilfeldigheiter som gjer at eg jobbar som helsefagarbeidar og ikkje som tilsett ved til dømes Nordisk institutt.

Trass at eg har budd og (framtil 2021) jobba i Bergensområdet i vel tjue år, har ikkje dialekten min blitt nemneverdig endra. Bergensdialekten er sopass ulik min opphavlege Sunnfjord-dialekt at dei like gjerne kunne ha vore to ulike språk. Bergensdialekten har to kjønn: hankjønn og sokalla felleskjønn. Felleskjønn er frå eit grammatisk perspektiv ei blanding av hankjønn og hokjønn: Hankjønn i eintal, hokjønn i fleirtal: Geiten (eigentleg geita, men her felleskjønn) versus geiter (hokjønnsforma er bevart). Bukken (hankjønnsforma bevart) versus bukker (eigentleg bukkar, men her felleskjønn). Dette samsvarer med riksmål og dansk, som òg tidleg innførde felleskjønn.

Svensk har det eg vurderer som eit «halvoffisielt» skilje mellom hankjønn og hokjønn (og til og med eit fjerde kjønn, om ein, som i eldre svensk grammatikk, reknar «den» som eit sjølvstendig grammatisk kjønn), noko ein ser i forholdet mellom substantiv og personlege pronomen. Svensk har etterlevingar etter eit hokjønn i moderne grammatikk, noko som kan gje språkekspertar som ikkje vil vedkjenne seg historisk hokjønn problem med å forklare dei faktiske forholda.

Sameleis har eg i mitt arbeid som helsefagarbeidar møtt eldre bergensarar frå arbeidarklassen som til dømes omtalar sola som «hon» (ho) – ei typisk setning vil vere «Solen, hon e varm!»; dei erkjenner, trass fullstendig fråvær av grammatisk hokjønn i dialekten, at sola er hokjønn. Dette kan kome av påverknad frå dialektane rundt Bergen, som alle har bevart hokjønn. Eller det kan kome frå eldgamle seiemåtar frå den tida det fanst eit hokjønn i talemålet. Kven veit. Personleg synest eg det er uhyre interessant.

Opphavet til felleskjønn skriv seg frå norrøn tid. Der hadde hankjønn endinga -inn, medan hokjønn hadde endinga -in, jamfør orda bukkinn («bukken») og bókin («boka»). Inkjekjønn hadde endinga -it, og vart dermed ikkje påverka; det ser ein i alle nordiske språk i endinga -et (eller -ið i islandsk). T-en i -et, inkludert T-en i «det» vart inntil ganske nyleg uttala. I svensk høyrer ein framleis T-en bli uttala i ord som «havet» og «djuret», og i norsk finn ein T-uttale av «det» i uttrykket «dett var dett», der «det» er stava med to T-ar for å vise at akkurat her (men ingen andre stader) skal ein uttale T-en.

På eit eller anna tidspunkt sløyfa enkelte norrøne dialektar ein n: Austnordiske dialektar sløyfa berre n i hankjønn, og fekk med den måten felleskjønn: Bukkinn og bokin vart til bukkin og bókin. Vestnordiske dialektar sløyfa n i begge kjønna, og opprettheldt dermed skiljet mellom hankjønn og hokjønn: Bukkin og bóki. Islandsk og færøysk sløyfa aldri n. Vestnordiske dialektar utvikla seg seinare til det norske språket. På grunn av union med Danmark frå mellomalderen til 1814, vart norsk språk i stor grad undertrykt av det danske overherredømmet. Norsk overlevde derimot som talespråk gjennom dei norske dialektane, og det var dei Ivar Aasen brukte som mal då han tok sine reiser for å samle inn dialektgrunnlag for Landsmaal på 1800-talet.

Enkelte, slik som Maalmannen, bruker Ivar Aasens språknormal den dag i dag. Nettstaden er av interesse for dei som ønskjer å vete korleis nynorsk opphavleg såg ut då han vart lansert på 1800-talet. Språket kan vere utfordrande å lese for dei som er vande med meir moderne nynorsk. Nettstaden inneheld mykje interessant informasjon om målrørsla (norskdomsarbeidet) på Vestlandet, spesielt Vestmannalaget i Bergen. Maalmannen meiner at moderne nynorsk er blanda ut av bokmål og eit resultat av det han meiner er den mislykka samnorskpolitikken som manifesterte seg i mellom anna rettskrivingsreformer frå 1938 og 1959.

Eg var sjølv med i målrørsla i mine yngre år. Frå 2001 til 2004 var eg medlem i Norsk målungdom, og deltok på fleire samlingar. Ved eitt høve stod det tilfeldigvis eit gammalt pumpeorgel og støva vekk i eit bedehuslokale. Eg var den einaste som visste korleis instrumentet skulle trakterast. Eg sette meg ved orgelet og leverte ein temmeleg dugande versjon av trøndergruppa Difference si låt «Tree of Love», som har pumpeorgel som hovudinstrument. Etter framføringa fekk eg kritikk for å synge ei engelskspråkleg låt.

Organisasjonen sin offisielle «gallionsfigur» var den biletvakre Unn Catodotter Fyllingsnes, som var leiar i Norsk målungdom frå 2003 til 2004. Ho hadde ei prominent nok rolle til å få sin eigen Wikipedia-artikkel, som på noverande tidspunkt riktig nok berre er ei «spire». I seinare tid har ho, no tilhøyrande Tingvoll Senterparti, i eigne ord «hatt meg med ein heimføding for å laga fleire verdsborgarar på bygda…» I innlegget, som vart publisert i Nationen tilbake i 2019, klagar ho over at regjeringa ikkje har gjort det «meir freistande, føreseieleg eller trygt å etablera eit familieliv på bygda».

I 2004 melde eg meg ut av Norsk målungdom. Ikkje fordi eg ikkje lenger trudde på målsaka. Den eigentlege grunnen var at eg hadde vunne ein novellekonkurranse same året, og som vinnaren hadde eg blitt lovt eit gåvekort på bøker frå Samlaget. Gåvekortet kom aldri, og ingen i organisasjonen såg ut til å ville vedkjenne seg sin eigen skriftlege lovnad. Ingen på administrasjonsnivå ville svare meg, trass gjentekne forsøk på å kontakte dei frå mi side. Slik ureieleg og uærleg verksemd fann eg meg ikkje i, og melde meg difor ut.

Eg heldt fram med å skrive på nynorsk, sjølv om eg ikkje lenger var med i den sokalla målrørsla. I ettertid hadde eg nok den oppfatninga at eit språk burde haldast i live ved å bruke det aktivt på alle samfunnsområde, ikkje tvinge folk til å bruke det. Eksponering for språk er den vitskapleg mest dugande måten å få folk til å bruke det, som eg lærde då eg studerte andrespråkstileigning fire år seinare, i 2008. Er språket å finne overalt, tek du det til deg. Den største trugselen mot eit språk skjer når det taper domene.

Maalmannen trykkjer entusiastisk Ivar Aasen-normalen til sitt bryst, og meiner moderne nynorsk ikkje held same puristiske standard, at han er utblanda med bokmål. Eg er respektfullt ueinig i at eg skriv utblanda nynorsk. Eg skriv slik eg snakkar, noko som eg meiner er målet med nynorsk. Språket endrar seg, og dialektane som Ivar Aasen hadde som mal for sitt Landsmaal tilbake på 1800-talet inneheld trekk som nesten ikkje finst i dei same dialektane i dag, om ein skulle utføre ein diakron studie av dei (korleis dei har utvikla seg over tid). At enkelte som talar nynorsknære dialektar skriv bokmål «i protest» over at moderne nynorsk ikkje har a-infinitiv eller i-former, synest eg er ei barnsleg og rigid haldning. Er bokmål liksom representativt for deira eigen dialekt? Med mindre dei kjem frå tjukkaste austland – eller talar Bergensdialekt – tviler eg på det. Ein enkel dialektanalyse vil avdekkje at dei fleste norske dialektar har meir til felles med dagens nynorsk enn dagens bokmål har.

Ivar Aasen samla fyrst og fremst dialektprøver frå det som var 1800-talets norske dialektar i området der norske dialektar tradisjonelt var tala. Dette ekskluderte delar av landet, til dømes stort sett heile Nord-Noreg nord for Tromsø, som på den tida nesten berre hadde samisktalande befolkning og dansktalande embetsmenn. Dialektprøvane kom frå det som i dag er Sør-Noreg. Aasen sette det heile saman på ein måte som på den tida var genial. Han skapte eit teoretisk skriftspråk som grammatisk ikkje kunne ha vore meir perfekt. Arbeidet hans likna veldig det som Zamenhof gjorde då han skapte hjelpespråket esperanto fleire tiår seinare. Aasen fylde inn hòla der hans lingvistiske sans sa at burde gjerast. Han høyrde aldri T-uttale i «havet». Han innførde T-en likevel, for å vise systematikken i inkjekjønn sin bruk av T (eit hav – havet). Visstnok fanst forma dat av «det» (med stum T, i samsvar med mitt heimlege «da» for «det»).

Moderne bokmål har etter mitt syn aspekt som er langt meir kritikkverdige enn dei ein finn i moderne nynorsk. Bokmål er sannsynlegvis det einaste skriftspråket i verda som nyttar eit heilt grammatisk kjønn som stilistisk verkemiddel. A-endinga i hokjønn blir gjerne brukt når forfattaren finn substantivet mindreverdig, medan felleskjønnendinga -en blir brukt når det motsette er tilfellet: Ein finn gjerne hora og gudinnen i same teksten; det fyrste med hokjønn, det siste med felleskjønn. Ein finn aldri horen og gudinna i same teksten. Hokjønn, eller mangel på det, blir på den måten brukt for å markere forfattaren si haldning til substantivet vedkomande skildrar.

Ein grammatisk analyse av bokmål og dansk vil avdekkje at bokmål er dansk med norsk uttale. Med andre ord er bokmål ei vidareføring av det danske undertrykkjar-regimet som regelrett valdtok Noreg under «400-årsnatta». Bokmål er dermed «slavespråket», medan nynorsk – i alle former – er den beste overleveringa av norske dialektar som per dags dato er mogleg å få til. Aasen gjorde ein god jobb, må eg seie. Arbeidet hans fekk verknader ikkje berre for norskdomsarbeidet i nasjonen Noreg. Hadde det ikkje vore for Landsmaal, hadde vi nok framleis skrive dansk i Noreg den dag i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s