Ny WEF-propagandavideo om kritisk raseteori vekkjer kontrovers

Det etter kvart so berykta World Economic Forum («Verdsøkonomiforumet») – leia av Klaus Schwab, mannen bak konseptet Den store nullstillinga (The Great Reset) – gav nyleg ut ein video som ved fyrste augnekast ser ut til å nøytralt forklare kva kritisk raseteori (KRT) er. Videoen går derimot fort over i ei «høgrøysta støtterklæring» til ideologien. KRT skuldar ei heil demografisk befolkning for eit kollektivt brotsverk, bruker anklagen som grunnlag for å utpeike individ innanfor denne demografien for utøvarar av det brotsverket, for deretter å frårøve dei rettar, verdigheit og likeverdig vern basert på den anklagen.

Desse orda er det «Tyler Durden» i ZeroHedge som skriv. For dei som kan filmhistorie, er Tyler Durden namnet på ein rollefigur i filmen Fight Club frå 1999 – namnet er altso eit pseudonym. WEFs propagandavideo kan sjåast her.

I følgje Breitbart (som òg er sterkt kritisk til videoen) «definerer WEF-videoen KRT som ein teori som ‘fyrst vart utvikla av amerikanske jusskolerte på 1980-talet’ som ‘argumenterer for at lovene, reglane og retningslinjene som styrer dagens samfunn har blitt forma av den historiske underordninga av farga menneske og at dette er ei drivkraft bak rasemessig ulikskap i dag».

ZeroHedge skriv:

«Som eit døme på den påståtte rasismen som er å finne i kvart eit fiber av Amerika sine institusjonar, peiker WEF på det høge talet svarte mannlege innsette i landet. ‘Ta det amerikanske kriminalrettssystemet,’ seier dei. ‘Medan alle er sett på som like framfor lova, blir svarte amerikanarar fengsla fem gonger raten til kvite menneske. KRT seier at denne store skilnaden er ei leivning frå USA si rasistiske fortid’, men at motstandarar seier at den ‘målar alle kvite som hatefulle’.»

Ein av motstandarane, Chris Rufo, skildrar videoen som ein «sprø pro-KRT-propagandavideo». Andre som har ytra kritikk mot videoen er essayist og forfattar Peter Coffin, klinisk psykolog og psykologiprofessor dr. Jordan Peterson og forfattar og matematikar dr. James Lindsay.

Dr. Lindsay kom med følgjande ytring på sin Twitter-konto:

«Kvifor ville World Economic Forum stå fram med støtte til kritisk raseteori? Fordi det er dei som ønskjer å splitte samfunnet vårt med denne marxist-teorien eller kvart eit anna verktøy dei kan bruke for å øydeleggje verda og ta makta.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s