Lærarar er ansvarlege for å skape lydige toskar og ukritiske idiotar

Av Dr. Vernon Coleman. Henta frå Daily Exposé. Omsett av saksyndig.

Det er no temmeleg klart at fleirtalet av menneske manglar kapasiteten til å tenkje originalt, er for late til å tenkje sjølv og er redde for å «tenkje utanfor boksen».

Dersom du opplever dette trippel-dømet på tautologi som irriterande, er det fint: fordi premisset er eit kritisk eit. Og repetisjon, som Gertrude Stein utan tvil ville ha vore einig i, er essensielt dersom du ønskjer å lage eit poeng.

Dei fleste borgarar er no styrte av ryggmergsrefleks – og responderer til det sei ser og høyrer på TV. Dei trur nonsens slik som «klimaendring er skremmande», «covid er farleg» og «vaksinar er gode» fordi dei ser og høyrer desse tankane gjentekne dagen lang; utforma av konspiratørar og spreia av kollaboratørar.

Men kvifor er folk so klare til å tru det dei høyrer og til å akseptere det ukritisk?

Lærarar og førelesarar.

Det moderne utdanningssystemet (både i skulen og på universitetet) demotiverer (faktisk undertrykkjer) original tanke og debatt.

Lærarar i dag ser ikkje ut til å vere klare over at det krevst meir innsats for å avvise ein idé enn å akseptere den. Aksept er noko vi gjer utan å tenkje, men å avvise noko vi blir fortalt krev innsats.

Derimot, i staden for å oppmuntre studentar vil å stille spørsmål ved det dei blir fortalt, instruerer rett og slett lærarar elevane sine til å akseptere det «offisielle» synet.

Descartes trudde at etter å fyrst akseptere ein idé, tenkjer vi deretter over den og avgjer om vi skal avvise den eller ikkje.

Men, ein god del år seinare, føreslo baron Spinoza at når vi aksepterer ein idé, trur vi at vi forstår den, og dermed stiller vi ikkje lenger spørsmål ved den.

Som vanleg tok Descartes feil. Og når det gjeld denne, i det minste, hadde Spinoza rett.

Problemet i dag er at folk er tilbøyelege til å akseptere det dei ser oh høyrer – på TV, eller på radio eller i klasserommet.

Det er formallæring som får elevane til å blindt, ukritisk og utan å stille spørsmål, akseptere kva enn dei blir fortalt seinare i livet. (Der har vi den tautologien igjen.)

Hovudstraumsmedia eksisterer for å overfløyme oss med informasjon som forsterkar eksisterande overtydingar. Og journalistane, kommentatorane og konspiratørane veit at å avvise eksisterande overtydingar krev energi og innsats.

Lærarar og førelesarar har i fleire tiår no, mislykkast i å forklare til elevane at å «u-tru på» det vi har blitt fôra med, er ein essensiell del av visdom og, meir fundamentalt, ein essensiell del av å vekse opp og utvikle «vårt sjølvstendige sinn».

Vi blir alle overvelda av informasjon, men lærarar har ikkje lært elevar korleis dei skal handtere denne overbelastninga. Og, spesielt no som mykje karakter-setjing er gjort av lærarar som har makt til å evaluere sine eigne elevar, er det den enkle vegen til betre karakterar.

So elevar aksepterer rett og slett det dei blir fortalt. Og deretter veks dei opp og aksepterer framleis det dei blir fortalt.

Hovudstraumsmedia fôrar oss innhald som forsterkar det vi meiner. Vi blir bombardert med falsk og villeiande informasjon som støttar dei falske og villeiande ideane vi har blitt gjevne.

Og so aksepterer dei utenkjande massane desse bedraga.

Og resultatet er at berre dei intelligente og frittenkjande no stiller spørsmål ved covid-bedraget og klimaendringsbedraget.

Konspiratørane og deira kollaboratørar (svikefulle organisasjonar slik som BBC til dømes) er primært ansvarlege for det faktum at millionar går med munnbind (som skadar helsa deira og ikkje gjer noko godt) og aksepterer sprøyter (som skadar helsa deira og ikkje gjer noko godt).

Lærarar og førelesarar må ta ein stor del av skulda for å mislykkast i å lære elevane sine korleis ein tenkjer.

Utdanningssystemet vårt, slik som helsesystemet vårt, er ikkje passande for føremålet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s