Blir maskuline menn forsøkt utrydda?

Har dagens samfunn ein agenda for å utrydde den maskuline mannen, som med sin sjølvtillit, sitt forsørgarinstinkt og si handlekraft er med på å få hjula i samfunnet og familielivet til å gå rundt? Blir barn programmerte og hjernevaska på skulen av vondsinna feministar som har ei frykt for det mannlege som til sjuande og sist botnar i penisfrykt? Blir alle manipulert til å tru at det mannlege kjønn er moralsk forderva, æveleg underordna utskot som helst burde døy so fort som mogleg? Manglar dagens gutar rett og slett ein farsfigur, fordi dei veks opp med åleinemødrer som mildt sagt har eit turbulent forhold til menn?

Nokre meiner det, deriblant Kiri i NoNonsenseNews, og Eivind Berge i sin eigen blogg. Eg vil skunde meg å leggje til at ordet «penisfrykt» er noko eg sjølv har kome på. Men ordet illustrerer etter mitt syn glimrande den frykta og avskya for det mandige som den offisielle forteljinga ønskjer å påtvinge dei som veks opp i dag. Kvinner skal frykte og avsky menn, og menn skal tydelegvis gjere det same.

Kiri skriv i ein artikkel frå 9.oktober 2020 følgjande:

«Menn ønsker først og fremst å beskytte kvinner og barn. Sunne, maskuline mannfolk finner stor glede i å «redde kvinner». Dersom tidligere AUF-leder Eskil Pedersen hadde fått lov til å utvikle seg på en naturlig måte ― uten den feminiserende hjernevasken ― så hadde han nok ikke rømt med halen mellom beina som en feig hund. Men det gjorde han, og etterlot hjelpeløse og skrekkslagne ungdommer i døden på Utøya. Og vi nordmenn syntes tydelig at dette var helt greit fra Pedersens side.»

Eskil Pedersen kunne knapt ha handla på ein feigare måte. Han forlét folk i naud for å redde sitt eige skinn. Ingen ekte mann ville ha gjort noko slikt, spesielt ikkje om det var jenter som bokstavleg tala var i livsfare frå ein forrykt, mordarisk terrorist. Det er ærleg tala mykje med Utøya-tragedien som den dag i dag skurrar. Mellom anna var politiet sin «innsats» so kritikkverdig at enkelte lurer på om dei gjorde det med vilje.

På den andre enden av skalaen finn ein noko endå meir samfunnsgiftig: Unge menn som plutseleg klikkar, og som dukkar opp på skule eller arbeidsplass og byrjar å skyte ned folk. Som Kiri skriv om desse mennene:

«Det som kjennetegner disse unge mennene er at samtlige av dem er ensomme utskudd i samfunnet, mistilpassede og ulykkelige. De har også ofte til felles at de er vokst opp med alenemødre. Svært få av dem har hatt en farsfigur eller andre sterke mannlige forbilder i livet sitt. Dette var også tilfelle med Anders Behring Breivik, einstøingen som vokste opp uten pappaen sin. Så hvorfor glorifiserer vi «alenemor-tilværelsen»?»

Det skal her seiast at det framleis finst menn der ute som er viljuge til å ofre livet for å redde damer, til dømes då ein ung student redda fleire unge kvinner frå det Kiri kallar «en rabiat medstudent» som dukka opp med våpen på ein fest, sannsynlegvis med intensjon om å drepe. I eit intervju med ein journalist forklarte helten «at han simpelthen følte seg kallet til å beskytte sine venner, kolleger og medmennesker». Han rekna handlinga si som «den største selvfølge», som noko reint instinktivt. Kiri skriv vidare:

«Mens det er naturlig for kvinner å ville nære, elske og oppdra barn, er det naturlig for menn å ville beskytte og tjene. Det er denne biologisk betingede maskuliniteten som gjør at gutter, helt fra de er små knøtt, ønsker å bli brannmenn, politimenn eller militær. Ja, for det er jo dette de sier de drømmer om å bli. Hvordan kan det ha seg at høyt utdannede mennesker ofte fnyser av slikt? Er ikke dette kvaliteter som samfunnet har behov for? Det synes ikke slik, siden maskulinitet ikke betraktes som noe som skal fremelskes eller verdsettes.»

Ho trekkjer deretter fram omgrepet «giftig maskulinitet», og forklarer at dersom ein prøver å diskutere korleis det er mogleg at maskulinitet kan vere meir giftig enn feminitet, «ender det som regel opp i personangrep, hyling og skriking». Ho meiner at maskulinitet er mangelvare i samfunnet, og at «en av de viktigste moralske oppgavene til et menneskevennlig samfunn er […] å hjelpe gutter til å bli gode, maskuline menn». Og vidare:

«Vi har lenge undertrykket menn i Skandinavia, og nå betaler vi dyrt for det. Kvinner gråter i stillhet i savnet etter menn med klare stemmer og en fast hånd. Aldri før har vi kvinner vært mer utsultet på ekte maskulinitet enn akkurat nå.»

Feminiserte feigingar som Eskil Pedersen er like nyttige for norske kvinner som eit hòl i hovudet. Hadde han gjort dette som soldat i ein krigssituasjon, hadde han høgst sannsynleg blitt stempla som kujon og stilt for krigsrett.

13.februar 2022 publiserte Kiri ein artikkel der ho hevdar at det har skjedd ei normalisering av mannehat i samfunnet, «skapt av mørkemakter, og […] rettet mot hankjønn». Gutar blir i følgje ho forsøkt demonisert på fordekt og utspekulert vis. «Det dysfunksjonelle samfunnets arkitekter ønsker å dominere oss gjennom kaos», og difor sår dei med vilje splid innåt i ei befolkning der flesteparten ikkje skjøner kva som skjer.

Hovudstraumsmedia har nærast gjort det til eit aksiom at unge kvinner er fullstendig forsvarslause overfor «det moralsk bedervede hankjønnet». Dette høyrest ut som den gamle feministparolen at «alle menn er valdtektsmenn».

Kiri trekkjer fram journalist Mathilde Halstensen i Fredrikstad Blad, og hennar synspunkt at vaksineskeptiske menn ikkje har ei høg stjerne i hennar bok. Hadde dette vore hennar private meining, hadde det vore greitt. Men her gjer ho seg til talskvinne for det kvinnelege fleirtalet, noko som er ein klassisk hersketeknikk når visse damer kjem med synspunkt om kva som gjer ein mann attraktiv: «Dette er noko alle kvinner meiner!» Mathilde påstår dermed at alle kvinner vurderer uvaksinerte menn som uverdige som seksualpartnarar. Javel, ja…

Her kan eg stille spørsmålet: Kva er so attraktivt med ein mann som kritikklaust lèt seg injisere med eksperimentell mRNA-teknologi utan å gjere eigne undersøkingar, og som berre godtek den eine drakoniske restriksjonen etter den andre (til og med maskering av eigne ungar!), utan å stille kritiske spørsmål, langt mindre ta til motmæle? Kva er so attraktivt med ein mann som ikkje kan tenkje sjølv, og som ikkje har ballar til å stå i mot det som openbert er tyranni?

I Kiri sine eigne ord «blir det litt ‘ulogisk’ at Mathilde ser det som umandig når menn er maskuline nok til å stå imot det sosiale presset og velge bort vaksinen».

Klart, næraste framtid vil vise om Mathilde sine menn har gjort det riktige valet – til dømes om dei skulle misse evna til å oppnå ereksjon på grunn av hjarteproblem. Eller, endå verre, om dei skulle døy midt i akta av eit hjarteinfarkt. Lykke til, Mathilde.

Kiri set ord på eit vanleg, men alvorleg samfunnsproblem: Gutar som veks opp utan ein farsfigur:

«Mange gutter vokser opp uten noen mannlig tilstedeværelse overhode, med alene-mødre som er skuffet og bitre over deres egne havarerte kjærlighetsforhold. Disse mødrene tar noen ganger skuffelsen (kanskje ubevisst i mange tilfeller) ut over sønnene sine. Dette skaper traumatiserte menn, uten ferdighetene som må til for å kunne omgås kvinner.»

Dette er ei høgst bekymringsverdig utvikling. Situasjonen blir ikkje betre av tvilsame kampanjar slik som til dømes #MeToo (som Kiri meiner er ein psykologisk operasjon for å så splid mellom kjønna), og den farlege vranglæra om at gutar og menn er «underutviklet» og «en universets B-vare». Det er i «alles interesse at vi ivaretar og styrker selvbildet og selvtilliten til hankjønn i alle aldre». Ein mann utan sjølvtillit vil òg mangle den elles ibuande drivkrafta til å forme verda rundt seg og gjer den til ein betre stad.

Feminismen har mykje av skulda for dette vanføret vi er i i dag, der folk blir villreia til å tru at det finst fleire kjønn enn to, og at transkvinner er like mykje kvinner som biologiske kvinner; det blir til og med hevda at menn kan bli gravide. Som Kiri skriv om feminismen:

«Mange tror at feminismen har rettet opp noe av situasjonen for kvinnene, men hvis vi retter et ærlig skråblikk mot feminismen vil vi finne at dette aldri var feminismens primære mål. Feminismen har skapt ‘militariserte’ og maskuline kvinner, som fører en sanseløs krig mot resten av kjernefamilien. Utad hevder feminismen at dens mål er å fremme kvinners rettigheter og muligheten til karrieremessig selvrealisering. Men det er en sannhet med store modifikasjoner. At denne bevegelsen har hatt katastrofale konsekvenser for parforhold mellom menn og kvinner, kan man skjønne bare ved å se på skilsmissestatistikkene. Antall skilsmisser har gått gjennom taket, og kjernefamilier splittes i et tempo vi aldri før har vært vitne til.»

Det er viktigare enn nokosinne at vi har sterke, handlekraftige menn med integritet, som i Kiri sine ord kan fungere «både som et beskyttende skjold mot maktovergrep og som hjelpere ovenfor kvinner, barn og eldre». Etter mitt syn er dette spesielt relevant i dagens «pandemi-panikk-verd» av massedanningspsykose, totalitarisme og statlege overgrep mot menneske sine ibuande, umisselege rettar. Som Kiri skriv, går sjølvtillit hand i hand med «ansvarsfølelse, initiativ, lederskap, forpliktelse, oppfølging, problemløsning, eierskap, målrettethet, dynamikk, styrke, fokus, farskap, generøsitet, matriell [sic] overflod og evne til forsørgelse». Dette er ikkje ei beskjeden liste. Dette er naturlege følgjer av å ha sjølvtillit, og difor er dette trekket det i menn som damer finn mest attraktivt.

For å sitere Kiri som avsluttande ord:

«Hvis vi kvinner ønsker å bli behandlet som dronninger, […] må vi også behandle mannfolka våre som konger.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s