Av Arsenio Toledo, Natural News, 27.april 2022. Omsett av saksyndig.
Ei gruppe intensivsjukepleiarar i Utah har prøvd å dekkje over det faktum at ein av pasientane deira som er fullvaksinerte mot Wuhan-koronaviruset (Covid-19) hostar opp fibrøse klumpar frå ei av lungene hans.
Dette skjedde ifølgje dr. Jane Ruby, som snakka om hendinga på 25.april-episoden av programmet sitt «Dr. Jane Ruby Show» på Stew Peters-nettverket. Ruby fekk informasjonen frå «Tracy», eit individ frå hennar Telegram-kanal som indikerte at ho var sjukepleiar på eit sjukehus i Utah.
Ifølgje Tracy delte ein av kollegaene hennar eit fotografi med ho at ein fibrøs-liknande klump som vart hosta opp av ein 32 år gammal pasient i akuttmottaket på sjukehuset. Pasienten, ein elles frisk mann, er fullvaksinert.
Ruby gjorde si plikt som forskar og gjorde undersøkingar rundt Tracy og informasjonen ho gav ho. Ho kom til konklusjonen at informasjonen var sannferdig.
Etter vidare utspørjing fann Ruby òg ut at sjukepleiarane som hadde ansvaret for pasienten fyrst avfeia tilfellet sitt fordi dei påstod at klumpane/proppane kom av bruken hans av elektroniske sigarettar.
«Eg har aldri sett noko slikt som dette før relatert til e-sigarettrøying,» kommenterte Ruby, som sjølv er ein veteran innan medisinsk praksis. «No kan det vere tilfelle, men eg har berre aldri sett det, og du skulle tru at e-sigarettrøykjande pasientar vart innlagde og hosta opp eller pressa ut slike klumpar som dette [heile tida].»
Biletet som ho fekk tilsendt av sjukepleiar-varslaren likna ifølgje Ruby på dei kvite, fibrøse klumpane/proppane som vart trekte ut av pasientar som døydde på grunn av Covid-19-vaksinekomplikasjonar.
Lika til fullvaksinerte har dei same fibrøse klumpane
Desse fibrøse klumpane som vart trekte ut av døde kroppar vart fyrst oppdaga av Richard Hirschman, ein sertifisert balsamerar med meir enn 20 års erfaring i å handtere lik.
Ifølgje Hirschman byrja han fyrst å leggje merke til rare fibrøse blodproppar i 2021. Innan januar i år fann han desse same fibrøse blodproppane i rundt 65% av lika til fullvaksinerte individ.
I eit intervju med Ruby tilbake i januar [2022], skildra Hirschman desse fibrøse proppane som noko som fylde blodårene i lika og gjorde det vanskeleg for han å gjere ein skikkeleg jobb.
«Når eg balsamerer, må eg gå inn via vena. Og for [å fullføre] balsameringsprosessen, må eg late blodet renne ut. So eg trekte faktisk ut denne enorme, lange blodproppen – fibrøse proppen – ut før balsameringa,» sa Hirschman.
«Typisk er ein blodpropp glatt. Det er blod som har koagulert. Men når du pressar den, eller rører den eller prøver å plukke den opp, fell den som regel saman. Du kan nesten skvise den mellom fingrane dine og få den til å bli blod igjen. Men dette kvite, fibrøse stoffet er sterkt. Det er ikkje svakt i det heile. Du kan manipulere det, det er svært formeleg. Det er ikkje hardt; det er ikkje normalt. Eg skjøner ikkje korleis nokon kan leve med noko slikt som dette inni seg.»
Fyrste gong Hirschman såg ein av desse proppane, var den frå eit fullvaksinert individ som fekk Covid-19 likevel. Individet måtte leggjast inn på sjukehus, og vart seinare skriven ut nokre dagar seinare etter å ha testa negativt. Personen døydde få dagar seinare «truleg fordi han var full i blodproppar,» kommenterte Hirschman.
Hirschman konsulterte med kollegaene sine og fann ut at dei har sett alle desse formene for fibrøse proppar, men at dei hadde valt å teie. «Eg håper at fleire menneske står fram i mitt felt,» sa han.
Den omtalte «Dr. Jane Ruby Show»-episoden kan sjåast her.