Av Martin Armstrong, Armstrong Economics, 28.april 2022. Omsett av saksyndig.
Yuval Noah Harari, ein sjølv-titulert historikar og ein av Schwabs mest høgrøysta talspersonar, trur at vi vil sjå framveksten av den «ubrukelege klassen». Harari la merke til korleis folk under den industrielle revolusjonen gjekk frå å arbeide på garden til å arbeide i ein bilfabrikk. Han skildra det som å gå frå ein enkel manuell jobb til ein annan enkel manuell jobb.
Sidan automatisering leiar den nye verda, er framtidige jobbforhåpningar om 20 til 30 år ukjende. Harari meiner det er umogleg å vete kva ein skal lære barn i dag for å gjere dei til produktive borgarar i framtida. Det vil vere «ein ny massiv, ubrukeleg klasse som har inga militær eller økonomisk nytte, og difor inga politisk makt,» slo han fast. Dette er nok eit dytt mot World Economic Forum sitt mål om statleg kontroll – du treng oss, men vi treng ikkje deg.
Historia fortel oss at landbruk so visst ikkje er ein enkel profesjon. Sjå på kva som skjedde då Mao tok livet av alle bøndene i Kina. Ein låglønt profesjon tydar ikkje at den krev lite evne. Samfunnet vårt kunne ikkje ha fungert utan bønder eller mekanikarar. I tillegg tek han ikkje med i reknestykket venleiken av kreativ øydelegging teke frå Schumpeter. Murstein og mortar-butikkane kan vere borte om 20 år, men nye stillingar vil oppstå, og folk vil utvikle evner og tilpasse seg dei rollene. Når det gjeld utdanning, kan skular byrje med å lære barna å tenkje sjølvstendig og stille spørsmålsteikn ved alt (ikkje kjønnet sitt). Å påstå at tallause menneske vil vere utan arbeid, «ubrukelege» for samfunnet, opnar døra til at statlege trygdeytingsprogram blir vanlege.
Eg kan ikkje hjelpe for at eg blir mint om Hitlers klassifiserte «ubrukelege etarar» («useless eaters»). Som dei i WEF, meinte Hitler at der fanst ein menneskeklasse i samfunnet som berre konsumerte utan å bidra. Dei håpte at dei ville kunne leve på statleg bistand – i staden drap han dei. Alle alarmbjøller bør gå hjå deg når eit globalt byrå byrjar å referere til delar av befolkninga som «ubrukelege».
Kommentar frå saksyndig: Kor mange i samfunnet er eigentleg heilt ubrukelege? Dei som treng tenester frå det offentlege, skaper jobbar, og er dermed å sjå på som nyttige, sjølv om dei ikkje aktivt bidreg til samfunnet sjølv. Å fjerne slike personar frå samfunnet vil òg fjerne jobbane som er tilknytt desse tenestene. Resultatet blir at store grupper menneske i samfunnet må «utvikle evner og tilpasse seg nye roller». Vil då dei som ikkje klarer å tilpasse seg dei stadige omveltningane i karrieren falle utanfor og møte den sikre død i form av å vere «ubrukelege» og dermed eit mål for den drapslystne eugenikk-eliten?