Av Arsenio Toledo, Natural News, 28.april 2022. Omsett av saksyndig.
Russlands president Vladimir Putin har åtvara USA mot å gripe inn i krigen i Ukraina, og hevdar at Russland vil respondere «lynraskt» om USA gjer det.
I ein tale til russiske lovgjevarar i St. Petersburg kom Putin med denne trugselen på same tidspunkt som Russland hevda onsdag 27.april å ha utført eit missil-åtak i sørlege Ukraina som hadde som mål «eit stort parti» med våpen gjeve til landet av vestlege nasjonar.
«Dersom nokon set seg ut for å gripe inn i dei pågåande hendingane frå utsida og skape uakseptable strategiske trugslar for Russland som er uakseptable for oss, burde dei vete at våre gjengjeldingsåtak vil vere lynraske,» sa Putin. «Vi har alle verktøya for dette, som ingen andre kan skryte av å ha no. Vi vil bruke dei om naudsynt. Og eg vil at alle skal vete det. Vi har teke ei avgjerd om dette.»
Putins skjulte trugsel om å bruke verktøy som «ingen andre kan skryte av å ha no» er akseptert å implisitt referere til Russlands arsenal av konvensjonelle ballistiske missil og atom-stridshovud.
Den russiske leiaren var ikkje spesifikk om kva slags våpen han vil vere viljug til å bruke, men ein skal merkje seg at han nyleg hadde oppsyn over den vellykka testen av RS-28 Sarmat, eit supertungt, interkontinentalt ballistisk missil som er i stand til å bere opptil 10 atom-stridshovud. Russland er forventa å ta i bruk dette våpenet snart.
Putin: Russisk invasjon av Ukraina er USA og NATO si skuld
Putin lovde å fullføre den russiske invasjonen av Ukraina ved å ta dei territoria som er kracde av dei pro-russiske separatist-republikkane Donetsk og Luhansk og ved å sikre seg tryggleiken av russisk-okkuperte Krim og sjølve Russland.
Han gjentok òg påstanden hans om at krigen som no er undervegs i Ukraina vart sett i gang av USA, NATO og deira allierte i den vestlege verda.
«Landa som historisk har prøvd å takle Russland treng ikkje eit sjølvberga, massivt land som vårt,» sa Putin. «Dei trur det er farleg for dei berre fordi det eksisterer. Men det er langt frå sanninga. Det er dei som trugar heile verda.»
Putin heldt fram med å påstå at invasjonen av Ukraina har allereie oppnådd enkelte av måla. Dei russiske væpna styrkane var allereie i stand til å nøytralisere «ein verkeleg fare for… ei større konflikt som ville ha utfalda seg på vårt territorium ifølgje manusa til andre menneske,» sa han.
Han forklarte at NATO planla å bruke Ukraina som ei rute til å invadere Russland via den separatist-haldne Donbas-regionen i det austlege Ukraina og Krim-halvøya, som er internasjonalt anerkjent som del av Ukraina, men som Russland har okkupert sidan 2014.
«Alle oppgåvene relatert til spesial-militæroperasjonen som vi utfører i Donbas og Ukraina, igangsett 24.februar, vil utan tvil bli fullbyrda for å garantere, frå eit historisk perspektiv, tryggleiken til innbyggjarane i Donetsk og Folkerepublikken Luhansk, russiske Krim og heile landet vårt,» sa Putin.
Den russiske leiaren la til at vestlege forsøk på å «økonomisk kvele Russland» gjennom ekstreme sanksjonar har mislykkast. Han kalla desse forsøka på å sanksjonere mot russiske varer «primitivt» og «klønete» og lovde at den russiske økonomien ville flytte si merksemd til vennlege nasjonar og investorar som er viljuge til å arbeide med landet.
«Som eg allereie har sagt, vil vi respondere til uforskamma, ofte klønete, eksterne restriksjonar, til øydelegginga av alle siviliserte rettar og avtalar, til forsøk på å isolere oss, med større entreprise-fridom, openheit til ærleg partnarskap, respekt og påliteleg vern av eigarar og samvitsfulle investorar,» sa han.