Det aktive versus det passive mennesket: Ayn Rand er høgaktuell i dagens samfunn

27.april 2022 publiserte Document eit innlegg frå 1940-talet av ingen ringare enn Ayn Rand, objektivismen si mor. Den avdøde russisk-amerikanske forfattaren og filosofen er mest kjent for den over tusen sider lange romanen Atlas Shrugged («De som beveger verden» på norsk), som handlar om eit heller dystopisk USA der gründerane og forretningsmennene (dei som bevegar verda) har fått nok av at den talentlause staten kynisk utnyttar dei og stel frå dei som ein slags Robin Hood – dei har bokstavleg tala forsvunne og danna eit parallellsamfunn. Desse aktive menneska såg rikdommen sin, resultatet av sitt harde, målretta arbeid, forsvinne og hamne i nevane på «den ubrukelege klassen», dei passive menneska.

Individualisme og fridom står sterkt i objektivismen, og med desse to følgjer òg ei nådelaus ansvarleggjering. Du står fritt til å skape eit firma, men det er ditt ansvar om ting går gale. Staten skal ikkje vere der og redde deg frå konkurs, og heller ikkje sy puter under armane dine. Dette er den politiske etterlikninga av naturtilstanden, forholdet dyr har mellom seg. Om eit dyr brekk beinet i skogen, kjem ikkje Staten og reddar det – då døyr det. Kampen for overleving og survival of the fittest. For å parafrasere eit av Ayn Rand sine sitat: Om ein forretningsmann gjer ein feil, går det utover han sjølv. Om ein byråkrat gjer ein feil, går det utover deg.

I dagens samfunn ser ansvarleggjering diverre ut til å glimre med sitt fråvær, iallfall når det gjeld det å klare seg sjølv. Frå Ayn Rand sin objektivisme er det ikkje lange vegen til konsept som «ubrukelege etarar» («useless eaters»), som Klaus Schwab sin rådgjevar Yuval Noah Harari har drive og sådd frø om i ein del år i sine talar på World Economic Forum sine arrangement. Han og hans likesinna i Schwab sitt oppdrettsanlegg for framtidas leiarar (les: hjernevaska bøller med eit usunt kontrollbehov) meiner at denne ubrukelege klassen helst bør takast live av før dei utarmar heile verda for ressursar. Om denne vondsinna gjengen kan gjere dette midt på høglyse dag, hadde dei gjort det på flekken. I staden går dei langt meir diskret til verks, men ikkje utan at dei skarpaste av oss legg merke til det.

Faktisk er det eit sunnheitsteikn at nettaviser som Document løftar Ayn Rand sine gamle tekstar fram i dagen, for dei er like høgaktuelle i dag som dei var for seksti-sytti år sidan. Berre følgjande sitat frå teksten får meg til å nikke i gjenkjenning:

«Det passive menneske finnes på alle nivåer, i herskapshus og i slummen og dets kjennetegn er frykt for uavhengighet. Det er en parasitt som forventer å bli ivaretatt av andre, som ønsker direktiver, å adlyde, å underkaste seg, å bli regulert, å bli fortalt. Det gleder seg over kollektivismen som eliminerer mulighetene for at det må tenke eller handle på eget initiativ.»

Som lesaren Freedooooom skriv i kommentarfeltet til artikkelen, er dette nordmenn i eit nøtteskal. Eg er einig. Denne infantile underkastinga såg eg krystallklart under «pandemien», der folk følgde uvitskaplege retningslinjer utan å mukke, og der vi som stilte kritiske spørsmål nærast vart sett på som landssvikarar.

Noreg har eit av verdas mest utbygde velferdssystem, der Staten evnar å ta hand om deg frå vogge til grav. Dette er fyrst og fremst til hjelp for dei som fullstendig manglar arbeidsevne på grunn av alvorleg sjukdom; utan denne hjelpa ville dei jo døy. Det er diverre òg ein måte for folk å sleppe unna ærleg arbeid ved å hevde å ha den same mangelen på arbeidsevne. Systemet er so godt at det er uunngåeleg at nokon vil prøve å utnytte det. Slike menneske har gjort seg sjølv ubrukelege av eigen vilje, medan dei som er reelt sjuke tragisk nok ikkje hadde noko val. Hadde dei hatt evna til å velje vekk sjukdommen sin, hadde dei jo gjort det og bidrege til samfunnet nett som sine meir aktive motstykke.

Der finst nok ikkje ein kur for latskap og manglande skamkjensle: parasittar har ikkje slike moralske betenkjelegheiter der dei snyltar på fellesskapet og ikkje gjer eit handverk sjølv. Om slike menneske «forsvann» frå den eine dagen til den neste, ville nok ikkje samfunnet ha lide nemneverdige tap. Diverre skil ikkje psykopatane i World Economic Forum mellom dei som går på trygd fordi dei ikkje gidd å jobbe, og dei som går på trygd fordi dei faktisk er kronisk sjuke eller handikappa. I WEF sine auge er dei alle parasittar – ubrukelege etarar som må døy.

Som Ayn Rand heilt korrekt skriv, er det aktive menneske som driv verda framover. Dei har ikkje berre evna til å arbeide hardt og målretta – arbeide hardt kan òg ei vaskedame, ein butikkmedarbeidar eller ein helsefagarbeidar – men dei har i tillegg visjonar og evna til å trekkje samanhengar og dra konklusjonar, og slik briljans er det som skil dei ut frå mengda. Dei blir fødd inn i «saueflokken» og forsøkt indoktrinert med velferdspropaganda frå «o allmektige Moder Staten», men dei skjøner fort at skal dei handle i tråd med sin eigen natur, må dei bryte ut av flokken og søkje lykka på eiga hand. Akkurat som barnet til slutt flyttar heimanfrå, vekk frå foreldra sin tryggleik og omsorg, føler slike individ at dei må vekk frå Staten sin «tryggleik» og «omsorg». For kor trygg er ein eigentleg når Staten over natta kan innføre naudlover og retningslinjer som tek frå deg fridommen til å skape di eiga inntekt og framtid?

Det mest sentrale problemet med Staten, slik som Rand skildrar den i «De som beveger verden»/Atlas Shrugged, er at det vart stadig færre aktive menneske og stadig fleire passive. Det hadde som konsekvens at dei som framleis var i arbeid, måtte jobbe endå hardare for å gje mat på bordet til dei som «fall utanfor» arbeidslivet. Til slutt kom dei uunngåeleg til eit punkt der dei ikkje kunne eller ville jobbe meir for å støtte ei slik «parasittisk» ordning (mine ord, ikkje Rand sine). Kvifor skulle dei jobbe ræva av seg når heile lønna forsvann i skattar og avgifter for å finansiere eit trygdesystem som oppmuntra til å sitje heime og ta imot pengar for å gjere ingenting? Romanen kom ut i 1957, men kunne like gjerne oppsummere dagens situasjon. I USA er det til dømes enorme utfordringar for arbeidsgjevarar å hyre tilsette – dei generøse Covid-«stimulus»-ytingane har gjort det meir lønsamt for folk å ikkje vere i arbeid. Der finst jobbar, men ingen vil ha dei. Dei får jo meir pengar for å sitje heime!

Det same problemet ser eg på min eigen arbeidsstad. Sjukefråværet er det verste eg har sett i mine 16 år i den norske helsesektoren. Dei siste to vekene har vi jobba med redusert bemanning so å seie alle dagvakter på vekedagane; bemanningsplanen krev tre tilsette per avdeling per dagvakt, men vi er berre to fordi ein kollega «har ringt seg sjuk». Dei tilsette er vekke frå jobb, men eg tviler på om dei faktisk er sjuke. Det norske arbeidslivet praktiserer ikkje karens-ordning (reduksjon i løn dei fyrste dagane av eit sjukefråvær), so dei får jo like mykje betalt for å sitje heime. Kvifor skal dei då gidde å kome på jobb for å slite seg ut? Denne skulkinga fører til meirarbeid for dei som faktisk respekterer arbeidsgjevar nok til å kome på jobb – då må vi jo jobbe hardare for å få unna dagens oppgåver. I utgangspunktet aktive menneske har gjennom plandemien blitt meir og meir passive, og det er nok det som er meininga. Totalitære retningslinjer som appellerer til «dugnadsånda» og «ein innsats for kollektivet» har helt sand i det velsmurde arbeidsmaskineriet og gjort at fleire og fleire har valt å bli passive menneske som lever på Statens nåde. Kor lenge slike får leve, vil tida vise.

Eg fryktar at det berre er eit tidsspørsmål før tilstanden i Ayn Rand sin berømte roman blir verkeleg. Om det ikkje alt har skjedd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s