Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.
Den pensjonerte sveitsiske obersten Jacques Baud har skrive ein lengre artikkel der han måla reit fullstendig annleis bilete av krigen i Ukraia enn det som blir framvist i vestlege media. Den tidlegare NATO-analytikaren hjelpte Ukraina med å byggje opp hæren sin i fleire år.
Baud skreiv at dei sokalla russisk-støtta separatistane i Donbass aldri vart støtta på nokon måte av Russland i løpet av dei siste åtte åra. Etter Maidan-kuppet i 2014, vart den russisk-talande delen av befolkninga – sivile – angripne av ukrainske soldatar. I byar som Odessa, Mariupol, Luhansk og Donetsk vart det utført massakrar av dei. Sidan då har det rast ein borgarkrig i landet.
Baud arbeidde som ein hær-analytikar for NATO i 2014 då teamet hans oppdaga at våpena til rebellane ikkje kom frå Russland, men frå russisk-talande avhopparar frå dei ukrainske væpna styrkane.
Korleis visste han dette?
Der fann stad ei masseutvandring, og etter det måtte Baud hjelpte til med å byggje opp igjen imaget til den ukrainske hæren. Dette viste seg å vere ein lang og strevsam prosess. I prosessen vart det danna ekstremistiske paramilitære militsar, inkludert Azov-bataljonen.
I 2020 utgjorde desse militsane 40% av den ukrainske hæren, sa Baud. Han skildrar medlemmane som vondsinna fanatikarar. Dei vart finansierte, trena og væpna av USA, Storbritannia, Canada og Frankrike.
Baud peikte vidare ut av president Zelensky i fjor annonserte at han hadde som intensjon å ta Krim-halvrøya, og han sendte troppane sine for å fullføre oppgåva. I februar byrja den ukrainske hæren å bombe Donbass i stor skala.
Den tidlegare obersten la til at USA sin president Biden annonserte 17.februar at Russland ville gå til åtak på Ukraina innan få dagar. Korleis visste Biden dette? Sidan 16.februar har den sivile befolkninga i Donbass blitt massivt bombardert av den ukrainske hæren. EU, media, NATO og vestlege styresmakter var musestille om desse hendingane.
Tre grunnar
Det verkar som om EU og vestlege land var stille med vilje om massakren i Donbass fordi dei visste at det ville provosere fram ein russisk respons, sa den tidlegare NATO-analytikaren.
Han peikte òg ut at i januar vart polsk-talande sabotørar med vestleg utstyr fanga i Donbass. Dei hadde vilja forårsake hendingar med kjemiske substansar i Gorlovka. Baud sa at Joe Biden visste at massebombingane og sabotasjehandlingane ville føre til ein russisk invasjon.
Ifølgje han er det tre grunnar for denne krigen: ekspansjonen av NATO, det at Vesten nektar å implementere Minsk-avtalane, og storskala-åtaka på den sivile befolkninga i Donbass dei siste åtte åra.
Vestlege våpen for Ukraina finn vegen tilbake til EU
Store mengder våpen blir for tida frakta inn i Ukraina av Vesten, men desse kan finne vegen tilbake til sine opphavsland.
Ei diger mengd småvåpen og småammunisjon, antitank-våpen og handhaldne anti-luftsystem utgjer no ein alvorleg, langsiktig fare for EU og resten av verda, sidan desse får plass i bagasjerommet på ein bil, og kan lett bli smugla over grenser.
Gjengar i Sverige, Nederland og Tyskland veit truleg òg allereie so mykje.
På same måte som tidlegare USA-president Barack Obama gav makt til terrorist-nettverk i Syria, ved å skildre IS-kjemparar der som «moderate rebellar» og væpne dei, kan religiøse fanatikarar i EU dra nytte av desse våpena. Ukraina har rykte for å vere ein av verdas mest aktive forsynarar av ulovlege småvåpen.
Ifølgje militær-analytikar Larry Johnson, har franske gendarmes rapportert at småvåpen og overflate-luftmissil allereie har teke vegen via svartebørsen frå Ukraina til Frankrike. Frankrike er òg ei etnisk kruttønne som ventar å ta fyr.
CAI set essensielt opp eit nytt al-Qaida i Europa. «Eg kunne ikkje fortelje dykk kor dei er i Ukraina og kor vidt ukrainarane bruker dei på dette tidspunktet,» sa ein senior-forsvarstenestemann til reporterar sist veke. «Dei fortel oss ikkje om kvar kule med ammunisjon dei fyrer av mot kven og når. Vi vil kanskje aldri få vete i nøyaktig kva grad dei bruker Switchblades [ein type missil; oms.an.].»
Faktisk har det amerikanske forsvarsdepartementet inga aning om kven som mottek våpena, ifølgje Pentagon sin pressesekretær John Kirby.
[…] ________________________________________________Innlegget er henta fra Saksyndig________________________________________________ […]
LikarLikar
[…] ________________________________________________Innlegget er henta fra Saksyndig________________________________________________ […]
LikarLikar