Av Henry Makow. Opphavleg publisert på nettstaden hans 27.februar 2015. Omsett av saksyndig.
Livet mitt var dysfunksjonelt fram til fylte 50, delvis fordi eg aksepterte dei feministiske antakelsane som massemedia prakka på oss.
Eg førestilte meg aldri at det kommunistiske sentralbankkartellet destabiliserer samfunnet ved å øydeleggje heteroseksuelle roller. Dette hatåtaket på den tradisjonelle familien held fram i uforminska styrke i dag. Føremålet er å underminere motstand mot ein totalitær Ny verdsorden forkledd som ein permanent pandemi [dette var skrive i 2015; oms.komm.].
Som millionar av menn vart eg «sleppt av kroken» av seksuell frigjering og feminisme. I staden for å bli ektemann og far, var eg fri til å ha sex og leite etter «identiteten» min.
Sex og identitet vart ofte forveksla med kvarandre. Eg forstod ikkje at menn blir modne og finn meining ved å ta på seg ansvaret til ekteskap og familie.
Som eit resultat leid eg av forseinka utvikling (umodenheit) og gjekk glipp av sjansen min til å stifte familie.
Det som følgjer er ei motgift til den kommunist-feministiske propagandaen. Eg ønskjer ikkje at unge menn skal gjere dei same feila som eg sjølv gjorde.
- Å skape ein sterk og elskande familie er kanskje det største målet ein mann kan setje seg. Dette er den naturlege prosessen der menn (og kvinner) veks i løpet av eit liv. Dette er korleis vi finn kjærleik og intimitet. Det passar ikkje for alle, men for dei fleste er dette vegen til lykke.
- Slutt å høyre på media, dei som er på same nivå som deg eller foreldra dine. «Stol på deg sjølv», seier [Ralph Waldo] Emerson i Self Reliance (1841). «Den som vil vere ein mann, må vere ein ikkje-konformist». Kva fortel instinkta dine deg? Til dømes visste eg alltid at eg ønskte å styre min eigen klan, men feminisme forbaud dette. Lyd instinkta dine. Tru på deg sjølv. Ingen trur på nokon som ikkje trur på seg sjølv.
- Gjer arbeid (ikkje kvinner) til din lidenskap. Arbeid er ryggrada til ein mann. Men får sjølvtillit av å gjere ei oppgåve godt, og av å få belønning og anerkjenning. Kvinner kan prøve å kome mellom ein mann og arbeidet, men ikkje lat dei gjere det. Ikkje lat nokon eller noko stå i vegen for gåva di. Kvinner respekterer ikkje menn som gjerd ei til sin overordna prioritet. Arbeidet vil halde deg på riktig kurs og hjelpe deg med å unngå freisting.
- Ikkje forveksle seksuell tiltrekning med kjærleik. Samfunnet vårt gjer kvinneleg kjærleik og sex om til ein falsk religion for å distrahere oss. Sex og venleik blir raskt keisamt. Magien tek slut. Ikkje gift deg med nokon basert på seksuell forelsking. Ekte kjærleik utviklar seg over lang tid og er basert på gjensidig avhengigheit, tillit og omsorg.
- Ikkje plassér vakre kvinner på ein pidestall. Det finst ikkje noko samsvar mellom utsjånaden til ei kvinne og karakteren hennar. Vakre kvinner har sine feil nett som alle andre. Der er mykje meir styr med dei på grunn av kjensla deira av å vere berettiga til alt.
- Aldri vis svakheit. Under kurtisering, aldri framstå som ivrig. Kvinner tolkar dette som svakheit. Hald på verdigheita. Ingenting gjev ho respekt for deg raskare enn avvisning. Menn trur dei vil bli elska for sine eminente kvalitetar. Dette er ikkje tilfelle. Kvinner er fokuserte på seg sjølve. Dei ser etter menn som vil få dei til å kjenne seg trygge. Dei ønskjer menn som oser sjølvtillit. Dersom du er usikker, finn ei kvinne som har lågare sjølvbilete enn deg sjølv. Den beste måten å imponere ei kvinne på er å ikkje forsøke. Dei er feilvarer. Lær deg å kjenne dei som det.
- Den beste måten å overvinne sexavhengigheit er å gifte seg. Sex utan kjærleik er fornedrande og umenneskeleggjerande. Seksuell frigjering er å ikkje ville ha sex (fordi du har det). Sex blir brukt til å manipulere oss. Folk ville ikkje ha vore seksuelt frustrerte om dei vart gifte i ung alder slik dei gjorde på 1950-talet og stifta familiar. Kvinner burde gifte seg og få ungar før dei byrjar på universitetet; menn etter at dei byrjar karrierane sine.
- Ikkje gift deg med ei kvinne som ikkje gjer deg og familien sin om til sin fyrsteprioritet. Har du lyst å dele kona di med sjefen hennar? Dersom du har eit mål i livet ditt, kvifor skal du gifte deg med nokon som ikkje støttar det? Eller som har ein konkurrerande agenda? På kjærleikens marknadsplass har menn makta. Fruktbarheita vår varer tre gonger lenger enn deira. Vi er kjøparane. Der finst massevis av fine kvinner, spesielt om vi ser til utlandet.
- Ekte kvinner er altruistiske. Dei set ektemannen og barna føre seg sjølve. Dette er korleis kvinner viser kjærleik: ved å overgje seg sjølv. Inngå dei fire K-ane: Kvinner som konkurrerer, kontrollerer, kritiserer eller klagar. Unngå kvinner som er overytarar eller nevrotiske. Ikkje bli besette av uoppnåelege kvinner. Dei er ikkje so spesielle som dei trur. Vel ei kone som komplementerer deg og er ein god følgjesvein. Ikkje sjå etter ditt «kvinnelege motstykke» (du ser etter deg sjølv). Vel ei som har kvalitetar som du manglar, og som vil bli ei god mor.
- Å vere eigesjuk er naturleg. Ein mann ønskjer å eige ei kvinne. Kvinner ønskjer å bli eigd. I kjærleikshandlinga «eig» ein mann ei kvinne. Total kjærleik er lik total eigarskap. Dette er ikkje det same som dominans. Det er ein partnarskap basert på gjensidig tillit og respekt. Kona mi deler ikkje mitt politiske syn eller les nettsida mi.
- Frøa dine (sæd) er den unike ånda og essensen din. Ville du ha betrudd den til ei vulgær eller middelmåtig kvinne berre fordi ho er attraktiv? Ideelt ville vi berre ha sex med ei kvinne vi vil ha som mor for barna våre. Dette er grunnen til at sex var reservert for ekteskap.
- Barn representerer den organiske veksten din. Dei er ei forlenging av deg sjølv. Media held oss for narr. Kor ofte ser vi barn framstilt i eit positivt lys? Som dei englane dei ofte er? Vi er rike i proporsjon til tinga vi elskar. Den høgste kjærleiken er mellom ektemann og kone, og foreldre og barn.
- Ikkje kast vekk tida på å «leite etter Gud». Vi finn Gud ved å tene og lyde Han. Gud snakkar gjennom kjensla vår av gale og riktig, og ideal for absolutt sanning, rettferd og kjærleik. Vi er ikkje menn om vi nektar å ofre «sjølva» våre til Gud (altso lyde). Sanning er frigjerande sjølv om sanninga handlar om vår noverande fangenskap.
- Du er ikkje stemma i hovudet ditt. Vi bur saman med ein ape. Ikkje lat deg setje ut av kor stygge og vulgære tankane hans ofte er. Dei er ikkje deg. Du er ein gnist av guddomleg medvit som bur i kroppen til ein utvikla ape. Jobben din er å trene opp apen ved å trene opp det delte sinnet.
Noko av dette var vanleg kunnskap då eg var eit barn på 1950-talet. I løpet av åra har Illuminati gradvis underminert den naturlege ordenen ved å fremje homofili som inkluderer seksuell frigjering og lesbiskheit under dekket av feminisme.
Eit etablissement som sår frykt og forvirring mellom kjønna, og som fremjar promiskuitet og samanbrot av familien handlar ikkje i samsvar med interessene dine.
Mange av våre feministiske politiske, kulturelle og økonomiske «leiarar» er moralske horer, lettlurte fjols, forrædarar og verre. Vi motstår dei ved å byggje sterke, friske familiar og ved å gje barna våre sunne verdiar.