«Trygge og effektive»? Mann lid av nerveskade etter Covid-vaksine: «Eg vaknar i sterke smerter kvar morgon!»

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein ung australsk mann og DJ som vart råka av alvorlege nerveskadar etter å ha teke Covid-19-vaksinen har delt si hjarteskjerande historie, som inkluderer ei åtvaring til alle som lyttar: Ikkje ta sprøyta.

«Det australske helsesystemet har svike meg og driv no aktiv øydelegging av retten til å velje behandling og lege-pasient-forholdet – og det som er urovekkjande er at dei no er ute etter deg òg,» skriv låtskrivar Tyson Illingworth, og presiserer at han tok Moderna-vaksinen.

Etter å ha forklart at han har vore involvert i musikkindustrien i nesten tjue år og er ein veletablert aktør, forklarte 35-åringen at han aldri trudde at han ville bli kontakta mest for å dele erfaringane sine med vaksinen.

«Musikk er ein av dei viktigaste og kraftigaste tinga i livet mitt, og eg er evig takksam for at eg fekk leve draumen min. eg vaknar opp kvar dag og er opprømt over å skape musikk for mine millionar av fans og klientar rundt om i verda,» skreiv Illingworth.

«Aldri i mine villaste draumar (eller meir presist mine mareritt) forventa eg at eg ville finne meg sjølv der eg er i dag: i staden for å reise på turnear og bli intervjua i samband med min nyaste spelejobb, song eller album, mottek eg daglege medieinvitasjonar for å snakke om kampen min for å tilbakevinne helsa etter å ha blitt skadd og lamma av Moderna-vaksinen,» la han til.

Han sa deretter at han er «pro-vitskap», og at han trur på evidensbasert forsking, data og medisin, og at han av den grunn med glede tok vaksinen fordi han vart fortalt – og trudde på – at det var det rette å gjere.

«Eg hadde klokkartru på leiarskapen i landet mitt (Australia) og det medisinske systemet – det vil seie, heilt til eg vart råka av ein alvorleg biverknad som gjorde meg hjelpelaus, lamma og med inga hjelp frå legane eller regjeringa mi,» skriv han.

Han skreiv deretter at han etter å ha levd i California i ti år, flytta tilbake til heimlandet i 2021, i stor grad på grunn av at Demokratane stengde fullstendig ned mykje av økonomien i delstaten.

«I oktober same år fekk eg min fyrste vaksinasjon. Nokre dagar etter byrja eg å føle alvorleg og uuthaldelege smerteilingar og lammingar i hendene og føtene. Eg tok kontakt med ein globalt velrespektert ryggmergskirurg for råd, og svaret hans skremde meg meir enn noko anna tidlegare: ‘Dette kan berre vere evidens på ein katastrofal nevrologisk svikt,’» skreiv Illingworth vidare, og la til:

«Kort etter vart eg sendt av garde til sjukehus der eg tilbragte to veker. Eg var vantru og vart deprimert fordi eg ikkje trudde at vaksinen kunne gjere dette mot meg, spesielt når vi alle vart fortalde at den var trygg og effektiv, og at dersom vi fekk reaksjonar, ville dei vere milde. Som om ikkje dette var nok, var eg på sjukehuset under behandling av ein svært ufin og avvisande nevrolog som gjentekne gonger fortalde meg: ‘Det er høgst usannsynleg at dette er forårsaka av vaksinen.’

Tilstanden min vart verre over tid; eg spurde legane på sjukehuset om eg nokosinne ville kunne gå ‘skikkeleg’ igjen, og dei kunne ikkje gje meg eit svar, fordi dei òg var perplekse. Det var ei surrealistisk og einsam oppleving å lære seg å gå igjen, eg hadde ingen eg kunne vende meg til som kunne forstå meg og gje meg svar.»

Deretter gjekk ting verkeleg ille.

Før han vart utskriven frå sjukehuset, insisterte nevrologen på at Illingworth tok ein andre dose, og påstod: «Dersom du ikkje tek andredosen, vil den fyrste vere overflødig.»

Men etter å ha teke den andre sprøyta berre ein månad etter den fyrste, la Illingworth merke til at tilstanden hans vart mykje verre, og gjorde han nesten lamma og gav han so alvorlege pustevanskar at han måtte ringje ambulanse. Og for å gjere ting verre, enda han opp med å få Covid likevel i januar 2022, noko som nesten drap han fordi, som han sa, han fekk lite hjelp frå legar og helsepersonell, som behandla han og alle andre på Covid-avdelinga som ein «biologisk fare».

«Eg veit ærleg tala ikkje korleis eg kom meg gjennom desse to vekene i isolasjon,» skreiv han. «Ved eit mirakel, eg er takksam for at eg overlevde; derimot, kombinasjonen av vaksineskadane mine og det å få Covid tok meg til ein mørk avgrunn i ein periode, og alt eg veit er dette; eg har no permanent degenerasjon av ryggmergen min. Eg vaknar i sterke smerter kvar morgon, og eg må ta store dosar smertestillande for å fungere skikkeleg.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s