Er kvinner eit pengesluk for samfunnet?

Ifølgje ein Document-artikkel av Erling Martinsen frå 12.februar 2021, kostar kvinner samfunnet i gjennomsnitt 15,6 millionar kroner: «Kombinert med eldrebølgen og masseinnvandring er det vanskelig å se hvordan Norge kan opprettholde en like raus velferdsstat i fremtiden.» Nettavisen skriv at ein mann til samanlikning kostar samfunnet 3,1 millionar kroner. Med andre ord kostar kvinner fem gonger so mykje som menn. Dei meiner det er to hovudgrunnar til denne enorme skilnaden: Kvinner jobbar mindre og betaler dermed mindre i skatt. Dei lever lenger, noko som gjer at dei nyttar helsevesen og sjukeheim i betydeleg større grad. «Dermed er inntektene mindre og utgiftene større», skriv Nettavisen.

I tillegg er kvinner 70% meir sjukemeldte enn menn, og dette kan ikkje forklarast ved hjelp av graviditet og barnefødslar. Påstanden er det NAV som kjem med, men artikkelen som Document linkar til, ser ut til å vere fjerna. Slike påstandar er ikkje so populære å kome med, kan det verke som.

Linken til nettsida Simployer eksisterer derimot framleis, og forsøket på forklaring på kvifor kvinner har so høgt sjukefråvær i forhold til menn, er at «kvinner generelt har dårligere helse enn menn», eller at arbeidsmiljøet har skulda. Dette var det professor Arnstein Mykletun som kom med på Sykefraværsdagen 2019. Han refererte til desse forklaringane som «hypotesar», som i grunnen ikkje er noko meir høgverdig enn kvalifisert gjetting. Ein annan hypotese professor Mykletun kom med, var den sokalla «dobbelarbeidshypotesen». Totalbelastninga blir større for kvinner enn for menn, fordi «kvinner har en ekstrabelastning gjennom mer ansvar i hjemmet». Denne hypotesen har ein ikkje kunne bevist. Det kan ha seg at kvinner gjer meir i heimen enn menn, men kvinner jobbar samstundes mindre i samfunnet, gjennom at fleire kvinner jobbar deltid enn menn.

Kan det òg vere ei ekstrabelastning at kvinner har eit «krav» om å sjå unge og pene ut?

Professoren trekte til slutt fram ein hypotese om at kvinner og menn har ulike haldningar og normer knytt til sjukefråvær. Menn har høgare terskel enn kvinner for å sjukemelde seg, og meinte samstundes at kvinner burde sjukemelde seg i situasjonar der menn ikkje alltid trong det: «Menn synes altså at kvinner trenger sykmelding når livet går imot, mens menn ikke trenger det.»

Eg jobbar sjølv i ein sokalla «kjerringsektor», der kvinner er i overveldande fleirtal. Sjukefråværet er skyhøgt, og bemanningssituasjonen til tider uforsvarleg. Mi personlege erfaring er at enkelte gjerne bruker eigenmelding ein gong for mykje enn ein gong for lite. Til og med noverande leiar, ei kvinne, antyda på førre personalmøte at somme hadde litt for låg terskel til å ringje seg sjuk. Forhold i heimen kan so absolutt verke inn på sjukefråværet, og når barna blir sjuke er det mora som blir heime med dei. Forhold på arbeidsplassen speler òg ei vesentleg rolle, ettersom det på alle dei kvinnedominerte arbeidsplassar eg har jobba, har utvikla seg kultur for intrigar, baksnakking, hersketeknikkar og sladder. Ein går bak ryggen på kollegaen og dannar «klikkar» og «konspirasjonseiningar». Om kjerringane slit seg ut på å lage drama og kvalme på arbeidsplassen, er det ikkje rart dei må ta seg ein «time-out» i form av eigenmelding eller sjukemelding. For å presisere er dette mine personlege tankar og erfaringar.

Ligg problemet på eit djupare plan? Er dette straffa for at ein heil generasjon husmødrer og heimeverande vart tvinga ut av heimane og ut i arbeidslivet? Halve arbeidsplassen stod ikkje akkurat tom før kjerringane kom der. Måtte ein plutseleg byrje å lage arbeidsplassar for å sysselsetje desse «raudstrømpene», som aggressivt forlanga jobb og inntekt? Når alle mødrene forlét heimen for å jobbe, måtte nokon ta seg av barna – og resultatet vart barnehagar, skulefritidsordning og liknande tiltak, som igjen skaffa arbeidsplassar til fleire kvinner som tydelegvis fann det under si verdigheit å vere husmor.

Ikkje alle kvinner ser ut til å makte dobbeltarbeidet som generasjonane før dei har skapt: Dei slit med å vere både mor og arbeidar, for begge delar krev sitt på kvar sin måte. Fødselstala går ned blant etnisk norske, og dette kan vere ein av grunnane. Tidlegare var arbeid i heimen ei viktig og anerkjent oppgåve, og ein må gå til særs gamle kvinner for å finne nokon som med stoltheit i bringa seier at dei var husmødrer. Berre det å setje til verda og oppdra ti-elleve ungar burde vere rekna som ein heltedåd. So fekk det heller våge seg at dei aldri vart helse- og omsorgssjefar, astronautar, bioingeniørar eller NAV-saksbehandlarar.

Rota til dette uføret ser ut til å vere feminismen, som har som agenda å øydeleggje familiestrukturen og gjere folk rotlause – fullstendig i tråd med deira beksvarte, anti-menneskelege agenda. Kvinner er ikkje laga for dette umenneskelege hardkøyret. Eg påstår ikkje at menn taklar dette noko betre – sjølvmordstala for menn er langt høgare enn for kvinner. Der menn tek den «lette» utvegen, blir kvinner verande, blir langtidssjukemeldte og til slutt uføretrygda, utslitne og utmatta etter å ha kjempa i eit stadig meir dysfunksjonelt system. Det at kvinner ser ut til å ha gjort seg til slik ein utgiftspost, og har forkasta den tradisjonelle familierolla der mannen arbeider og forsørgjer kona og barna, er ikkje berekraftig på nokon måte.

Velferdsskuta er i ferd med å gå ned – med mann og mus.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s