Yuval Noah Harari: «Farlege konspirasjonsteoretikarar må stengjast ute frå Internett»

Klaus Schwab si høgre hand Yuval Noah Harari, òg kjent som «profeten i Davos», fordømmer teorien om at Kabalen, ein hemmeleg elite av milliardærar og globalistar, kontrollerer verda. Han kallar teorien for «antisemittisk» og «farleg», og meiner at dei som kjem med slike «konspirasjonsteoriar» må stengjast ute frå Internett. Dette melder The People’s Voice.

Nettstaden skriv (mi omsetjing):

«Under ein episode av Lex Fridman sin podcast, hevda Harari at ‘globalelite-teorien’ er attraktiv fordi den er ‘veldig enkel’.

‘Teorien om den globale kabalen har mange variantar, men heilt grunnleggjande er der ei lita gruppe menneske, ein kabal, som hemmeleg kontrollerer alt som skjer i verda,’ erklærte Harari.

‘Alle krigane, alle revolusjonane, alle epidemiane, alt som skjer blir kontrollert av denne særs vesle gruppa av menneske, som naturlegvis er vonde og har vondsinna intensjonar.’

‘Dette er ei særs velkjent historie. Den er ikkje ny.’

‘Den har vore der i tusenvis av år.’

‘Den er særs attraktiv fordi den, fyrst av alt, er enkel.’

‘Du treng ikkje å forstå alt som skjer i verda.’

‘Du treng berre å forstå éin ting.’

‘Krigen i Ukraina, Israel-Palestina-konflikten, 5G-teknologi, COVID-19.’

‘Det er enkelt,’ la han til. ‘Der er denne globale kabalen, dei gjer alt saman.’

Han åtvara at desse krisene ofte blir skulda på ‘jødane’ eller ‘frimurarane’.

‘Det skaper denne utopiske fantasien. ‘Dersom vi berre blir kvitt denne vesle kabalen, vil vi løyse alle problema i verda. Frelse!’’ påpeikte han.

‘So det er enkelt, det er attraktivt, og det er difor so mange trur på det.’

Harari samanlikna deretter trua på ein nifs, global kabal med nazisme, og påstod at nazistane òg trudde at ein kabal prøvde å kontrollere verda.

‘Den grunnleggjande nazistiske ideen var at jødar kontrollerer verda,’ heldt han fram.

‘Bli kvitt jødane, so løyser du alle problema i verda.’

Harari sitt forsøk på å spele ned rolla til WEF i å forme verdspolitikken er skamlaust.

WEF og Harari skryter med jamne mellomrom om sine planar om å kontrollere verda.»

Saksyndig har i all beskjedenheit dokumentert ei rekkje påstandar som Yuval Noah Harari har lira av seg over lengre tid. Her er eit representativt utval:

«Den vonde mannen bak verdas farlegaste mann», publisert 13.mars 2022.

«Yuval Noah Harari meiner Gud er død og at Jesus er ‘falske nyheiter’: Vil òg dope ned ‘useless eaters’ med legemiddel og dataspel», publisert 4.mai 2022.

«Rådgjevar i World Economic Forum påstår at planeten ikkje lenger treng ‘det store fleirtalet’ av befolkninga», publisert 14.august 2022.

«WEF-økonom: Det er vår moralske plikt å tvinge eldre inn i sjølvmordskapslar», publisert 18.februar 2023.

Kommenter innlegget