Slik tvingar dei oss til å bli fangar i våre eigne heimar

Den anerkjende britiske legen Vernon Coleman skriv i boka si frå 2023, They want your money and your life, om det økonomiske og sosiale kaoset som kvar nasjon og borgar no står overfor. Han forklarer kvifor mat- og energiprisar er på veg til himmels, og skildrar korleis inflasjon påverkar liva våre. Han diskuterer i tillegg korleis ein bevisst endrar helseomsorga. Kort fortalt skildrar Coleman korleis konspiratørane tek over kvart eit aspekt i verda, inkludert våre eigne liv.

I denne artikkelenThe Exposé skriv Coleman korleis dei tvingar oss til å bli fangar i våre eigne heimar. Her følgjer mi omsetjing av dei åtte punkta:

  1. Flyplassproblem er no daglegdags og flyreisande som ikkje er vande med store forseinkingar har truleg ikkje reist so mykje nyleg. Dersom programvara som flytrafikk-kontrollen bruker ikkje ligg nede for teljing, so ligg programvara som handterer billettsal eller bagasje det. Dersom ikkje flymannskapet streikar, so gjer bakkemannskapet det. I boka mi They want your money and your life åtvarar eg at dei fleste småflyplassar truleg vil vere stengde innan 2030. Dei få gjenverande store flyplassane vil halde det gåande fram til 2050, og so vil dei òg forsvinne.
  2. Vegar har blitt ein labyrint av hindringar. Meiningslause og farlege fartsdumpar blir no vedgått å vere meiningslause og farlege, men dei er framleis der – og dei øydelegg bilar og knekkjer ryggar. Slagholer nærast formeirar seg. Dumme sjikanar hindrar trafikken og gjer livet miserabelt (og aukar faktisk drivstoffbruk og forureining). Sprø 30-soner aukar ulykker, aukar drivstoffbruken og aukar forureining.
  3. Vitskapsfolk har bevist at det å innføre straffer for sjåførar som køyrer inn i sentrum av småbyar og byar utgjer ingen skilnad når det gjeld forureining. Desse straffene handlar om å få inn pengar og stoppe reiseverksemd. Å forby eldre bilar frå å køyre inn i sentrum av byar forårsakar mykje skade (spesielt på fattige som ikkje har råd til flunkande nye herskapslimousinar), men forbetrar på ingen måte luftkvaliteten.
  4. Parkeringsprisane går i vêret. I enkelte byar i Storbritannia kostar det no meir enn 30 pund [nesten 400 kroner] om dagen for å stå parkert medan ein handlar eller går tur. Parkeringsfelt er so små at mange bilar ikkje får plass i dei. Reglane er so rigide at sjåførar ofte blir bøtelagt sjølv når dei kan bevise at dei har gyldig parkeringsbillett (det har skjedd med meg [Coleman] to goner, og klageprosedyrane er so langdryge og komplekse at sjåførar har tendens til å gje opp og bla opp). Mange parkeringsselskap tek no berre imot betaling med ein app (der finst meir enn 30 ulike appar og du må ha den riktige på din smarttelefon, om du då har ein smarttelefon). Elektriske bilar er no so tunge at byråd hevdar at parkeringsgarasjar på fleire etasjar ikkje lenger er trygge. Dei riv dei ned og sel dei for store pengesummar (med planleggingsløyve, naturlegvis) til byggherrar.
  5. Togreiser er umoglege på grunn av stadige streikar. Billettkontor blir stengde slik at eldre, handikappa og dei millionane som er utan smarttelefon ikkje er i stand til å reise nokon stad.
  6. Busstenester blir lagt ned fortare enn du kan seie ‘billetten, takk’. Og det å reise utan ein app blir stadig vanskelegare.
  7. Syklar, naturlegvis, er no det einaste godkjende transportmiddelet. Absurde forbikøyringsreglar inneber at smale vegar blir gjort om til eittfelts-vegar der enorme område med asfalt blir reservert for syklistar. Lova tydar at sjåførar må late det vere minst halvannan meter mellom seg og syklisten når dei køyrer forbi, og dette tydar at det er umogleg for bilar å køyre forbi syklistar på enkelte mindre vegar. Resultatet er lange køer med trafikk – og ein massiv auke i drivstoffbruk og den resulterande luftkvaliteten. Listige, hykleriske syklistar med kamera på hjelmane blir applaudert av politiet, og medan alle slags kriminelle blir ignorert, blir sjåførar konstant gjort til målskive.
  8. Hotell har blitt uuthaldelege. Varmen blir skrudd ned for å beskytte miljøet frå ikkje-eksisterande klimaendring. Varmtvatnet blir lunkent for å beskytte miljøet frå ikkje-eksisterande klimaendring. Og handkle og sengekle blir skifta med ujamne mellomrom for å beskytte miljøet frå ikkje-eksisterande klimaendring. Og dette er på femstjerners-hotell. Hotell har no ofte berre halvparten av personalet som det treng for å ivareta gjester.»

Når dei ved hjelp av desse nemnde punkta har gjort det so upraktisk, ubehageleg og regelrett farleg å reise nokon stad, er det ikkje rart at stadig fleire byrjar å halde seg heime. Her i Noreg har det i vinter fyrst og fremst vore alle dei tallause «farevarsela» som har fått folk til å vegre seg for å forlate heimen.

One comment

  1. Jeg tror også den siste tids *hendelser* med særlig Boeing 737 Max er et ledd i det hele, hvor menigmann *’avfristes’* til å fly. Fiffen flyr uansett privat (med utelukkende uvaksinerte piloter hevdes det).

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget