På nettsida til kanadiske Henry Makow skriv Casey Wilson om bakdelane med å gifte seg med ein feminist, ei karrierekvinne som heller vil jobbe enn å vere kone og mor. Mange moderne kvinner vil seie seg ueinige i konklusjonane som blir trekte i artikkelen, men faktum er at fødselstalet i den vestlege verda har stupt dei siste tiåra nettopp fordi mange kvinner finn det under si verdigheit å «berre» vere mor, kone og husmor. Det har ikkje same statusen som det hadde i gamle dagar takka vere propaganda frå media, og dette har ført til ei oppløysing av kjernefamilien i store delar av den industrialiserte verda. Dette er i tråd med planane til ein viss elite.
Sjå òg «Rockefellarane framandgjorde kvinner frå menn«, publisert 1.november 2022, og «Feminisme er eit avfolkingsprogram«, publisert 8.november 2022.
Wilson skriv (mi omsetjing):
«Sonen min er advokat. Han var kjærast med ei vakker ung kvinne. Sexen var utruleg. Men då ho spurde han om dei ‘hadde ei framtid saman’, var han ærleg og sa nei.
Han fortalde ho ikkje grunnen. Han trudde ho var dum.
Han gjekk deretter hen og gifta seg med ein feminist, ein annan advokat.
Eit ekteskap er som ei hengjebru. Den toler berre so og so mykje vekt. Då dei fekk ein baby gav brua etter.
Ingen av dei såg føre seg kor mykje arbeid ein baby er. Dei enda opp med å krangle om omsorga for barnet. Begge hadde fulltidsjobbar.
‘Kjærleiken er borte. No køyrer vi forhandlingar om bleieskift. Vi held saman for babyen og hunden.’
Sonen min hata at sjølv om ho fekk foreldrepermisjon, insisterte ho at han tok 50% av barneomsorga slik at ho kunne ete brunsj med venninnegjengen.
Eg lurer på om han angrar på at han ikkje gifta seg med den ‘dumme’ kvinna. Ho ville ikkje ha hatt noko problem med å ta seg av barna, som ville ha gjort han fri til å jobbe og støtte dei. Han ville ha fått den beste sexen som fanst.
Folk har inga aning om kor mykje arbeid og kjærleik ein baby krev. Plutseleg blir eit par som elskar moro pleiarar for ein invalid døgnet rundt.
No masturberer han meir enn nokosinne.
Sex var truleg ein av grunnane til at han gifta seg. Er ikkje det ironisk?
Kvinner som set karrierane sine over ektemannen og barna er ikkje giftemateriale.
KVINNER ER IKKJE SOM MENN
Ekteskapet mitt forbetra seg dramatisk då eg innsåg at når det gjeld visse område, er mange kvinner dumme og burde ikkje takast for mykje på alvor. Dei er ikkje som menn.
Generelt er dei særs jordnære, praktiske, emosjonelle og besette at materiell tryggleik og helse. Dei treng å styrast. Aldri vis svakheit. Ikkje ta opp tema som gjer dei opprørte.
Dei er gode følgjesveinar og hjelparar – designa av naturen for å vere dei som får ting til å skje, koner og mødrer.
Sjølv om sinna deira har blitt tukla med av feminist-propaganda, er dei faktisk ute etter denne eingong so ærefulle sosiale rolla som gjev dei livslang kjærleik og tryggleik.
Når barnebarnet mitt blir eldre, kjem sonen min og feministkona hans truleg til å skilje seg.
Ikkje gift deg med ein feminist om du ønskjer barn.»
