Liz Heflin på nettstaden Remix News formidlar:
Ungarns statsminister Viktor Orbán møtte Donald Trump og teknologimilliardæren Elon Musk måndag i USAs påvalde presidents Mar-a-Lago-residens i Florida.
«Ein ettermiddag i Mar-a-Lago med Donald Trump, Elon Musk og Michael Waltz», skreiv Viktor Orbán på X etter eit møte mellom fleire medlemmer av topplaget hans og den påtroppande Trump-administrasjonen.
Waltz er Trumps nominerte som nasjonal tryggingsrådgivar. Statsministeren delte også eit bilete av seg sjølv som vart ønskt velkommen av president-valde Trump på eigedommen hans, og skreiv: «USA i dag. Framtida har byrja!»
Ungarns utanriksminister Péter Szijjártó var også til stades, og la ut på Facebook: «Ein fin ettermiddag på Mar-a-Lago: ein lang samtale med Donald Trump, Elon Musk og Mike Waltz.»
Ifølgje Bertalan Havasi deltok også Gellért Jászai, pressesekretæren til statsministeren og presidenten for telekommunikasjonskonglomeratet 4iG (eigar av Vodafone Ungarn), i diskusjonane.
So nyleg som førre veke var Orbán i Vatikanet for å møta pave Frans, ein alliert av han for å oppnå våpenkvile og fred i Ukraina. Szijjártó møtte også ei kort stund med Waltz i Washington D.C. for å diskutera korleis det hastar med å avslutta krigen.
Ingen andre diskusjonstema vart nemnde, men det er fleire spørsmål som står på spel som Ungarn vil vera ivrige etter å ta opp, inkludert dobbeltskattlegging, visumrestriksjonar, noverande militært samarbeid og EU-sanksjonar.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
