McKampanje frå dyrevernsorganisasjon: McDonald’s får kritikk for å bruke turbokyllingar

Dei aller fleste bybuarar og reisande har før eller seinare teke turen til McDonald’s og ete klassikarar slik som Big Mac, Big Tasty og McChicken. Sistnemnde burde folk kanskje vegre seg for å ete, fordi kyllingen som blir brukt er ein sokalla turbokylling – nærare bestemt den snøggveksande kyllingrasen Ross 308. Hamburgarkjeda sin bruk av turbokylling har sett sinna i kok, spesielt ettersom alle norske daglegvarekjeder har fasa ut bruk av den typen kylling.

Sjå òg «McDonald’s innrømmer at kundar avviser burgarar laga av falskt kjøt», publisert 2.juli 2024.

iNyheter melder at dyrevernorganisasjonen Anima (latin for «sjel») no har lansert ein kampanje mot McDonald’s for deira bruk av turbokylling. 470 plakatar med slagordet «Not lovin’ it» blir rulla ut over heile landet, inkludert på travle Oslo S. Nettstaden skriv:

«– McDonald’s spenner ben på norske kyllinger, og det er en skam slik fastfood-kjeden holder på. Alle dagligvarekjedene har nå valgt å fase ut turbokylling, men McDonald’s nekter, sier Niklas Fjeldberg, administrerende direktør i Anima, i en pressemelding.

Ifølge organisasjonen vokser Ross 308 fra 50 gram til over 2 kilo på bare 35 dager. Det skal føre til økt risiko for smerter, organsvikt og gangvansker hos fuglene.»

Vidare står det at kampanjen so langt har eit budsjett på sju millionar kroner. Anima sin kampanje fell ikkje på steingrunn, for ei fersk YouGov-undersøking viser at 77% av nordmenn ønskjer å forby turbokylling. McDonald’s sjølve påstår at dei har globale retningslinjer for dyrevelferd, «men Anima mener disse inneholder ‘mange ord og svært lite handling’.»

McDonald’s er ikkje akkurat kjent for å behandle verken tilsette eller «maten sin» godt. Dei siste åra har stadig fleire McDonald’s-restaurantar blitt sjølvbetjente, altso at ein bestiller på ein automat, betaler med kort og deretter får maten levert ved skranken. På same måte som sjølvbetjente kassar blir stadig vanlegare på til dømes Coop-butikkar, er det i dag særs vanskeleg å finne ein hamburgarrestaurant der ein kan levere bestilling til eit levande menneske. Å påstå at dette ikkje vil føre til oppseiing av tilsette, er å leve i djupaste fornekting.

Sjå òg «McOppsagt? Kunstig intelligens kan føre til masseoppseiingar av overflødige tilsette i McDonald’s», publisert 18.desember 2023.

Som dei fleste gigantkonsern har McDonald’s etablert seg i alle krikar og krokar av verda. Medan ein fint kan unne seg eit måltid der i ny og ne, bør ein ikkje ete der kvar einaste dag. Dette er verken godt for lommeboka eller helsa. Dei som er opptekne av dyrevelferd og godt arbeidsmiljø bør kanskje tenkje seg om to gonger før dei bruker pengane sine på «Mækkern». Gode hamburgarar kan lagast heime, og løyndommen til oppskriftene på BigMac og Big Tasty er ikkje akkurat statshemmelegheiter. Saksyndig-redaktøren har med stort hell «eksperimentert» på kjøkkenet heime og greidd å lage rimeleg gode etterlikningar av mellom anna Big Tasty. Og «alle» kjenner tilsette som jobbar på McDonald’s. Dei deler gjerne oppskrifter, spesielt om dei har blitt oppsagt fordi jobben deira har blitt erstatta av ein robot.

Sjå òg «Kjelda til McDonald’s-kjøt funnen? Smaklaus reklame for McCrispy-burger ved sida av skilt til krematorium opprører britar», publisert 12.februar 2023.

One comment

  1. Eg gir meg no ein blank f-n ka dei brukar i «Maten» dei prakkar i medvetslause toskar, som ikkje var vakne i heimstadlære då dei gjekk på skulen. Dei sov i dei timane, so vel som då dei stakkars sosialvenstreparti/venstere- propagandistena freista å trøkke nynorsken inn i dei toskete hovudane deira. Imbesile dengongen, framleis ignorante.

    Desse stemmar nok på stortingspartiet til hausten, og med det spottar dei desse stolte vikingtradisjonene me burte ha teke vare på. Spørs om dekk heve vorte «Nordfjordingar»alle ihop.

    Likt av 1 person

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar