Saksyndig er ikkje ein høgreekstrem nettstad

I det siste har eg funne ut at materiale frå saksyndig er blitt delt av personar og nettsider som frontar nynazisme og andre høgreekstreme ideologiar. Eg vil med dette innlegget presisere at eg tek sterk avstand frå slike ideologiar, ettersom dei er menneskefiendtlege og representerer nettopp den segregeringa som våre globalistiske fiendar forsøker å innføre gjennom til dømes koronasertifikat, som i sin natur forskjellshandsamar vaksinerte og uvaksinerte. Eg er på ingen måte tilknytt det høgreekstreme miljøet som diverre finst i Noreg, og føler ingenting anna enn avsky og sjokk over haldningane til nynazistar.

Eit godt døme på slike uhyrlege haldningar er å finne i den amerikanske spelefilmen American History X frå 1998, der hovudpersonen Derek angrar på si involvering i det amerikanske nynazistmiljøet, og prøver å hindre sin yngre bror Danny i å bli medlem av det same brorskapet av ekstremistar. Den yngre broren blir utsett for disiplinærstraff frå skulen sin etter at han skreiv ei oppgåve som gjennom ideolisering av Mein Kampf legitimerte Adolf Hitler sine avskyelege handlingar mot jødane: den jødiske læraren hans ber han skrive ei oppgåve om sin eldre bror (Derek), ein tidlegare prominent figur i nynazistmiljøet som nettopp er sleppt ut av fengsel etter å ha sona for å ha drepe ein svart mann som utøvde hærverk på bilen hans. Drapet er særs bestialsk og tener som manifestasjon på djupt hat og nærast botnlaus vondskap.

Vi blir i filmen vitne til korleis Derek vart hjernevaska til å bli med i nynazistmiljøet av ein karismatisk rasist ved namn Cameron Alexander. Bakgrunnen var at faren til Derek og bror hans Danny vart drepen av svarte doplangarar medan han som brannmann rykte ut for å sløkkje ein brann. Cameron blir Dereks mentor, og dei dannar ein høgreekstrem, rasistisk gjeng som dei kallar Disciples of Christ («Jesus Kristi disiplar»). I fengsel blir Derek medlem av eit arisk brorskap, men blir valdteken i dusjen av sine «medsamansvorne» i det ariske brorskapet. Valdtekta er hemn for at han forlét brorskapet då han miste trua på saka deira.

Valdtekt av menn i amerikanske fengsel er ganske vanleg, og blir ofte brukt som humoristisk effekt når manusforfattaren meiner at mennene «fortener» det som ei slags karmisk gjengjelding. Til samanlikning blir aldri valdtekt brukt som hemn på damer på film, sjølv ikkje når dei gjer like ukloke etiske og moralske val som Derek. Eg meiner det er forkasteleg å låtteleggjere valdtekt av menn på denne måten, og dette vitnar om dårleg skjult sadisme som diverre aldri blir ansvarleggjort eller sanksjonert.

Nynazistiske gjengar og grupper tek i bruk hjernevask, nett som andre sekter, for å rekruttere medlemmer for å hjelpe dei i å fremje si nedrige sak. Dei overfløymer offeret med sin forrykte propaganda om «kvit overlegenheit», «befolkningsutskifting», «eugenikk» og andre verktøy frå sjølve manualen som Adolf Hitler utla i si bok Mein Kampf, som han skreiv i fengsel på 1920-talet etter det mislykka ølkjellarkuppet i München. Som alle veit følgde han si eiga bok til punkt og prikke då han på 1930-talet starta sin beksvarte agenda for å bli kvitt jødane. Diverre var han òg ein utmerka talar og greidde å hjernevaske folket til å følgje hans skjendige ordrar om folkemord. Holocaust, utryddinga av jødar, er i dag rekna som det verste brotsverket som nokosinne er gjort mot menneskeheita. Hitler sjølv tok sjølvmord. Resten av hans medsamansvorne vart dømde i Nürnberg-rettssakene etter Andre verdskrigen.

Alle som støttar nazistisk ideologi er etter mitt syn fiendar av sjølve menneskeheita. Dei er svorne motstandarar av fredeleg sameksistens og nestekjærleik. Dei er alle intelligente nok til å vete betre – altso gjer dei det av rein og skjer vondskap. Dei er alle vondsinna av natur, og verda ville ha vore ein mykje betre stad utan dei. Heldigvis er denne ideologien forboden i dei fleste land. Deira ytringar blir med rette definert som hattale, og blir sanksjonert deretter.

Saksyndig støttar på ingen måte denne forkastelege hat-ideologien som slike svartsinna individ spyr ut av seg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s