Kvifor heldt pedofilidømte Ghislaine Maxwell innsamlingsaksjonar for Disney i 1985?

Nokre gonger er eitt bilete verdt tusen boikottar

Av Emerald Robinson. Henta frå hennar Substack. Omsett av saksyndig.

Bilete av pedofilidømte Ghislaine Maxwell som var programleiar for ei hending kalla «Happy Family Disney Day» i 1985, har dukka opp på Internett i dag [7.april 2022; oms.an.]. Det er det ultimate PR-mareritt.

Det kjem til å bli svært vanskeleg for Disney å påstå at dei ikkje er ein pro-pedofil organisasjon når dei bokstavleg tala mottok donasjonar frå verdas mest berykta pedofile som (framleis) er i live, og som var «groomer» for stjernene.

Ekkelt, er det ikkje?

Disney held fram med å trende i dag på sosial-mediesider slik som Twitter – og historiene og mema har byrja å leve sine eigne liv. Dette er truleg den største historia i verda akkurat no.

Dette spesifikke memet burde få det til å gå kaldt nedover ryggen på deg.

Sjølv internasjonale fotballspelarar boikottar Disney og postar på nettet at dei avsluttar ymse Disney-abonnement. Eg har mist teljinga på talet av #boycottDisney-meldingar som eg har lese på sosiale media dei siste få dagane.

I mellomtida braut det i går [6.april 2022; oms.an.] ut ein protest ved Disney sine kontor i Burbank. Fleire hundre menneske deltok i hendinga.

Dei fleste konsernmedia-kanalar prøver å pushe ein desinformasjonskampanje som går på at Disney-pedofile tilknytingar berre er ein konspirasjonsteori skapt av republikanarar. Problemet for dei er: deira eiga tidlegare rapportering seier imot deira nytrykte og falske forsvar av Disney.

Og det er ikkje som om Disneys «pedo-gate» går i lufta på same tid som demokratane ivrig støttar sin siste kandidat for den amerikanske høgsteretten, som har ei lang historie av milde dommar for barnesex-rovdyr, eller kva?

Men vent, det er meir. I 2019 kom Project Veritas ut med ei større historie: ein TV-reporter med namn Amy Robach vart spelt inn medan ho snakka om korleis nettverket hennar ABC News hadde teke livet av historia hennar om Jeffrey Epstein.

Kven eigde ABC News? Disney.

Og til slutt, kva om eg fortalde deg at Disney eigde og dreiv eit cruise for familiar i Karibia? Og kva om eg fortalde deg at dei cruiseskipa tilbaud ein snorkeltur for vaksne og barn til Jeffrey Epsteins private øy i fleire år?

Ville du ha trudd meg?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s