Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.
Medan han underslår milliardar av dollar frå amerikanske skattebetalarar, har Ukraina sin marionett-«president» Zelensky kome med ei trugande svarteliste som spesifikt utpeiker amerikanske lovgjevarar og journalistar som «russiske propagandistar» som burde bli avviste av media og samfunn.
Til mange sitt sjokk er nokre av dei som er nemnde den amerikanske senatoren Rand Paul, kongresskvinne Tulsi Gabbard og den prisbelønte journalisten Glenn Greenwald.
Alle som er ueinige med Zelensky kjem no tydelegvis til å bli kalla ei form for «Putin-marionett», som om den installerte leiaren av eit europeisk land no har lov til å diktere ein slags ryktepoengsum for amerikanske lovgjevarar og journalistar.
Dette er den forma for taktikk som er brukt i fascistiske, autoritære statar, og oser av Nazi-Tyskland og den gamle Sovjetunionen under Stalin. Og dette kjem på toppen av at Zelensky følgjer denne avskyelege taktikken, som alt har sine røter i autoritarisme og tyranni:
- Forbod mot alle opposisjonelle parti i Ukraina
- Forbod mot alle media bortsett frå dei som er kontrollert av regimet hans
- Forbod mot bøker, filmar, musikk, kunst og teaterprodukt som viser til den russo-etniske historia om Ukraina (i praksis forbod mot den sanne historia)
Som Glenn Greenwald la ut som i sin Twitter-tråd:
«Før Russlands invasjon og sidan, har Zelensky avskaffa basisfridommar: knust opposisjonelle media, forbode parti, fengsla dissidentar.
Sidan Ukraina krev pengar og våpen frå Vesten, ønskjer dei no å eksportere denne undertrykkinga til landa våre med McCarthy-aktige svartelister:
Du kan sjå dei komplette ukrainske svartelistene, som @unherd har fått tak i. I tillegg til personane lista ovanfor, er dei offisielt demoniserte @JeffDSachs, @RandPaul, tidlegare president i Brasil @LulaOficial, oberst Douglas MacGregor, Caleb Maupin, Marine LePen og mange andre:
Det krev eit ekstremt vågemot for Zelensky og hans medsamansvorne for å farte rundt i verda og krevje at andre nasjonar sender dei massive mengder våpen og pengar, for so å prøve å undertrykke dissens i landa våre ved å sverte journalistar og borgarar som stiller spørsmål.»
Zelensky er ein ravande galen tyrann, rusa på makt og ein fare for heile verda
Som ein effekt av dette, har Zelensky blitt ein ravande galen tyrann som krev fleire titals milliardar dollar frå USA under det falske merkenamnet «å forsvare demokratiet», medan han faktisk marsjerer i gåsegang med historiske tyrannar slik som Hitler, Stalin og Mao.
Zelensky sin rette plass i hierarkiet av autoritær historie kan vere ved sida av Kim Jong-Un, Fidel Castro eller Pol Pot. Likevel, på ein eller annan måte, blir han heidra av utkrøpne, svikefulle vestlege media som ein gudeliknande helt som har fått i oppgåve å redde Vest-Europa frå øydeleggingane til Russland.
Likevel tilbyr Russland det einaste reelle håpet for Ukrainas folk om å sleppe unna slavebindinga si under Zelensky, ein tyrann som brukte nesten 8 år på å godkjenne militæråtak mot det uskuldige folket i Donbass-regionen, og som førde krig mot sivile medan han leia hemmelege politioperasjonar i heile landet, komplett med attentat mot politiske motstandarar og hemmelege forsvinningar av regjeringskritikarar.
Dette vart alt gjort under den fulle rettleiinga frå CIA, naturlegvis, som no har blitt fullt ut innrømt av Washington Post og andre nyheitskjelder. Zelensky har vore ei nikkedokke heile tida, noko som ikkje er overraskande med tanke på hans bakgrunn som ein homofil komikar og TV-skodespelar som lett vart truga til lydigheit med smuss frå si tvilsame fortid. So no, når Russland forklarer at dei arbeider med å «de-nazifisere» Ukraina, gjev alt meining. Zelensky jobba òg for å støtte Azov-nazibataljonen som har terrorisert sivile i Ukraina i fleire år, og vart berre slegen tilbake då Russland sette i gang sin spesialmilitære operasjon for å demilitarisere Ukraina-regimet som dreiv og myrda uskuldige sivile – inkludert barn.
For det ukrainske folket si skuld kan vi berre håpe at nokon fjernar Zelensky frå makta snart, om det blir gjort av USA, Russland eller eit ukrainsk militærkupp. Dess snarare Zelensky blir fjerna, desto snarare kan forhandlingar byrje med Russland for ei fredeleg løysing. Og det tydar at dei unaudsynte dødsfalla til ukrainske menn endeleg kan få ein slutt, altfor seint og lenge etter at Zelensky har ofra liva til titusenvis av uskuldige ukrainarar for å prøve å beskytte sitt eige lovlause regime som prøver å tekkjast Vesten.
Takk Gud: Russland erklærer intensjon om å hjelpe det ukrainske folket med å eliminere tyrannen Zelensky
Heldigvis for Ukrainas folk, utvidar Russland no omfanget av sin militære operasjon og planlegg tydelegvis å fjerne Zelensky frå makta. Som Zero Hedge går inn i detalj om:
«Russland har for fyrste gong sagt at dei i sin ultimate krig har som mål å oppnå regimeendring i Ukraina. Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov sa sundag i kommentarar som vart publisert måndag, at Moskva vil hjelpe det ukrainske folket ‘med å bli kvitt regimet’ i Kiev.
Tidleg på sommaren hadde det russiske militæret fokusert sine slagmarksmål på å ‘frigjere’ Donbass, men denne siste Lavrov-kommentaren om å fjerne den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky representerer det mest omfattande krigsmålet til no.
‘Vi er bestemt på å hjelpe folket i austlege Ukraina med å frigjere seg sjølve frå børa av dette absolutt uakseptable regimet,’ sa Lavrov medan han møtte tenestefolk frå den Arabiske Liga i Egypt.»
På liknande vis har Donetsk-leiaren Denis Pushilin erklært at Russland no må halde fram sin militære operasjon vestover, og eliminere nazistane og fascistane frå Odessa, Kiev og alle ukrainske byar som opphavleg vart grunnlagt under Sovjetunionen.
Frå NewsRND.com:
«Presidenten i Folkerepublikken Donetsk Denis Pushilin sa at det er på tide å frigjere russiske byar slik som Kiyv [Kiev] og andre større byar.
Russia Today-nettsida siterte Pushilin for å seie: Det er på tide å frigjere dei russiske byane grunnlagt av det russiske folket igjen, slik som Kyiv Chernigov, Poltava, Odessa, Dnepropetrovsk, Kharkov, Zaporozhye og Lutsk.
Sidan Folkerepublikken Donetsk erklærte seg uavhengige frå Kyiv i 2014, har denne regionen vore offer for jamlege bombingar frå ukrainske styrkar.»
Som Zelensky, NATO og USA har gjort ganske so tydeleg, er den einaste måten for Russland å bli trygge frå vestleg aggresjon, å eliminere Ukraina sitt fascistregime og late folket i Ukraina velje sine eigne leiarar (heller enn å late CIA installere lydige marionettar).
Vi reknar med at Zelensky sine dagar er talte, på ein eller annan måte.
Å gjere slutt på det fascistiske Zelensky-regimet er den einaste måten å stoppe folkemordet på etniske russarar i Ukraina
Det blir stadig meir openbert for Russland og folket i Donetsk at den einaste måten å stoppe Zelensky sin terrorisme og anti-menneskelege drap på russo-etniske sivile, er å fjerne Zelensky og gjere slutt på hans fascistiske regime ein gong for alle. Som Adolf Hitler – som òg var ein forrykt, maktkåt, folkemordarisk galning som Zelensky – må dei ærverdige maktene i verda på eit eller anna tidspunkt betale kostnaden for å fjerne vondskap frå denne verda, sjølv om det tydar å kjempe ein krig for å oppnå dette.
I ein tidlegare æra gjorde USA og Storbritannia offer for å gjere slutt på Adolf Hitler sitt vonde regime. Russland betalte ein tung pris for å ta del i det kapittelet i historia, og tapte over 20 millionar menn i kampar mot nazistane. No verkar det som om Russland blir bedne om å gjenta det offeret til det beste for menneskeheita si framtid. Ei verd styrt av CIA-marionettar slik som Zelensky er ei tyrannisk, despotisk verd som vi ikkje kan late oppstå. Zelensky og dei som kontrollerer han må bli hindra i å slavebinde heile menneskeheita.
For å ta eit samandrag, er Zelensky ein manifestasjon av pur vondskap. Han er 100% på linje med den anti-menneskelege LGBT-agendaen, den demoniske «woke»-propagandaen til Vesten, klimaendringsbløffen som knuser menneskeleg sivilisasjon, vaksinedød-/avfolkingsagendaen, ekstrem sensur av sitt eige folk og alle dei andre fryktelege søylene av vondskap som no karakteriserer vestlege nasjonar som Tyskland, Frankrike, Storbritannia, USA, Canada, Australia og New Zealand. Desse vestlege nasjonane er oppslukte i satanisme, barnedrap, barne-grooming, transkjønnslemlestingar, valfusk, ekstrem sensur, ulovleg forfølging av politiske fiendar (6.januar) og liknande brotsverk mot menneskeheita.
Når sant skal seiast, er det å fjerne Zelensky berre eitt steg i rekkja av handlingar som trengst for å redde menneskeheita frå satanisme og kollaps. Den illegitime okkuperande fiendestyrken som for tida styrer det illegitime regimet i USA må òg bli demokratisk fjerna frå makta, tiltalt for sine brotsverk og straffa for sine brotsverk mot verda vår.
Berre då kan vi alle gå tilbake til fredeleg sameksistens, global frihandel, rimeleg mat, gjødsel, energi, jordbruk og overflod.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 27.juli 2022.