Av Jose Nino, Big League Politics. Omsett av saksyndig.
Under ein opptreden på NBC 2.oktober 2022, sa NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg at NATO vil respondere på ein bestemt og sameint måte til kvart eit åtak på deira kritiske infrastruktur.
«Kvart eit viljestyrt åtak på kritisk NATO-infrastruktur vil bli møtt med ein bestemt og sameint respons frå NATO,» fastslo Stoltenberg.
Desse kommentarane kom på eit tidspunkt der ukrainske styrkar gradvis vinn igjen territorium i Aust-Ukraina, og etter Nord Stream-røyrleidningane vart saboterte av enno ukjende aktørar.
Russland har nyleg gjeve ordre om delvis mobilisering av 300 000 reservistar med tidlegare militærerfaring, i den nylegaste innsatsen for å eskalere spenningar under den russisk-ukrainske konflikten.
Det som fyrst vart kalla ein spesialmilitær operasjon som hadde det påståtte målet å avmilitarisere Ukraina og frigjere utbrytarrepublikkane Donetsk og Lugansk, ser Russland sitt siste føretak i Ukraina ut til å ta ein meir konvensjonell militær veg, der landet ser ut til å ville dele ut eit øydeleggjande militært slag mot Ukraina og sannsynlegvis annektere store delar av russisktalande område i Aust-Ukraina.
Sett at NATO allereie forsyner Ukraina med store mengder militærbistand, har dei blitt om til ein de facto medkrigar i denne konflikten. Dette høgnar utan tvil innsatsen og kan føre til ein meir langdryg konflikt med eit betydeleg tap av menneskeliv. Desse utgjer nokre av dei mange farane med å ha USA som medlem av ein mega-allianse slik som NATO. Ein kan ikkje føreseie kor mykje ut av kontroll desse konfliktane kan spinne.
Lat oss håpe at meir sobre diplomatiske sinn kan tre til verks og få slutt på dette blodbadet.