Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Vi er på full fart ned ein svært farleg glatt bakke. Dersom vi held fram med å øydeleggje liv berre fordi vi ikkje likar det som dei personane seier, vil vi til slutt ende opp i eit samfunn der folk flest er redde for å seie noko meiningsfullt i det heile. Slike samfunn eksisterer allereie i verda vår i dag, og dei er mareritt. Dersom du ønskjer å sjå eit perfekt døme på kva eg snakkar om, berre stikk ein tur over til Nord-Korea. Alle der borte er livredde for å bli sendt av garde til ein konsentrasjonsleir for å seie noko gale. Uheldigvis, om vi til slutt bestemmer oss for å halde oss på den vegen som vi for tida er på, er det ein fare for at vi til slutt vil ende opp akkurat som Nord-Korea.
Ytringsfridom er ei fundamental søyle i den store avtalen vi alle har gjort med kvarandre som er nedfelt i den amerikanske grunnlova.
Det er ikkje meininga at eg skal prøve å stilne deg, og du skal heller ikkje prøve å stilne meg.
Den einaste måten vårt noverande system vil fungere, er om alle får lov til å ytre seg fritt. Om so lite som éin del av befolkninga får munnkorg, vil vala våre ikkje lenger vere «frie» eller «rettferdige», og dei med visse synspunkt blir uunngåeleg dytta ut på kanten av samfunnet.
Tragisk nok har vi i seinare år sett ein hittil usett innsats for å «kansellere» dei som seier ting som den politisk korrekte eliten ikkje likar.
Det fyrste nivået av denne rørsla manifesterte seg primært på Internett. Dei som våga å uttrykkje avvikande meningar til den dominerande forteljinga på ein gjeven dag, vart straffa og/eller stengt ute av dei store sosiale medieplattformene.
Men det kom aldri til å bli nok for den politisk korrekte eliten.
So no prøver dei å bruke rettssystemet for å øydeleggje liva til fiendane sine.
Kanskje det mest framtredande dømet på dette er Donald Trump.
I fortida fekk eks-presidentar vere i fred same kva dei gjorde.
Faktisk kunne ein eks-president bokstavleg tala fly med Jeffrey Epstein sitt private jetfly meir enn to dusin gonger utan å nokosinne bli overraska av politi og styresmakter. Nyleg skapte Hus-komiteen som etterforska hendingane 6.januar 2021 overskrifter over heile landet då Trump vart treft av «ei overraskande stemning»:
«Hus-komiteen som etterforskar 6.januar 2021-åtaket på Capitol kom med ei overraskande stemning der dei vil ha vitnesbyrd frå tidlegare president Donald Trump torsdag, ei utfordring med liten historisk presedens som medlemmene sa var ei naudsynt siste handling før panelet gjer ferdig arbeidet sitt.
Den einstemmige avgjerda kom på slutten av komiteen si niande og sannsynlegvis siste offentlege høyring, ein sesjon meint som eit sluttargument til panelet si 14 månader lange etterforsking.
Ved å kombinere ei blanding av nytt bevismateriale samla av komiteen sidan juli, og vitnesbyrd spelt på tidlegare sesjonar, hadde høyringa som mål å styrke ein konklusjon som medlemmene har hamra igjen og igjen: at valda 6.januar var det direkte og føreseielege resultatet av Trump sine avgjerder i vekene etter at han tapte sitt forsøk på å bli gjenvalt.»
Men der er andre etterforskingar som truleg vil skape endå meir problem for Trump.
Domstolsleiar Merrick Garland kjem truleg til å tiltale Trump for «feilbehandling av konfidensielle dokument», og etter mellomvalet er over kjem Fulton fylke sin distriksadvokat Fani Willis sannsynlegvis til å tiltale Trump for å forstyrre 2020-valet:
«Påtalestyresmaktene i Georgia som leiar ei etterforsking rundt Donald Trump og hans allierte sine forsøk på å stoppe 2020-valet, har som mål å raskt oppsummere storjuryen sitt arbeid etter mellomvalet, og kan byrje å sende ut tiltalar so tidleg som desember, fortel kjelder som kjenner situasjonen CNN.
Fulton fylke sin distriksadvokat Fani Willis har sagt at etterforskinga hennar på forsøk på å sabotere 2020-valet vil gå under radaren seinare denne veka for å unngå å påverke det komande valet. Men medan etterforskinga hennar ikkje vil kome med synlege trekk dei neste vekene, gjer laget hennar seg klare for eit mylder av aktivitet etter valdagen.»
I skrivande stund [13.oktober 2022] er Trump gjenstand for totalt seks ulike etterforskingar rundt om i landet.
Vi har aldri sett noko liknande i heile USA si historie.
Den politisk korrekte eliten prøver bokstavleg tala å bruke rettssystemet som eit våpen for å øydeleggje Trump, fordi dei vil sikre seg at han aldri nokosinne kan stille som presidentkandidat igjen.
Det same blir gjort med Alex Jones.
På onsdag [12.oktober 2022] erklærte hovudstraumsmedia triumferande at ein jury hadde kome med ein dom på 965 millionar dollar i ei Sandy Hook-ærekrenkingssak:
«Connecticut-tenestepersonar og offera til familiar lovpriste onsdag dommen til ein jury, som kom tidlegare den dagen, at Infowars’ Alex Jones skulle betale 965 millionar dollar til menneske som leid på grunn av hans falske påstand om at Sandy Hook Elementary School-skytinga var ein bløff – sjølv om dei anerkjente tragedien og trugselen om at andre konspirasjonar framleis lurte.
‘Sandy Hook-familiane fortener kvar ein dollar som kjem til dei frå Alex Jones,’ skreiv senator Chris Murphy (Demokrat, Connecticut) på Twitter. ‘Men lat oss vere tydelege – der finst eit heilt økosystem av hat og konspirasjon, og Jones er berre éin av mange organismar. Fram til det politiske høgre reinskar ut denne rørsla frå sine rekkjer, vil ikkje noko av dette ta slutt.’»
Dette braut rekorden for mest pengar tildelt i ei ærekrenkingssak med rundt 700 millionar dollar.
I alle mine levedagar har eg aldri sett ein meir latterleg pengesum.
Men målet var naturlegvis aldri å nøyaktig kompensere familiane for nokon «emosjonell skade» som dei kan ha lide på grunn av det Alex Jones sa.
På den andre sida gjorde advokatane det svært klart for juryen at målet var å øydeleggje Alex Jones.
Og dersom dei slepp unna med å gjere dette mot Alex Jones, vil dei uunngåeleg byrje å gå etter andre framtredande stemmer som dei ser på som «fornærmande».
Dette kjem til å ha ein nifs effekt på ytringsfridommen.
Alle kjem til å tenkje seg om to gonger før dei har ei uavhengig meining om noka nyheitshistorie, fordi den uavhengige meininga kan få deg saksøkt herifrå til Månen.
Finansinstitusjonar byrjar å fullt omfamne «kanselleringskultur»-rørsla òg.
Den siste tida har ei rekkje personar, grupper og organisasjonar fått bankkontoane sine kansellert brått utan åtvaring, og det inkluderer til og med Den nasjonale komiteen for religiøs fridom:
«I mellomtida, ifølgje Faithwire, har Den nasjonale komiteen for religiøs fridom (NCRF), ein politisk nonprofitt, nettopp fått kontoen sin kansellert òg.
Sam Brownback, leiar i gruppa og tidlegare amerikansk ambassadør for internasjonal religiøs fridom under Trump-administrasjonen, sa at banken bestemte seg for å «avslutte forholdet deira» med NCRF og stengje kontoen etter berre tre veker.
‘Vi vart overraska over å bli kansellert av Chase,’ skreiv Brownback i ein artikkel publisert i Washington Examiner. Då vår executive director ringde for å finne ut om det hadde skjedd ein feil, vart han informert at ‘eit notat i fila seier at Chase-tilsette ikkje hadde lov til å kome med vidare klargjerande informasjon til kunden.’
NRC-executive director Justin Murff tok kontakt for meir informasjon, men vart fortalt at avgjerda vart gjort på ‘leiarnivå’ og var ‘endeleg og kunne ikkje trekkjast tilbake’. ‘Kvifor kanselleringa? Kvifor hemmeleghaldet og mangelen på innsyn?’»
Korleis i Herrens namn er Den nasjonale komiteen for religiøs fridom ein trugsel mot nokon?
Eg veit ikkje, men dei må ha fornærma nokon ein eller annan stad.
Berre ei einaste «fornærmande ytring» er alt som skal til for desse folka.
Vi blir verkeleg litt meir som Aust-Tyskland for kvar dag som går.
Sjølv om eg ikkje likar det millionar av mine med-amerikanarar har på hjartet, har eg alltid vore ein utrøytteleg forkjempar for ytringsfridom.
Fordi at dersom vi misser ytringsfridommen vår, vil USA døy.
Eg håper at fleire og fleire av mine med-amerikanarar byrjar å innsjå dette, fordi ytringsfridommen byrjar å forsvinne i ein fart som er absolutt skremmande.
Ja – dette er virkelig skremmende.
I stedet for å få lov til å være uenig om en sak, så skal altså nå en person som sier sin mening om et tema, saksøkes med krav om både fengsel og usannsynlige høye «bøter».
Det er utrolig at ledende politikere ikke protesterer på en slik anti-demokratisk utvikling.
Deler av vesten begynner sannelig å nærme seg tilstanden i Nord-Korea, Kina, og gamle Sovjet-Unionen når det gjelder reaksjonene på at innbyggerne sier sin mening.
LikarLikt av 1 person
Mi oppfatning er at dei prøver å få monopol på sanninga ved å fjerne alle alternative synspunkt som strid i mot den «sanninga» dei sjølv definerer til ei kvar tid. Eit anna viktig moment er splitt og hersk. Folk blir sett opp mot kvarandre ved hjelp av intens propaganda, til dømes vaksinerte vs. uvaksinerte. Det at folk flest er godtruande og autoritetstru blir her utnytta på det grovaste. Når folk heller kranglar med kvarandre i staden for å slutte seg saman for å gå til åtak på herskarklassen, kan sistnemnde berre lene seg tilbake og sjå folk øydeleggje liva til kvarandre.
LikarLikar
Ja – mange offentlige instanser har inngått forbund på flere nivåer, og benytter manipuleringsteknikker for å skape et ønsket offentlig narrativ.
Det manipulatorene ikke tenker så nøye over, er at ved å forsøke å kneble meningsmotstandere, så legger de til rette for at de selv knebles på et senere tidspunkt.
LikarLikar