4.februar 2023 publiserte leiaren i Frihetsbevegelsen ein YouTube-video der han drøfta moglegheita for at Jorda kan vere flat. Mannen, som berre er kjent som Paul, kom med argument for at Jorda ikkje er sfæreforma, men i røynda kan vere ei flat slette som er omringa av ein isvegg som feilaktig blir kalla kontinentet Antarktis. Ifølgje Paul blir alle som prøver å krysse Antarktis stoppa av amerikanske militære – trass at Antarktis-traktaten forbyr militær aktivitet på kontinentet.
Videoen er spelt inn i samband med Paul og kona hans si reise til Mexico, og har tittelen «Frihetsbevegelsen i Mexico – video 10. HAR PAASKE RETT?» Tittelen refererer til forfatteren Christian Paaske, som er overbevist om at Jorda er flat. Eg registrerer at Paaske 25.september 2022 publiserte eit Facebook-innlegg der han hånte Common Law-tilhengjaren Sigmund Myklebust, som på den tida sat fengsla i Danmark fordi politiet påstod han hadde bremsa for hardt opp då dei ut av det blå jakta på han på motorvegen. Paul har same synet på lov og rett som sin gode venn Sigmund, og no, viser det seg, same syn på sjølve jordkloden som Christian Paaske.
Eg personleg trur ikkje Jorda er flat. Det tilhengjarar av flat jord-teorien trur, er derimot ganske interessant utifrå eit intellektuelt perspektiv. Det finst ulike syn på kva form Jorda eigentleg har. Mellom anna meiner somme at logoen til FN representerer verda slik den faktisk ser ut: ei flat slette der Antarktis omringar kontinenta som ein isvegg. Det finst opningar i denne isveggen, og opningane fører til ei anna og større verd utanfor. Vår jord er dermed berre inste «laget» av det som kan vere ei uendeleg rekkje isvegg-omkransa «sletter».
Om du vel å opne ormebolet som utgjer flat jord-teoriar, har du underhaldning i bøtter og spann. I motsetnad til fakta om covid-19, mRNA-injeksjonar, klimaendring og globalist-eliten, er dette ein ekte konspirasjonsteori. På sitt mest søkte, handlar flat jord-teorien om at den antarktiske isveggen er «utgangen» til ei større, uutforska slette av kontinent, eit konsept som sannsynlegvis oppstod i eldre vediske tekstar.
Dette er i slekt med konspirasjonsteorien om den hole jorda – at ein ved Nordpolen og/eller Sørpolen finn inngangen til ei verd som ligg på innsida av jorda. Staden er kjent som Agartha, som skriv seg tilbake til buddhistisk og tibetansk mytologi. I Vesten vart dette gjort kjent gjennom arbeidet til Madame Blavatsky og Det teosofiske samfunn. Ludvig Holberg fekk gjeve ut ein roman i 1741 med den latinske tittelen Nicolai Klimii iter subterraneum, som på norsk er kjent som Nils Klims reise til den underjordiske verden. Dette skal vere den fyrste nordiske science fiction-romanen, og ein av dei fyrste som bruker konseptet om den hole jorda, men vart ikkje utgjeven i Noreg før 1978. Dansk TV laga ein miniserie basert på romanen i 1984.
Flat jord-teorien har fått ei merkverdig oppblomstring dei seinare år, og til trass for at dette openbert er konspirasjonsteoriar, får videoar om teorien vere i fred på YouTube, som elles nådelaust slettar til dømes fakta om covid-19, 2020-presidentvalet i USA og klimaendring. Ingen flat jord-tilhengjar har, sovidt eg kjenner til, blitt kansellert eller mist jobben og sitt gode namn og rykte. Openbert vil nokon at so mange som mogleg skal tru på desse latterlege historiene. Dess fleire som blir distraherte frå å engasjere seg i reelle konsept og problem, dess betre.
I videoen kjem Paul med døme på kvifor han trur Jorda eigentleg er flat: flyruta han og kona flaug frå Amsterdam til Mexico. Han beit seg merke i at flyet ikkje flaug i rett linje over havet, men var mykje over land – noko som på den sfæriske og reelle Jorda framstår som ein omveg. På ei flat jord er det derimot tilsynelatande kortaste veg. Dette har ei vitskapleg forklaring: dei fleste flygingar over Atlanterhavet har som bevisst strategi å fly ei rute der flyet er minst mogleg over ope hav. Frå ein pilot sitt perspektiv er det mest føremålstenleg å leggje ei rute frå Amsterdam til Amerika over Island, Grønland og nedover Canada og USA. Då er flyet til ei kvar tid innan trygg rekkjevidd frå næraste flyplass om dei skulle få motorproblem. På grunn av jetstraumane i 11 000 meters standard marsjhøgd – som er eit resultat av jordrotasjonen – vil ei slik rute minske luftmotstanden og dermed drivstoff-forbruket. Og ikkje minst er omkrinsen til Jorda mindre når ein nærmar seg polane enn ved ekvator.
Jordrotasjonen er det ultimate bevis på at planeten er rund. Denne kan bevisast ved å dra ut proppen på ein vask eller eit badekar. Når vatnet renn ut i sluket, vil det rotere på grunn av coriolis-effekten. På grunn av den effekten vil til dømes vindar og havstraumar bøye seg mot høgre på den nordlege halvkula, og mot venstre på den sørlege. Vatnet som renn ut sluket er å rekne som ein «mini-havstraum», og vil følgje denne lova. Ei flat jord kan neppe rotere, so på ei flat jord ville ikkje verken vindar eller havstraumar ha bøygd seg nokon veg.
Inst inne – og dette er mine personlege spekulasjonar – so trur eg Paul og alle andre flat jord-bekjennarar veit dette. Dette er elementær fysikk. Grunnlaget for at dei faktisk trur på dette, framstår for meg som uforståeleg. Paul var ein av dei som kjempa Sigmund si sak då han vart utsett for justismord og overgrep av det norske og danske politiet, og kampen kan ha sett spor som Paul har valt å ikkje dele med offentlegheita (han seier sjølv i ein video at han og kona reiste til Mexico for å kome seg vekk). Eg registrerer òg at Paul har sletta alle videoane som er relatert til Sigmund-saka, noko vennen Arvid Gimre òg har gjort. Igjen, dei sjølve har ikkje presisert kvifor dei har gjort det – dette er halde skjult for offentlegheita etter deira ønske.
Vi kjempar alle kampar som tærer på oss fysisk og mentalt. Av og til blir verda so tung å leve i at vi har ein tendens til å flykte til alternative røyndommar. Men faren er når fleirtalet tilbringer mesteparten av tida si i desse fantasiverdene, for då kan eliten halde fram sin vondsinna og destruktive agenda. Pass på, ver forsiktige og hald dykk vakne.
Biletet til artikkelen viser forresten tydeleg krumminga på jordoverflata, noko som ikkje hadde vore der om Jorda hadde vore flat. Tilhengjarar av flat jord-teorien vil påstå at biletet er forfalska.