Yale-professor føreslår massesjølvmord og rituell bukspretting som løysinga på eldrebølgja i Japan

Av Kelen McBreen, Infowars. Omsett av saksyndig.

Professor ved Yale universitet, Yusuke Narita føreslår at nasjonen Japan byrjar ein massesjølvmordskampanje der eldre blir oppfordra til å begå seppuku, som er «ei handling der ein rituelt sprett opp buken».

«Eg føler det at den einaste løysinga er temmeleg tydeleg,» sa Narita til eit nettbasert nyheitsprogram seint i 2021. «Til slutt, er det ikkje massesjølvmord og masse-«seppuku» av eldre?»

Ifølgje New York Times, sa professoren ein gong at ein vil måtte diskutere i framtida om høvet for å gjere eutanasi «obligatorisk».

Dei kontroversielle kommentarane frå Narita har gjeve han ein stor skare følgjarar av unge japanske borgarar, som føler at nasjonen si store befolkning av eldre skader dei økonomisk.

Etter å ha fått global merksemd trekte Yale-undervisaren delvis tilbake påstandane ved å hevde at han brukte frasane «massesjølvmord» og «masse-seppuku» som «ein abstrakt metafor».

«Eg burde ha vore meir forsiktig med deira potensielle negative konnotasjonar», sa han. «Etter noko sjølvrefleksjon stoppa eg å bruke orda i fjor.»

Medan Narita prøver å distansere seg sjølv frå pro-eutanasi-kommentarane, driv hans fleire hundre tusen følgjarar på japanske sosiale media og luftar ideen om massesjølvmord som ei legitim form for økonomisk lette.

Denne anti-menneskelege mentaliteten er i taket blant den globale eliten som vil ingenting anna enn å avlive verda av eldre som er avhengige av andre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s