Himmelkrig: Falsk romveseninvasjons-psyop blir testa på lettlurte amerikanarar

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjarar av Natural News. Omsett av saksyndig.

Jetfly frå det amerikanske og kanadiske luftforsvaret bruker dyre missil til å skyte ned metalliske bursdagsballongar medan dei påstår at dei «vinn over» objekta. Alt er del av ein massiv psyop [psykologisk operasjon] for å prøve å antyde at romvesen invaderer Jordas atmosfære, og at utanomjordiske fartøy blir skotne ned av moderne kampfly.

Dei går ut av sine gode skinn for å prøve å framstille desse bursdagsballongane som mystiske, kanskje utanomjordiske fartøy. Og det er fullstendig latterleg. Til dømes rapporterer WSJ [Wall Street Journal] at eit «flygande objekt» vart skote ned over Canada. Objektet vart skildra som ein «liten metallisk ballong» (altso den heliumfylde bursdagsballongen til ein eller annan liten gut), som steig opp til ei høgd på 20 000 fot [6096 meter].

Kanadiske tenestepersonar miste pusten på grunn av si formidable militærinnsats for å «vinne over» ein heliumfylt bursdagsballong. Frå WSJ:

«Eit kanadisk patruljefly prøver å leite fram vrakdelane frå det øydelagde objektet. Frøken Anand [Canadas forsvarsminister] sa at ho ikkje kom til å spekulere på opphavet til objektet. ‘Ein burde ikkje undervurdere kor viktig denne augneblinken er. Vi identifiserte objektet saman, og vi vann over dette objektet saman,’ sa frøken Anand om fellesoppdraget mellom USA og Canada. Ho la til at dette markerte fyrste gong i historia til North American Aerospace Defense Command, eller Norad, at kampfly skaut ned eit objekt.»

Det er ein god del hyperventilering på grunn av ein bursdagsballong.

Russarane må liggje på golvet og gapskratte, no når dei veit at toppar innan amerikansk og kanadisk militære sit og skryter over å ha skote ned ein bursdagsballong, og bruker terminologi som «ukjent opphav» (fordi dei ikkje visste kva slags gutunge som sleppte den laus under bursdagsselskapet).

På liknande vis snakkar andre mediehistorier – openbert planta som del av ein psyop – om korleis objektet viser «ingen synlege framdriftssystem», som er nøyaktig måten helium-bursdagsballongar opererer på, naturlegvis.

Alle heliumballongar som flyt i atmosfæren manglar «synlege framdriftssystem». Og dei «flyg» eigentleg ikkje – dei flyt. So til og med overskrifta i WSJ er villeiande.

Vidare er sjølve ideen om at menneskeheita sine patetiske kampfly kan overvinne teknologien til romvesen som har evne til å reise fortare enn lyset, absurd. Dersom romvesen faktisk driv og besøker Jorda – som ikkje er ei urimeleg gjetting – er dei vitterleg ikkje dumme nok til å late UFO-ane sine bli skotne ned av militære woke-idiotar frå Canada og Pentagon.

Om noko, burde utanomjordiske le seg fillete av Jorda sine dumme menneske som lemlestar barna sine, myrdar babyane sine og har blitt so woke at dei trur at 2+2=5.

Når vi no nærmar oss Tredje verdskrig er det derimot fint å vete at det amerikanske militæret er skikka til å skyte ned bursdagsballongar. Om det vil gjere noko frå eller til når Russland sine Hyperglide Vehicles sender atomstridshovud til Washington D.C., er ei heilt anna sak. Dersom det amerikanske militæret kunne skyte ned Russland sine rakettar, ville vel ikkje Russland ha vore i stand til å stadig treffe kraftnettmål i Ukraina, ville dei vel?

Den gode nyheita er at dersom USA blir invadert av bursdagsballongar, har vi eit effektivt nasjonalt forsvarssystem som vi kan stole på.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 13.februar 2023.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s