Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Eit kontraterrorisme-program i Storbritannia som opphavleg vart utvikla for å fokusere på å stoppe radikale muslimske jihadistar frå å terrorisere landet, kan snart bli modifisert til å òg inkludere «uvaksinerte» som mål.
Den britiske SNP-politikaren Kirsten Oswald trur at det sokalla «Prevent»-programmet kanskje er ein tanke for «rasistisk» i si noverande form, fordi det risikerer å marginalisere Storbritannia sitt stadig veksande muslimske samfunn. For å bøte på det, vil Oswald at uvaksinerte skal leggjast til på landet si terror-overvakingsliste.
Oswald kom med desse kommentarane under ein tale av Home Secretary Suella Braverman om planar for «større reform» av Prevent-programmet. Braverman sa til rommet som var fullt av parlamentsmedlemmer (MP-ar), at det nye og forbetra programmet må fokusere «på tryggleik, ikkje politisk korrektheit».
Oswald ønskte velkommen desse kommentarane og ein tilknytt «lenge venta og fordømmande rapport» om temaet, for å sitere Newspunch si dekning av emnet – sjølv om Oswald la til at «der gjenstår derimot spørsmål om fokuset av kva vi ser».
«Eg lurer òg på om ho føler at ei forskyving av fokus trengst å takast til etterretning når det gjeld meir nylege former for ekstremisme som har oppstått sidan rapporten vart bestilt, ting slik som QAnon-ideologien som er importert frå USA, eller incels eller anti-vaksinerørsla som dukka opp under pandemien,» la ho til om Braverman sine planar for ei større reform.
«Til dømes lyt vi sjå denne rapporten i konteksten av Met [London Metropolitan Police] sin leiar for kontraterrorisme, som peiker på at tre av fire langtutvikla terrorplanar som vart avverga i 2021, faktisk involverte høgreekstreme og 41% av a kontraterrorisme-arrestasjonar i 2021 var av høgreekstreme mistenkte,» erklærte deretter Oswald.
Det vil altso «vere feil», sa ho deretter, «og visseleg skadeleg å stigmatisere eller marginalisere muslimske samfunn, og at risikoen utgjort av ideologiar slik som høgreekstremisme og antisemittisme, so vel som islamsk ekstremisme, må alle forbli sentrale for kvar ein kontraterror-strategi i Storbritannia.»
(Relatert: På høgda av covid gav italienske politikarar selskap ordre om å slutte å utbetale lønn til uvaksinerte tilsette på grunn av at desse nekta å samtykke til injeksjon.)
Venstreekstreme globalist-politikarar vil at uvaksinerte, konservative og kristne skal bli demoniserte som «terroristar»
Ifølgje Oswald er det å fokusere primært på radikale muslimar ein tanke utdatert i lys av denne nylege oppblomstringa av høgreekstrem terror som ho påstår feiar over Storbritannia og set ho sjølv og andre globalistar i fare.
I kommentarfeltet antydar ein person at Oswald er den som eigentleg høyrer heime på terror-overvakingslista. Trass alt er ho og hennar venstreekstreme med-globalistar ansvarlege for, eller i det minste medskuldige i, «mord, korrupsjon, av-dollarifisering og høginflasjonen» som finn stad akkurat no i kjølvatnet av covid-bløffdemien.
«Alle saman er kriminelle,» la den same personen til om Oswald med fleire.
Ein annan åtvara at amerikanarar gjorde lurt i å forsvare sine Second Amendment-rettar [retten til å bere skytevåpen], elles vil den same greia snart kome til USA. Britar har ikkje den same retten til å bere våpen som amerikanarar har, og er difor meir utsette for denne typen tyranni fordi dei har færre måtar å kjempe tilbake på.
«Gud forby at dei fokuserer på dei sanne terroristane: globalistar i maktposisjonar, slik som ho sjølv,» skreiv ein annan om Oswald og hennar vonde agenda.
«No veit vi kvifor Mayflower var overbefolka,» uttrykte ein annan om kvifor folk flykta frå Storbritannia i fyrste omgang for å starte eit nytt, «fritt» samfunn i Den nye verda.
«Ein berømt ein i vitskaplege sirklar sa ein gong at alle politiske parti er terrororganisasjonar,» skreiv ein annan. «Dette er temmeleg sant same kva dei består av, frå monarkistar til anarkistar og alt imellom, fordi dei alle blir grådige.»