Fire nedskytingar i amerikansk luftrom skakar nervar og framkallar spørsmål

Av John Solomon, Just the News. Omsett av saksyndig.

Ein bråte militæraktivitet i himmelen over USA har reist bekymring rundt luftfartstryggleik til eit av sine høgste nivå sidan 11.september-åtaka, og fått Kongress-medlemmer og tryggleiksekspertar til å desperat famle etter svar.

Det siste objektet som fekk det til å gå alarmar vart skote ned sundag [12.februar 2023] over Huron-sjøen utifrå ein overflod av varsemd for å sikre tryggleiken til sivil luftfart, seier tenestepersonar.

Nedskytinga gjort av amerikanske militærfly var den fjerde på mindre enn to veker.

Medan det fyrste objektet som vart skote ned for meir enn ei veke sidan, har blitt bekrefta å vere ein kinesisk spionballong, forblir dei tre andre objekta eit mysterium for dei fleste amerikanarar.

Majoritetsleiar i Senatet, Chuck Schumer, sa sundag at eit objekt som vart skote ned laurdag over Canada, mest sannsynleg var ein ballong.

Tenestepersonar sa at objektet som vart skote ned sundag i Midtvesten såg ut til å vere åttekantforma, med strengar hengande frå det.

«Dei informerte meg at eit F-16-fly som brukte eit AIM-9-missil hadde skote ned ein åttekantforma struktur over Huron-sjøen,» sa Jack Bergman (republikanar – delstaten Michigan) i eit telefonintervju som vart kringkasta av Fox News. Høgda var rundt 20 000 fot [vel 6100 meter; oms.an.].

Dei hittil usette militæraktivitetane i amerikansk luftrom fekk mange medlemmer av Kongressen til å krevje svar. Militæret og FBI saumfór vrakdelane for spor.

«So lenge som desse tinga driv og kryssar USA og Canada, kjem eg til å halde fram med å be Kongressen få ei full briefing basert på vår utnytting av vrakdelane,» sa Elissa Slotkin (republikanar – delstaten Michigan).

Somme republikanarar har uttrykt bekymring rundt mangelen på briefingar og om nedskytingane er ein overreaksjon.

«Der har vore romsøppel, vêrballongar, spionballongar og militære avansement i årevis,» sa Marjorie Taylor Green (republikanar – delstaten Georgia) på Twitter sundag kveld. «Plutseleg driv verdas supermakter og skyt ned uidentifiserte objekt. Dette ser ut som ein test av militær dyktigheit. Mangelen på bevis og briefingar er særs merkbare.»

Leiar i House Intelligence Committee, James Turner, republikanar – delstaten Ohio, sa at Biden-administrasjonen må gjere meir for å fortelje både allierte og motstandarar korleis vi har tenkt å forsvare luftrommet vårt.

«Eg vil heller at dei skal vere skyteglade enn ettergjevande. Men vi må sjå om dette ikkje berre er administrasjonen som prøver å endre overskrifter. Men det eg trur dette viser, som truleg er viktigare enn vår politiske diskusjon her, er om vi verkeleg treng å erklære at vi kjem til å forsvare luftrommet vårt,» sa Turner.

Michael McCaul, republikanar – delstaten Texas, leiar i House Foreign Affairs, godkjende sanksjoneringa av kinesiske selskap, men sa at meir må gjerast for å sikre USA på landjorda og i lufta.

«Vi er ein fabelaktig nasjon. Og faktum er uheldigvis at denne administrasjonen har valt å ikkje sikre grensa. Han kan ikkje eingong kontrollere og sikre luftrommet vårt no, ser det ut som,» sa han.

Objektet som vart teke ned sundag var sannsynlegvis det same objektet som vart sett over delstaten Montana laurdag, ifølgje general Glen VanHerck, kommandør av US Northern Command og Den nordamerikanske luftromsforsvarskommandoen (NORAD).

VanHerck fortalde reporterar at objektet fyrst vart observert rundt 16:45 laurdag, og at eit KC-135-tankfly vart sendt for å etterforske, før det kryssa inn i amerikansk luftrom nokre timar seinare, ifølgje CNN.

«Vi overvaka interessebana då det [objektet] passerte Michigan-sjøen,» la han til. «Vi adresserte at det ikkje utgjorde nokon trugsel, fysisk trugsel, militær trugsel… mot kritisk infrastruktur. Det er mi vurdering og held fram med å vere det per i dag.»

Objekta vart skotne ned utifrå ein «overflod av varsemd», sa Melissa Dalton, assisterande forsvarsminister for innanlands forsvar og hemispheric affairs [«halvkule-affærar», truleg referert til forsvar av den nordlege/vestlege halvkula; oms.an.].

«Fordi vi enno ikkje har vore i stand til å definitivt avgjere kva desse nylege objekta er, har vi handla utifrå ein overflod av varsemd for å beskytte tryggleiken og interessene våre,» sa Dalton.

«Spionballongen frå PRC [Folkerepublikken Kina] var, naturlegvis, annleis i at vi veit nøyaktig kva den var for noko,» sa ho. «Desse nylegaste objekta utgjer ikkje ein kinetisk militær trugsel, men bana deira nær sensitive forsvardepartementsstader og høgda dei flaug i kunne utgjere ein risiko for sivil luftfart og vekte difor bekymring.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s