Barnebøkene til Roald Dahl blir sensurert i stor «woke»-operasjon

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Roald Dahl sine klassiske barnebøker blir no sensurert som del av ein stor «woke»-operasjon for å gjere verka til forfattaren mindre støytande for liberale.

Dahls bøker inkluderer Charlie og sjokoladefabrikken, Heksene, Matilda, Verdens største fersken [originaltittel James and the Giant Peach] og SVK [The BFG].

Forlaget som har gjeve ut bøkene har samtykt til å arbeide med Roald Dahl Story Co., som ivaretek kopirettane og varemerka til verka, for å gjere hundrevis av endringar på vegner av venstreekstreme aktivistar.

Slaynews.com rapporterer: «Woke»-omarbeidingane blir utført for å ikkje støyte nokon med Dahl sine originale verk.

Roald Dahl Story Co. innrømte at dei hadde jobba med den venstreekstreme gruppa Inclusive Minds, rapporterte The Washington Post.

Inclusive Minds [«inkluderande sinn»] overvakar barnelitteratur for inkludering, mangfald og tilgjengelegheit.

Innsatsen deira involverer i somme tilfelle å fullstendig fjerne «støytande» ord slik som «kvinne», «mor» og «far».

The Telegraph oppsummerte somme av endringane som er gjort på Dahls bøker.

Avisreportasjen førde til at forfattar Salman Rushdie, som sjølv er gjenstand for ein iransk dødstrugsel for arbeidet sitt, skreiv på Twitter: «Roald Dahl var ingen engel, men dette er absurd sensur. Puffin Books og Dahl-konsernet burde skamme seg.»

Roald Dahl Story Co. argumenterte for at endringane var «små og nøye gjennomtenkt».

Selskapet insisterer på at målet er «å sikre at Roald Dahls fabelaktige historier og rollefigurar skal kunne nytast av alle barn i dag.»

Meldinga deira la til: «Når nye opplag av gamle bøker blir trykt er det ikkje uvanleg å gjennomgå språket som vart brukt, og oppdatere andre detaljar, inkludert omslaget og sideoppsettet.»

Somme av endringane som forleggjaren har implementert inkluderer følgjande:

«I Dustene [The Twits]: “Have you ever seen a woman with an uglier face than that” vart til “Have you ever seen anyone with an uglier face than that.”

“Oh do shut up, you old hag” vart til “Oh do shut up, you old crow.”

In Heksene vart følgjande setningar fjerna:

  • I do not wish to speak badly about women. Most women are lovely.
  • “How horrid!” “Disgusting,” my grandmother said.
  • When an actress wears a wig, or if you or I were to wear a wig, we would be putting it on over our own hair, but a witch has to put it straight on to her naked scalp.

In Matilda vart “mothers and fathers” til “parents.”

“She went on olden-day sailing ships with Joseph Conrad. She went to Africa with Ernest Hemingway and to India with Rudyard Kipling,” vart til “She went to nineteenth-century estates with Jane Austen. She went to Africa with Ernest Hemingway and California with John Steinbeck.”

I Charlie og sjokoladefabrikken vart følgjande setning fullstendig fjerna:

“Mike Teavee himself had no less than eighteen toy pistols of various sizes hanging from belts around his body, and every now and again he would leap up into the air and fire off half a dozen rounds from one or another of these weapons.”

Denne setningen vart òg fjerna: «The Oompa-Loompas spent every moment of their days climbing through the treetops.»

I SVK vart ordet «black» konsekvent erstatta av ordet «dark» i setningar slik som «It was something black», «It was something tall and black» og «Something very tall and very black and very thin».

Kommentar frå saksyndig: Don Rosa er no òg offer for sensur, skriv Document. Det skal dreie seg om figuren Bombie the Zombie, som er av sub-Sahara-afrikansk opphav. Figuren vart derimot skapt av Carl Barks for historia «Voodo Hoodo» frå 1949. Det er uvisst om den Barks-historia er eller kjem til å bli sensurert. Dei to Rosa-historiene med figuren vart publisert rundt 40 år seinare, og har fram til no ikkje vekt nokon som helst kontrovers.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s