Rettferd? Anthony Fauci burde bli sikta for fleire tilfelle av uaktsamt drap

Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.

Dr. Anthony Fauci hadde oversyn over finansieringa av koronavirus-relatert gain-of-function-forsking ved Wuhans institutt for virologi i Kina, og skrytte over å arbeide med kinesiske vitskapsfolk der. Han har på berykta vis argumentert at utføring av slike eksperiment på smittsame virus og auken av kor potente dei er, var verdt risikoen, sjølv om forskinga ved eit uhell kunne føre til ein pandemi. So, ved hjelp av hans kollega Peter Daszak [uttala ‘DEYsækk’] ved EcoHealth Alliance, hjelpte Fauci til med å gå utanom forbodet mot gain-of-function-forsking, og delegerte oppgåva til Kina.

Fauci prøvde deretter å dekkje over sine ulovlege og uetiske gain-of-function-forskingsprogram ved å få leiande vitskapsfolk til å avsanne kvar ei undersøking rundt lablekkasjen som ein «konspirasjonsteori». Fauci fekk vitskapsfolka til å publisere artikkelen «The Proximal Originals of SARS-CoV-2» i februar 2020, med det føremålet å undertrykkje undersøkingar rundt lablekkasje-teorien og skjemme ut kvar ein vitskapsmann som etterforska laboratorieopphavet til SARS-CoV-2. til og med den tidlegare CDC-direktøren Robert Redfield sa at Fauci og Collins fraus han ut av diskusjonen om opphavet til SARS-CoV-2. Då Fauci vart konfrontert av senator Rand Paul, stod han framfor Kongressen og laug om si involvering i denne koronavirus-relaterte gain-of-function-forskinga og prøvde å skjule definisjonen av gain-of-function-forsking.

Fauci må bli sikta for uaktsamt drap

Etter covid-19-vaksinane vart tvinga fram og tvinga på den globale befolkninga, held den verdsomspennande dødsraten for covid-19 fram med å stige; no ligg den på rundt 1,13 millionar. Fauci ber eit digert ansvar for dei mislykka mRNA-vaksinane som han pressa ut, gjorde obligatoriske og tente store pengar på gjennom gain-of-function-forsking og undertrykking av effektive behandlingar. Han ber eit digert ansvar for brota på menneskerettane som oppstod på grunn av hans mandat og sensur, og for sjølve covid-19-dødstalet. Fauci sitt gain-of-function-spel ligg i hjartet av alle desse skandalane og tragiske dødsfalla. Av desse grunnane burde Anthony Fauci bli sikta for fleire tilfelle av uaktsamt drap.

Forsvarsadvokaten Steven Rodriquez forklarer:

«Kriminelt uaktsamt drap […] er det brotsverket å forårsake ein annan persons død gjennom kriminell forsømmelse. Kriminell forsømmelse invonverer meir enn vanleg mangel på omsorg, manglande merksemd eller feilvurdering.»

Ein person opptrer med kriminell forsømmelse når:

  • Han eller ho handlar på ein uvørden måte som skaper høg risiko for død eller alvorleg kroppsskade; og
  • Ein forstandig person ville ha visst at det å handle på den måten vil skape ein slik risiko.

«Med andre ord opptrer ein person med kriminell forsømmelse når hans eller hennar åtferd er eit grovt avvik frå den standarden av omsorg som ein forstandig person ville utvise i den same eller liknande situasjon. Til dømes, om ein bilførar drep ein fotgjengar ved å køyre i høg fart gjennom eit bustadområde og ignorerer trafikklys, burde han bli tiltala for uaktsamt drap,» sa han.

Fauci spelte ei leiande rolle i dei mange covid-brotsverka mot menneskeheita

Fauci brukte psykologisk terrorisme for å oppnå måla sine og tene pengar på det farlege vaksineprogrammet som vart sleppt ut før erklæringa og kvantifiseringa av pandemien. Statlege embetsmenn som Anthony Fauci sette overfeiande, samfunnsomspennande diagnosar som kom med alvorlege konsekvensar, ymse medisinske feil og langtrekkjande biverknader. Desse embetsfolka tok full kontroll over heile sektorar av samfunnet, truga individet sitt samvit, samtykke og rettar knytt til kroppsleg autonomi. Fauci kom ikkje med adekvat informert samtykke for nokon av dekreta sine, og han konspirerte til og med for å fjerne informert samtykke ved å kontrollere viktig informasjon via dei store sosialmedieselskapa.

Statlege embetsfolk som Fauci kom med breie ordinasjonar for eit problem som dei aldri tydeleg definerte eller ikkje ein gong hadde kontroll over i fyrste omgang. Deretter tvinga dei sine ordinasjonar på folket og tvinga ein stor del av befolkninga til å ta del i medisinske eksperiment. Då statlege embetsfolk tok kontroll over liva til folk, og undertrykte informert samtykke, tok dei automatisk ansvar for konsekvensane av sine hastediagnosar, ordinasjonar og eksperiment.

Fauci var den som gav ordre om skulestengingar, for deretter å seinare lyge om at han nokosinne bad om skulestengingar. Dette er mannen som tvinga bedragerske diagnostiske testar på befolkninga og brukte dei kollektive resultata av desse testane til å kontrollere det medisinske systemet og den private industrien med nedstengingar og irrasjonelle karantenar. Dette er mannen med dei mordariske mRNA-vaksine-mandata, som øydela tallause liv og stal tallause levebrød. Hans påbodne protokollar, undertrykking av effektive behandlingar og avvising av naturleg immunitet, bana veg for fleire hundre tusen unaudsynte covid-19-dødsfall. Alle individa som gjekk glipp av medisinsk evaluering og kontrollar [til dømes røntgen og MR; oms.komm.], som vart skilde frå familien sin og tvinga på remdesivir og respirator, eller som fall inn i misbruk av alkohol og narkotika, var offer for Faucis kriminelle nedstenging, isolasjon og karanteneordrar.

For å gjere ting verre for Fauci, går den globale overtalsdødelegheita for 2021 og 2022 forbi covid-19 og er eit endå større problem enn pandemi-dødsfalla som var eit resultat av gain-of-function-forsking, nedstengingar og ineffektive, påbodne protokollar. Medan han langt ifrå er den einaste som er ansvarleg, ber han eit digert ansvar for all overtalsdødelegheita i post-covid-19-æraen, inkludert alle skadane som har oppstått på grunn av påboda hans, sensuren hans, og dei påtvinga gain-of-function-eksperimenta.

Alle desse grusomheitene er langt frå over. No må alvorleg ansvarleggjering følgje – for Anthony Fauci, Francis Collins, Peter Daszak og alle gjerningspersonane som er involverte.

Kommentar frå saksyndig: I Noreg gjeld dette mellom anna tidlegare statsminister Erna Solberg, tidlegare helseminister Bent Høie, Bjørn Guldvog, Espen Rostrup Nakstad, Camilla Stoltenberg med fleire. I tillegg kjem underordna kollaboratørar som, trass at dei vart opplyste om at det dei gjorde var gale, likevel valde å gjere det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s