«Transideologi krev herredømme over sjølve naturen»
Av Jim Hoft, grunnleggjar og redaktør av The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
Tucker Carlsen opna sitt program tysdag [28.mars 2023] med ein diskusjon om transsamfunnet og vald.
Under sin monolog slo Tucker fast at transkjønnssamfunnet er spegelbiletet av kristendommen, og at dei to gruppene er på kollisjonskurs:
Tucker Carlson: Transrørsla er spegelbiletet av kristendommen og difor hans naturlege fiende. I kristendommen er prisen for tilgang å innrømme at du ikkje er Gud. Kristne vedgår ope at dei ikkje har noka reell makt over noko, og for den saks skuld, særs lite personleg dyd. Dei vil seie rett opp i fjeset på deg at dei er syndige og hjelpelause og essensielt absurde. Dei er ikkje skjemde over noko av dette. Dei skryter over det. That saved a wretch like me lyd den mest kjende kristne salmen som nokosinne er skriven på engelsk [«det redda eit vrak som meg»]. Transrørsla tek den motsette ståstaden. Transideologi krev herredømme over sjølve naturen. Vi kan endre identiteten vi vart fødde med. Dei vil seie til deg med storøygd visse at kristne aldri kan seie seg einige med denne ytringa fordi det dreiar seg om krefter som dei trur Gud åleine har. Den manglande viljen til å semjast, det å mislykkast i å anerkjenne ein transpersons herredømme over naturen oppviglar og gjer forbanna somme i transsamfunnet.
Folk som trur dei er Gud toler ikkje å bli minte på at dei ikkje er det. So kristendommen og transkjønnsortodoksien er fullstendig inkompatible teologiar. Dei kan aldri bli forlikte. Dei er på kollisjonskurs med kvarandre. Den eine sida vil sannsynlegvis gyte blod før den andre.
Sjå videoen her.