Av John Nolte, Breitbart. Omsett av saksyndig.
Før masseskytinga utført av Audrey Hale, den 28-årige transpersonen som myrda tre ungar og tre stykke i staben ved ein kristenskule i Nashville måndag [27.mars 2023], bad venstreradikale om ein «hemnens transdag» [engelsk Trans Day of Vengeance].
I februar annonserte ei gruppe transpersonar at «ein hemnens dag» ville bli halden i Washington, D.C. mellom 31.mars og 2.april. Deira spesifikke mål er å «stoppe trans-massemord» (som er ein bløff), spesifikt ved å samle inn pengar til å kjøpe skytevåpen.
Dei no sletta Twitter-meldingane sa:
«Vi håper å sjå dykk i DC eller på nettet 😊 ! Tida er inne, nok er nok. Dette landet er fullt av hat og hat er IKKJE velkome i dette landet. Vi er menneske og vi vil alltid eksistere. De er alle verdt det, lat oss sameinast. #TransDayOfVengeance»
Spleis for dansefest!! 7.mars 20:00 – 02:00 @falloutrva, 18+, $10 føreslegen inngangspris
For skytevåpen/sjølvforsvarstrening for transpersonar i delstaten Virginia. Kom og dans boogie med oss og forsvar translivet!»
«Day of Vengeance»-nettsida ligg framleis ute.
Kor skal vi byrje…?
Lat oss byrje med ordet vengeance [«hemn»].
Ifølgje Dictionary.com, er toppdefinisjonen av vengeance:
«påføring av skade, audmjuking eller likande på ein person av ein annan som har blitt skadd av den personen; valdeleg gjengjelding.»
Eg er temmeleg sikker på at det å skyte rundt seg på ein kristen grunnskule kvalifiserer som hemn.
So har vi det faktum at denne hemnens DAG varer i tre dagar, mellom 31.mars og 2.april. Det kan sjå ut som ein bagatell, men det kastar lys på kven vi har med å gjere her. Hallaien, folkens, bli med oss på ein tre dagar lang hemndag!
So har vi denne regelrette nonsensen om «transfolkemord». Der finst ikkje noko transfolkemord. Akkurat som klimaendring (som er ein bløff), er heile ideen om eit «transfolkemord» ein bløff: [feit skrift er i originalen]
«Der var 26 031 mord i 2021. Hemnens transdag-gjengen påstår 60 mord i 2022 av transpersonar. 1,6 millionar i USA identifiserer seg som trans. Det trur eg skulle utgjere 3,75 mord per 100 000. Det er mindre enn halvparten av den til den generelle befolkninga.»
Det desse forrykte skrullene faktisk er forbanna over, er trekket i delstatar som Tennessee (der Audrey Hale budde) om å beskytte barn frå den nazi-aktige lemlestinga i den sataniske transsaka sitt namn.
«Kjønnsbekreftande omsorg» er ingenting anna enn den skrekken det er å permanent lemleste eit barn. Dette er gjort gjennom fjerning av brysta, fjerning av penis, og ei horribel «behandling» som nyttar seg av kjemikaliar for å stoppe puberteten (og, i andre kontekstar, nytta til å kjemisk kastrere seksualforbrytarar). Tusenvis av barn blir ofra på denne måten på det demoniske altaret til transrørsla.
Eg kan ikkje levande førestille meg at når eit barn går til ein forelder eller lærar og seier at dei ikkje er komfortable med den dei er, står denne forelderen eller læraren no og seier «Du burde ikkje. Du er eit genetisk uhell. Naturen peikte deg ut. Lat oss fjerne penisen din og kjøpe nokre høghæla sko til deg.»
Dei fleste tenåringar går gjennom ein klein fase. Sømelege menneske gjev dei råd om å akseptere den dei er. I ekstreme tilfelle skaffar vi barna rådgjeving og psykiatrisk hjelp. Men vi får ikkje lenger lov til å behandle kjønnsdysfori som eit mentalhelseproblem. Det blir no kalla «transfobi». Og dermed står vi her, med ein armé av psykisk sjuke menneske med den vrangførestillinga at dei er under åtak og gjevne spesialstatus av politikk- og medieetablissementet.
Audrey Hale, som identifiserte seg som mann, er den fjerde trans-masseskytaren på nesten like mange år…
Snochia Moseley, ein mann som identifiserte seg som kvinne, såra tre og drap tre i november 2018, etter å ha opna eld på arbeidsplassen sin i Aberdeen i delstaten Maryland.
Ei Colorado-kvinne som identifiserte seg som mann, skaut om seg på ein skule i mai 2019 og drap ein og såra åtte.
Ein Colorado-mann som i november 2022 vart skulda for å skyte rundt seg på ein homsenattklubb og drap fem og såra åtte, identifiserte seg som transseksuell.
Dette er fire transseksuelle på fire og eit halvt år som er sikta for, dømt for eller drepne under ein masseskytingsepisode.
Dette er det som skjer når ein ikkje lenger reknar noko for ei psykisk liding, og konsernmedia (skattepengefinansiert) oppmodar dei til å kjøpe skytevåpen for å beskytte seg sjølve frå «hatgrupper» (som ikkje eksisterer).
Gløym aldri at USA aldri hadde nokon problem med transseksuelle og drag queens framtil transseksuelle og drag queens byrja å velje seg ut barn som mål for grooming og lemlesting, øydela kvinneidretten, brukte dei same garderobane som døtrene våre, og kravde at vi jatta med deira vrangførestillingar med dei korrekte pronomena.
Vi lét desse folka vere i fred. So erklærte dei krig mot oss, sanninga og barna våre.