LGBTQ-aktivistar kjempar med nebb og klør for å halde manifestet til transskyttaren i Nashville skjult

Henta frå Revolver.news. Omsett av saksyndig.

I etterkant av den skrekkelege skuleskytinga gjort av ein transperson i Nasville, prøver amerikanarar flest framleis å ta til seg det som har skjedd.

Kvifor skaut ei 28 år gammal dame som identifiserte seg som mann rundt seg på ein kristenskule fylt med unge barn, for deretter å myrde tre uskuldige 9-årige barn i kaldt blod, i tillegg til tre vaksne i 60-åra?

Gjerningspersonen, Audrey Hale, vart drepen på staden av raskt utrykkjande politibetjentar.

Vi visste at Audrey var elev ved kristenskulen på eit tidspunkt, so var motivet hennar hemn?

Psykisk liding?

Venstreekstrem indoktrinering?

Transhormon?

Alt ovanfor?

Etterforskingsreporter Paul Sperry rapporterer at Audrey sine foreldre kan ha visst mykje meir om kva dottera deira dreiv med enn vi trudde. [I Twitter-meldinga til Sperry står det: «SISTE: Foreldra til skuleskyttaren Audrey Elizabeth Hale visste at ho hadde kjøpt minst eitt våpen medan ho var underlagt psykiatrien – og budde saman med dei i ein alder av 28 – og visste at ho gøymde noko i ein raud bag, men undersøkte det ikkje. Det viser seg at ho hadde lagra sju (7) våpen.»]

Kunne dei ha stoppa ho?

Derimot, ifølgje den vanæra justisministeren Merrick Garland, kjende visstnok ingen Audrey sitt motiv.

Uheldigvis for Merrick trur ingen på det tullpratet. Vi veit alle at drapspersonen skreiv eit manifest.

Det er kategorisk latterleg å antyde at embetsfolk ikkje er fullt klare over motivet til skytaren.

Derimot vil kanskje folket aldri få vete kva som verkeleg skjedde… LGTBQ-aktivistar kjempar med nebb og klør for å halde manifestet skjult for offentlegheita, og per dags dato nektar Nashville-politiet å offentleggjere det.

Vi høyrer at LGBTQ-aktivistar kjempar for å halde manifestet skjult fordi dei trur at dersom det blir offentleggjort, vil det setje rørsla deira i fare.

Frå Newsweek:

«‘Det burde ikkje bli publisert,’ sa Jordan Budd, executive director i Children of Lesbians and Gays Everywhere (COLAGE) til Newsweek. ‘Fokuset burde vere på korleis dette kunne skje i fyrste omgang. Der burde ikkje vere lett tilgang til dødelege våpen.’

Charles Moran, den nasjonale presidenten i Log Cabin Republicans, ein republikanar-organisasjon som er forkjempar for like rettar til LGBTQ+-amerikanarar fortalde òg til Newsweek at der er ‘alvorlege konsekvensar’ for offentleggjeringa av manifestet.

‘Medan det visseleg ville gje innsikt i motiva av dette djupt forstyrra individet som kunne hjelpe til med å kase lys over rotårsakene, veit vi frå tragediar som dette at det å gjere skytaren til ein helt og/eller forherleggjere handlingane, kan inspirere andre til å utføre liknande valdshandlingar for å få merksemd,’ sa Moran.

Laura McCinnis, talskvinne for PFLAG, var einig, og sa til Newsweek at offentleggjering av desse dokumenta kunne auke risikoen for smitteeffekt. Ho sa at medan manifestet kan hjelpe politiet og lovgjevande styresmakter å identifisere potensielle varselssignal for å hindre framtidige tragediar, ‘endrar innhaldet til sjuande og sist ikkje utfallet av tragedien’.

‘Uavhengig av skyttaren sine intensjonar, er det ekte problemet her kor lett det er å få tak i dødelege våpen i Tennessee og andre stader,’ sa Budd, og la til ‘Alle barn, same kven foreldra deira er eller kva dei identifiserer seg som, burde føle seg trygge og støtta på skulen. Det inkluderer ei verd fri for skytevåpenvald’.»

Sanninga er at transaktivistar ønskjer å halde manifestet skjult slik at folket ikkje kan bli vitne til korleis deira [transrørsla si] destruktive retorikk har radikalisert so mange unge menneske, og gjort dei om til tikkande bomber.

I tillegg, dersom manifestet blir offentleggjort og kastar lys på dei mentale lidingane innåt i det valdelege og radikaliserte transsamfunnet, vil Demokratar òg få vanskar med å presse fram sin elska skytevåpenkontroll-agenda.

So, av desse sjølvsame grunnane, må vi halde fram med å krevje at manifestet blir offentleggjort.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s