Av Jonathon Van Maren, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
AOC [Alexandria Ocasio-Cortez] vil at verdiane hennar skal undervisast til andre menneske sine barn, og ho ønskjer å bruke regjeringsmakt for å gjennomføre det.
Krigen mellom amerikanske foreldre og progressive politikarar med indoktrinering som agenda hetar seg opp med vedtakinga av lovforslaget Parental Bill og Rights Act gjennom den amerikanske Kongressen 24.mars med 213 mot 208 røyster.
Lovforslaget, som av mykje av hovudstraumsmedia blir dekt som nok eit republikansk føretak i kulturkrigen, er faktisk eit lindrande, fornuftig stykke lovgjeving som berre er ute etter å sikre at foreldre blir involverte i utdanninga av barna sine.
Parental Rights Act vil krevje at offentlege skuledistrikt blir transparente, offentleggjering av detaljar i læreplanane som blir underviste til elevar, so vel som å kome med lister av bøker og anna undervisningsmateriell som er gjort tilgjengelege i elevbibliotek.
I tillegg vil lovforslaget gjere det obligatorisk for skulestyre å motta tilbakemeldingar frå foreldre so vel som å tilby minst to fysiske foreldremøte i året. Parental Bill of Rights Act unngår å gå i detalj, noko som tydar at dersom eit fleirtal av foreldre er for den typen LGBT-bøker og andre lekser som har blitt gjenstand for protestar i heile USA, vil dei ha rett til å kome med den tilbakemeldinga.
Ifølgje talar i Huset Kevin McCarthy, har Parental Bill of Rights «fem søyler for å sikre at foreldre har retten til å bli høyrt når det gjeld utdanninga til barna sine: Retten til å vete kva som blir undervist i skular og til å sjå pensum; Retten til å bli høyrt, Retten til å sjå skulebudsjettet og pengebruken; Retten til å beskytte privatlivet til barna; [og] Retten til å bli oppdatert når det skjer alle former for valdeleg aktivitet på skulen.»
Alt dette burde naturlegvis vere ukontroversielt. Dette lovforslaget skaper ikkje nye foreldretettar, men anerkjenner eksisterande rettar som i løpet av det siste tiåret har blitt stadig meir ignorerte og brotne.
Forskrekka foreldre har oppdaga at barna deira har blitt «sosialt forvandla» av skulepersonale i heile landet; offisiell policy på mange delstatlege skular er å bevisst skjule nøkkelinformasjon (slik som pensum, elevar som vel ny kjønnsidentitet, og lesemateriale) frå foreldre. Parental Bill of Rights er ein påminnar til aktivist-skulestyre og undervisarar at dei ikkje er foreldra og at autoriteten deira ikkje er primær.
Difor har reaksjonen til progressive politikarar på dette lovforslaget vore avslørande – som vanleg.
Kongresskvinne Alexandra Ocasio-Cortez [AOC], ein medlem av den venstreekstreme gruppa Demokrat-politikarar kalla «The Squad» [«Skvadronen»], gav ein affektert og kunnskapslaus tale der ho kravde at Republikanarane «heldt kulturkrigane ute av klasseromma», og ignorerte det faktum at Parental Bill of Rights heller gjev foreldra retten til å halde kulturkrigane ute av klasseromma. «Når vi snakkar om progressive verdiar, kan eg seie kva min progressive verdi er,» sa ho høglytt og bestemt. «Og det er fridom over fascisme! Takk skal de ha.»
Det er verdt å bryte dette opp i mindre delar. AOC ser ikkje ut til å forstå at hennar versjon av «progressive verdiar» – som inkluderer den radikale LGBT-agendaen – er nøyaktig det mange foreldre protesterer mot, og nøyaktig kvifor dei ønskjer å ha noko dei skulle ha sagt når det gjeld kva barna deira blir undervist om. Ho ser heller ikkje ut til å begripe det faktum at det fridom å gje foreldre eit ord med i laget om kva som blir undervist i delstatlege skular; det er langt nærare fascisme å insistere at delstaten har rett til å undervise i delstatlege dogme til barn mot foreldre sin vilje.
AOC vil at hennar verdiar skal undervisast til andre menneske sine barn, og ho ønskjer å bruke regjeringsmakt for å gjennomføre det.
Det kjem ikkje som noka overrasking at Kongresskvinne Ocasio-Cortez kallar foreldrerettar «fascisme» – trass alt identifiserer ho seg som ein demokratisk sosialist. Det er eit gammalt sosialistisk triks å referere til dei som er ueinige med dei som «fascistar», sidan det delegitimerer ideologiske motstandarar utan å måtte setje seg inn i argumenta deira. I dette tilfellet må AOC og dei fleire hundretals andre Demokratane som er einige med ho, forklare kvifor delstatleg tilsette burde bli skjerma frå innsyn og oversikt frå foreldra, og kvifor dei trur at regjeringa står over familien. Eg har mistanke om at deira ærlege svar til det vil høyrast mistenkjeleg ut som fascisme.