Av Cassie B., NewsTarget. NewsTarget er systersida til Natural News. Omsett av saksyndig.
Politidepartementet i Texas-byen Austin er på grunn av kutt i midlar so underbemanna at ein fyllekøyrar nyleg hadde tid nok til å bli edru igjen på åstaden for ei bilulykke, og unngjekk dermed straffetiltale etter å ha køyrt inn i bilen til ein militærfamilie.
Lacey Purciful køyre i nordlege Austin med ektemannen og to barn om ettermiddagen 18.mars, då dei frontkolliderte med ein mannleg sjåfør som kryssa to felt med trafikk. Ho sa: «Front mot front, inga bremsing, kollisjonsputene utløyste seg, barna hylte, røyk, adrenalin, vi byrja å hyle, og fekk barna ut av bilen.»
Sjåføren, som var i 70-åra, lukta ifølgje ein bussjåfør som var vitne til ulykka alkohol, og nekta å kome ut av køyretøyet sitt. Rundt 30 minutt seinare då han omsider kom ut, fall han i bakken og byrja å lage uvanlege lydar.
Det var ikkje berre vitnet som trudde at sjåføren var full; sjåføren sjølv innrømte på åstaden at han hadde drukke og kom rett frå ein bar. Purciful sa: «Alle kunne lukte alkohol frå denne mannen. Han innrømte openlyst at han hadde drukke. Han sa til ektemannen at han drakk High Noons [ein type cocktail med vodka; oms.an.]. Det er ikkje berre eg som kjem med skuldingar; han sa rett ut til oss at han hadde drukke, og det fanst ikkje spor av anger.»
Ho la til at han aldri spurde dei om det gjekk bra med barna, og bad aldri om orsaking.
Politiet brukte to og ein halv time på å kome til ulykkesstaden
Familien ringde 911 [naudnummeret] fem gonger etter kollisjonen, men det overarbeidde og underfinansierte politidepartementet lét dei vente to og ein halv time før ein betjent omsider kom til staden.
Byrådet i Austin gjekk hen og kutta kraftig i politidepartementet sitt budsjett under George Floyd-opptøyane i 2020. Sjølv om delstaten sidan den gong har gjenoppretta midlane, har dei ikkje vore i stand til å dekkje inn igjen bemanningsnivået, og dette medan låg moral og problem med politikontrakter har ført til at ei rekkje personar har pensjonert seg.
Politidepartementet i Austin bekrefta at oppringinga om ulykka kom 16:18, og at den fyrste politibetjenten ikkje kom til staden før 18:35.
«Betjentane våre arbeider hardt kvar dag for å handtere det høge talet oppringingar som vi får, og svare på dei i samsvar med ressursane vi har tilgjengelege,» vart det sagt i ei melding frå politidepartementet. «Uheldigvis er dette service-nivået ikkje på høgd med det nivået vi håper å tilby samfunnet vårt. Likevel går vi jamleg gjennom prosessane våre og vurderer korleis vi kan forbetre oss i å tene Austin by og dei som vel å besøke oss.»
Advokaten til Purciful, Adam Loewy, sa til Fox News at rundt 25 betjentar normalt ville vere i det området dersom dei var fullbemanna, og responstida på 2,5 timar var lenge nok til at sjåføren vart edru nok til å bestå ein edruelegheitstest. Han fekk fare sin veg med berre eit mindre trafikkbrot.
Purciful fortalde at hennar familiemedlemmer opplevde skader slik som blåmerke og brennmerke, medan ho braut handleddet. I tillegg forårsaka kollisjonen at ei cyste i eggstokkane hennar kollapsa, noko som gav ho det ho skildra som «fryktelege magesmerter». Dottera hennar vakna i mellomtida opp midt på natta og skreik av smerte, dette på grunn av ein skade i skrittet relatert til firepunkts-setebeltet ho hadde på seg i bilen.
No prøver ho å spreie det som skjedde med ho, og å få sjåføren rettferdig dømt. Medan advokaten hennar seier at ei sak mot byen er usannsynleg på grunn av immunitetsvern, kan dei gå til sivilt søksmål mot forsikringsselskapet til fyllekøyraren og baren som skjenkte han.
Loewy sa at Austin rett og slett ikkje har nok politibetjentar. «Konsekvensen i det verkelege liv er det som Lacey og Dustin akkurat gjekk gjennom. Du ringjer ein politibetjent, dei har ikkje nok politibetjentar, og du sit i vegkanten skadd med barna dine, og ingen dukkar opp på to og ein halv time. Det er skammeleg.»