Tolv løgner om Covid-19-«pandemien»

Her følgjer ei rask, men essensiell oppsummering av koronaprosjektet, framført av dr. Michael Yeadon og henta frå ein artikkel på Nyhetsspeilet. Dette er dei tolv løgnene om Covid-19-«pandemien». Gjengjeve av redaktøren i Saksyndig:

  1. SARS-Cov-2 har so høg dødelegheit at kvart eit middel må takast i bruk for å spare liv. Feil: Dødsraten er ikkje meir enn 0,1 til 0,3%, som ikkje er betydeleg ulik dei årlege influensa-epidemiane.
  2. Fordi dette er eit nytt virus, vil der ikkje vere nokon eksisterande immunitet i befolkninga. Feil: Basert på fagfellevurdert forsking, til 30 til 50% av befolkninga ha ein allereie eksisterande kryssimmunitet.
  3. Viruset diskriminerer ikkje; ingen er trygge før alle er trygge. Feil: SARS-CoV-2 diskriminerer. 1000% mindre hjå unge enn eldre.
  4. Asymptomatisk smitte: Òg folk som ikkje har symptom kan vere infiserte og smitte andre. Feil: Asymptomatisk smitte er det sentrale omgrepsmessige bedraget som er brukt for å grunngje alle tiltake.
  5. PCR-testen identifiserer folk med klinisk infeksjon. Feil: PCR-testen er det sentrale operasjonelle bedraget.
  6. Ansiktsmasker/munnbind hindrar eller bremsar spreiing av virus. Feil: Masker/munnbind verken hindrar eller bremsar spreiing av virus.
  7. Nedstengingar bremsar spreiing av virus og reduserer talet korona-sjuke og korona-dødsfall. Feil: Generelle nedstengingar fungerer aldri. Berre «ver heime når du er sjuk» fungerer.
  8. Det finst ingen effektive behandlingar av Covid-19. Feil: Der finst fleire trygge og effektive midlar mot Covid-19.
  9. Du kan bli infisert av viruset fleire gonger. Feil: Fagfellevurderingar viser få klinisk dokumenterte reinfeksjonar.
  10. Fleire variantar vil opptre, og gjev grunn til bekymring. Feil: Viruset muterer langsamt, ingen variant er i nærleiken av å kunne motstå naturleg immunitet. Ein vaksine-immunitet, som er meir spesifikk, kan vere uverksam mot nye variantar. Grunn til bekymring.
  11. Universell vaksinering er einaste måte å få slutt på pandemien. Feil: Ein uprøvd vaksineteknologi er ikkje ein sikker måte å få slutt på ein pandemi. Vaksinar som tillèt reinfeksjon vil tvert imot sørge for at pandemien held fram.
  12. Dei nye vaksinane er trygge og effektive. Feil: Dei genbaserte «vaksinane» er giftige, sidan piggproteinet som kroppen blir tvinga til å produsere, kan framkalle blødingar, mikro-blodproppar og andre sjukdomstilstandar.

Tiltrua til styresmaktene og spesielt helsevesenet er forståeleg nok særs redusert no når koronaprosjektet har vist seg å vere ein bløff frå ende til annan. Eg har faktisk via postlistene til kommunen (og delvis gjennom «jungeltelegrafen») funne ut at den kommunale sjukeheimen eg brukte å jobbe på fram til 2021, har fleire erstatningssaker frå pårørande under behandling – dødsfall i samband med Covid-19 (eigentleg vaksineskadar?). Det ser ut til at fleire og fleire omsider byrjar å vakne opp til dette historiske bedrageriet. Min tidlegare arbeidsgjevar fortener å bli saksøkt herifrå til Månen, og ein viss einingsleiar sit nok og sveittar og skjelv på kontoret sitt for tida.

One comment

Kommenter innlegget