Ei alternativ tilnærming til eldreomsorg

Det relativt nye partiet Noregsdemokratane (DEM) har eit syn på politikk som samsvarer mykje med det til redaktøren i Saksyndig. Eg som helsefagarbeidar opplever at det noverande helsesystemet rett og slett ikkje fungerer; det har på norske sjukeheimar funne stad ei utskifting av kvalifisert, norskspråkleg personale, og dei som er igjen er anten utlendingar eller svært unge personar, som oftast jenter. Personleg trur eg dette er gjort med overlegg frå den politiske leiinga i landet, nettopp for å gjere vilkåra for eldre sopass jævlige at dei vel å late seg sjølv visne hen og døy, eller få hjelp til det av mordariske dødsenglar som kallar seg sjukepleiarar.

Synet mitt er ekstremt, men basert på 17 års erfaring i ein helsesektor som framstår som meir og meir dysfunksjonell. På visse punkt er det derimot samsvar med synet mitt og synet til DEM. Her trekkjer eg fram synet deira på eldreomsorg (Kapittel 8.10 i partiprogrammet):

«Dagens offentlige tilbod til eldre oppleves i fleire henseender som utilstrekkelig. Det er store individuelle forskjeller, men mange av våre gamle påføres unødige plager – både fysiske og mentale. For svakerestilte eldre uten sterke og tilstedeværende pårørende kan også møtet med det offentlige bli svært vanskelig å håndtere, og riktig hjelp kan bli vanskelig å få. Slik kan vi ikke ha det. Eldreomsorg skal ikke være den sterkestes rett.»

DEM meiner at institusjonsopphald (inkludert opphald på sjukeheimar) kan vere både godt og riktig; dei anerkjenner at mykje fungerer, og at mange gjer ein god jobb innan eldreomsorga. Målet deira er «likevel at eldre og syke skal få bo hjemme så lenge som mulig» om dei ønskjer det. Der er eg einig, for moderne sjukeheimar er beint fram farlege på grunn av kombinasjonen framandspråklege pleiemedhjelparar, altfor unge helsefagarbeidarar og drapslystne sjukepleiarar. Då må kompetansen i størst mogleg grad bevarast og forbetrast innan heimetenesta.

DEM ønskjer:

«Bedre hjemmetjeneste for hjemmeboende eldre, med norskspråklig, fast hjelp.»

Eg er heilt einig. Faktisk driv eg for tida og søkjer på jobbar innan nettopp heimetenesta, for det er den delen av helsesektoren eg har mest kompetanse innan.

«Mulig å bytte hjelpeperson hvis kjemien er dårlig.»

Heilt essensielt innan helseomsorg. Eg personleg var borti ei særs stygg sak hjå min mangeårige kommunale arbeidsgjevar, der ein hjelpepleiar over ein tiårsperiode loppa ein utviklingshemma person for fleire hundre tusen. Ingen andre hadde innsikt i personens privatøkonomi, og vedkomande kunne verken lese eller skrive. Kjemien er riktignok eit underordna element i denne saka, men det seier seg sjølv at tillitsforholdet mellom dei to var dårleg i og med at grov økonomisk utruskap fann stad.

«Lage flere seniorboliger eller gamlehjem, der de eldre kan få hjelp og tilsyn, men fortsatt føle seg selvstendige.»

I gamle dagar var det eit skilje mellom aldersheimar, der folk som var rimeleg spreke flytta inn, stundom etter avtale med arbeidsgjevar (til dømes Eldre sjøfarendes aldershjem i Bergen, nedlagt for mange år sidan), og sjukeheimar, som var reine pleieheimar for dei som var sjukare og meir skrøpelege. No finst berre sjukeheimar igjen, og ein skal til dømes i Bergen vere særs sjuk før ein blir innlagt på sjukeheim. Det er lange ventelister, og mange søkjer seg faktisk på sjukeheimar langt ute i periferien berre for å få sjukeheimsplass. Omsorgsbustader er det næraste ein kjem seniorbustader, og dei er som regel tilknytt ein sjukeheim. Som regel finst ikkje ei eiga personalgruppe, men er den same personalgruppa som sørvar sjukeheimen. Tilsyn er som regel få og mangelfulle.

«Tilbake til storfamilien! Mer støtte til familier som vil ta vare på sine gamle når alternativet er institusjon.»

Einig. Mange pårørande gjer ein formidabel jobb for sine kjære, men all innsatsen slit dei diverre ut slik at dei blir sjukemeldte frå sitt lønte arbeid, eller uføretrygda. Ei slik ordning taper alle på, og deira kjære vil likevel ende opp på institusjon når helsa blir dårleg nok. Omsorgslønn er aktuell ordning, slik ein ser hjå til dømes foreldre som tek seg av sine alvorleg psykisk utviklingshemma barn.

DEM kjem elles med mange særs gode forslag, som eg her tek ei rask oppsummering av:

  • Kosthaldsrettleiing der maten blir laga med dei
  • Fysisk aktivitet kvar dag
  • Utreiing av eventuell diabetes og/eller matvareallergi
  • To timar dagleg kontakt med ein oppegåande person
  • Besøk av barn minst ein gong i verka
  • Tilgang til utsikt
  • Tilrettelegging for å høyre musikk, lydbøker og liknande (mange eldre har dårleg syn)
  • Moglegheiter for å handle eller arbeide
  • Strengare kontroll med medisinering for å unngå for mykje, for lite eller feil medisinar

DEM ønskjer òg revisjon av alle institusjonar minst ein gong i halvåret, same om føretaket er privat eller offentleg.

Når det gjeld aktiv dødshjelp, har DEM følgjande meining:

«Norgesdemokratene mener livet er ukrenkelig fra unnfangelse til naturlig død. Norgesdemokratene vil kreve at døende mennesker skal få den omsorg og smertelindring som de eller deres pårørende mener at de behøver. Norgesdemokratene betrakter spørsmålet om aktiv dødshjelp som et samvittighetsspørsmål der partiets politikere gis rett til å stemme i overensstemmelse med egen overbevisning.»

Stikkorda her er «ukrenkelig fra unnfangelse til naturlig død». Å bli avliva med ein cocktail av morfin, midazolam og omsorgsforsømmelse er ikkje ein naturleg død.

Når det gjeld vaksinasjon, meiner DEM i likskap med meg at den skal vere friviljug. Uvaksinerte må aldri utsetjast for noka form for press, slik tilfellet so openbert var under «pandemien».

Eldre (og alle andre grupper i landet) kan få det langt betre enn vi har det i dag, men då må det noverande politiske, globalist-orienterte systemet rykkjast opp med rota og fjernast. Og dei skuldige må stillast til ansvar for sine brotsverk mot Noreg.

3 comments

  1. Veldig bra artikkel! Jeg er av eldre dato, men tenker aldeles ikke å ende på sykehjem. Jeg hadde to hjerteløse barn, og de kommer aldri på besøk. Jeg har ikke sett dem på flere år. Systemet du skriver om her virker dysfunksjonelt og skremmende. — Så fremtiden ser ikke spesielt lys ut. Vet ikke hvordan det skal gå med meg.
    PS: Sjekker innom «Saksyndig» nesten hver dag. Mye bra stoff her. DS

    Likt av 1 person

  2. Takk for fine ord, Ragnar. Slik stoda ser ut no, er det ikkje trygt på norske sjukeheimar. Dei tilset altfor unge fagarbeidarar, og utlendingar med varierande grad av norskkunnskapar. Og dei som er dyktige (både menn og kvinner) blir skvisa ut av konspiratoriske kjerringar. Det er ikkje utan grunn at «helseminister» Kjerkol antydar at folk må ta meir ansvar for si eiga helse ved å bu heime so lenge som mogleg. Heimetenesta er hakket meir kompetent enn sjukeheimane, so statistisk sett er det langt tryggare å bu heime. Eit tips til deg vil vere å sjekke ut alternativmedisin, kosthald og livsstil – for å betre helsa so mykje som mogleg. Alle sokalla vestlege sjukdommar (kreft, hjartesjukdom, diabetes, demens og liknande) er livsstilssjukdommar.

    Likar

  3. Takk for bra helsetips! Er på vegetarisk kost, så da håper jeg å unngå livsstilssykdommer. Helt opplagt bedre å bo hjemme. Fulgte opp begge foreldrene mine da de var på sykehjem. Det var greie pleiere der, men jeg er likevel skeptisk til institusjoner som har så mye makt over beboerne. Ikke noe for meg! — Igjen, takk! 🙂

    Likt av 1 person

Legg att svar til Ragnar Johannessen Avbryt svar