Sjå òg «Lockdown-kritikar tvangsinnlagt», publisert 23.juli 2023.
Nettstaden Søkelys (sokelys.com) publiserte nyleg eit Facebook-innlegg skrive av Kjetil Tveit, ein venn av Stavangermannen Trond Harald Haaland, som 19. eller 21.juli vart tvangsinnlagt på Stavanger Universitetssykehus (SUS), visstnok på grunn av ei anonym bekymringsmelding knytt til eitt eller fleire innlegg han publiserte på Facebook. Trond Harald har vore ein aktiv kritikar av tiltaka og «vaksinane» knytt til Covid-19-«pandemien», og enkelte, deriblant Kjetil Tveit, meiner at det er meiningane til Trond Harald som gjer at han no er tvangsinnlagt.
Innlegget til Kjetil vart 27.juli 2023 òg publisert på Steigan.
I nemnde innlegg argumenterer Kjetil for at vennen Trond Harald har blitt tvangsinnlagt fordi han er ein politisk dissident. Om dette stemmer, står vi altso overfor eit overgrep og eit justismord mot nokon som Staten meiner har «feil» meiningar, og ei slik utvikling er særs lite ønskjeleg. Det vil antyde at makta plutseleg kan troppe opp heime hjå nokon, då representert av ein (svært ung?) lege og nokre tøffe politibetjentar, og informere vedkomande om at dei på grunn av «stor bekymring» frå venner og familie blir vurderte som ein fare for seg sjølv og andre. Under normale omstende skal det særs mykje til for å bli tvangsinnlagt, men om vi skal tru Kjetil, so er ikkje dette normale omstende.
Partiet Noregsdemokratane har i samband med tvangsinnlegginga lagt ut ei pressemelding på heimesidene sine, datert 25.juli 2023. Der skriv dei mellom anna at psykiatrien ved fleire tilfelle, og i ulike land, har «blitt brukt til å kneble og nøytralisere dissidenter. Opposisjonell atferd har blitt tolket inn i psykiatriske diagnoser. Dette har videre ført til medisinering, tvangsopphold i psykiatriske institusjoner og ødelagte liv». Om Trond Harald si konkrete sak skriv dei at Trond Haralds advokat, Barbro Paulsen, «har fått opplyst av anstalten, at bekymringsmeldingen var anonym, og at klienten uten observasjon og konsultasjon nå har blitt overført til tvunget vern etter lov om psykisk helsevern §3.3».
I samband med pressemeldinga opplyste Noregsdemokratane, her representert ved leiar Geir Ugland Jacobsen og helsepolitisk talsmann Rune Hagen, at eit brev har blitt sendt til Helse- og omsorgsdepartementet. Det er dette brevet som sitata i førre avsnitt er henta frå. I likskap med pressemeldinga, nemner dei i brevet spesifikt Synnøve Taftø Fjellbakk, som fordi ho hevda EØS-avtala var ulovleg, vart innlagt «for livet». Noregsdemokratane ber avslutningsvis om «en umiddelbar og utvetydig begrunnelse for nevnte tvangsinnlegging».
Covid-19-«pandemien» har framstått som eit skrekkdøme på ein reell konspirasjon, der mektige krefter i Big Pharma har gått saman med overnasjonale organisasjonar slik som FN og WHO, og der dei med hovudstraumsmedia som talerøyr har fått politi, rettsvesen og andre statlege einingar med seg for å hengje ut og straffe dei som ikkje seier seg einige i all propagandaen og løgnene. Og når ein fyrst er inne på «pandemien», hugsar vel alle tidlegare helseminister Bent «Meter’n» Høie, hotellarbeidaren som stod på podiet veke etter veke under «pandemien» og belærte det norske folk i mellom anna kor lang ein meter var, og kven dei kunne invitere inn i sine private heimar. Han la seg til og med opp i kven folk kunne ha one night stands med. Høie er no statsforvaltar i Rogaland. Gjett kven ankeinstansen for tvangsinnlegginga av Trond Harald er… Du gjetta riktig, det er den same fyren som var ein av dei verste tiltaks- og «vaksine»-fanatikarane under koronaprosjektet. Dette gjer saka endå meir absurd, om ikkje direkte latterleg. Som Steigan skriv so treffande:
«At han [Høie] er inhabil i saka, burde være opplagt. Advokat Paulsen har da også krevd, så vidt vi har forstått, at ankebehandlinga flyttets [sic] til en annen statsforvalter.»
Om ein går tilbake til innlegget til Kjetil Tveit, har han og andre besøkt Trond Harald på SUS. Ifølgje Kjetil framstår vennen «som den samme som alltid». Ingen psykose her i garden, kan det sjå ut som. Kjetil har òg fått lov å lese innleggingspapira datert 20.juli, dei same papira som advokat Paulsen har fått oversendt:
«Det står ingen sted i dokumentet hva som konkret har vært, eller kan bli farlig for pasienten selv eller for andre.»
Utifrå det Kjetil skriv, kan det sjå ut som Trond Harald har blitt tvangsinnlagt som eit føre-var-tiltak:
«[sitat frå innleggingspapira:]‘Sett under ett er det til gode at en her klarer å sette inn tiltak tidlig for å kupere en manisk psykotisk utvikling.’ [Kjetil sine eigne ord:] Man innrømmer med andre ord at tvangsinnleggelsen er ment som tidlig intervensjon i et mulig psykoseforløp.»
I dokumenta blir det i tillegg brukt mot Trond Harald at han var «sint» og «ufin» mot innleggjande lege; den normale reaksjonen på ei plutseleg tvangsinnlegging utan reelt psykiatrisk grunnlag må vel kunne seiast å vere hovudsakleg negativ. Nokre av Trond Haralds venner, som er normalt kledde og godt utdanna, blir i papira under eit av sine besøk på avdelinga, framstilt som «et fargerikt knippe personer» og «en gruppe personer som opptrådte helt ukritisk og ikke i tråd med dekorum; det var latter og skrål og feststemning i avdelingen da de var her». Og vidare:
«Dette var personer pasienten hadde invitert, mulig via sosiale medier som han har vært aktiv på i det siste. Denne aktiviteten har blitt fanget opp av bekjente av pasienten, som har blitt alvorlig bekymret.»
Desse «bekjente» meiner Kjetil er dei som står bak den anonyme bekymringsmeldinga. Kanskje er dei politiske motstandarar og/eller «uvenner» av han, og dei ville dermed få han fjerna frå den offentleg debatten gjennom innlegging i psykiatrien. I og med at papira elles prøver å framstille Trond Harald som ein som lid av «paranoide vrangforestillinger», er det her på sin plass å stille det klassiske spørsmålet: Er det paranoia om dei verkeleg er ute etter deg? Og i og med at det han skriv er fakta, er det ifølgje Kjetil ikkje vrangførestillingar, men realitetsførestillingar. Det er korrekte observasjonar av det som faktisk skjer i verda, og det som skjer er temmeleg ille, om ikkje katastrofalt. I motsetnad til løgnene som den noverande statsforvaltaren i Rogaland og hans medsamansvorne lira av seg under «pandemien», kan det Trond Harald skriv bevisast vitskapleg og via statistikk.
Advokat Barbro Paulsen skriv til Steigan at det skal haldast eit møte om saka i Klinikk for psykisk helsevern i Stavanger fredag 28.juli. Sidan møtet er ope for «interesserte», skal det bli interessant å sjå kva som blir formidla der.

Smart å publiserer dissent offentlig med navn, lol.
BANNERE, PLAKATER, FLIERS, POST I KASSER(ikke bruk egen printer!) GRAFITTI!
Pass opp for piggy, kameraene, de nyttige idiotene. Hold det for deg selv 😉
LikarLikar
Mer om dissidenter: Her er en av psykoenes dissidentkartleggingsopplegg, tror jeg.
Unvaccinated Dating On Unjabbed.net
Deepfake «person» prater på alle forskjellige språk i annonsene. Stinker kartlegging av dissidenter lang vei.
OBS! Teori, har ikke gravd veldig dypt ang. denne siden.
Creative Society er ett eller annet i samme kat.
LikarLikt av 1 person
Takk for tipset 🙂
LikarLikar