TV 2 slit økonomisk og må truleg nedbemanne – ikkje akkurat ei overrasking

Document rapporterer 18.august 2023 at TV 2 varslar store økonomiske kutt, og at dei truleg må nedbemanne, ifølgje sjefredaktør Olav T. Sandnes. NTB antydar at det er snakk om minst 400 millionar kroner, ikkje akkurat eit bagatellmessig beløp. Når det i tillegg er lønnskostnader som utgjer «en sentral del av kostnadsbildet i en slik organisasjon», vil nok ein del TV2-tilsette måtte sjå seg om etter ny jobb i næraste framtid.

Korleis har so kanalen hamna i slikt eit økonomisk uføre? Sjefredaktør Sandnes har følgjande forklaring:

«Mediebransjen er under sterk[t] press i Norge og globalt. Samtidig skaper den teknologiske utviklingen behov for nye og større investeringer som TV 2 bør og må ta. Betydelig økte priser på produksjon og attraktivt innhold, en svekket norsk krone og økt konkurranse rammer alle redaktørstyrte medier.»

Trass dei illevarslande nyheitene, går ikkje kanalen med underskot, men faktisk eit lite overskot. Overskotet er derimot ikkje so mykje som eigarane forventar at ei slik verksemd skal ha. I 2022 hadde TV 2 ein omsetnad på heile 6,61 milliardar kroner. Driftsresultatet fall på den andre sida frå 503 millionar kroner i 2021 til 77 millionar i 2022 – eit usselt resultat på alle måtar. Dette skal skuldast «svakere makroøkonomi, bortfallet av Premier League og distribusjonskonflikt».

Eit anna problem er reklame, som ikkje ser ut til å lønne seg so mykje for kanalen lenger. Her meiner Documents journalist Tore Kristiansen at problemet er sjølve innhaldet og bodskapen i reklamefilmane:

«Et problem for en kanal som i fremtiden skal leve blant annet av å vise reklamefilm på skjermen, er muligens at TV-titterne i de tusen hjem er temmelig lei av å bli påprakket politisk korrekte reklamefilmer.

Nå skal så å si enhver reklamesnutt, for tannkrem, matvarer eller banktjenester, handle om såkalt mangfold og bærekraft. Personer med innvandrerbakgrunn dukker opp i enhver sammenheng, og alle er i tillegg gjerne opptatt av ‘klima’. Hvem gidder å se slikt?»

Vel, personleg ser eg ikkje akkurat på TV for å sjå reklamefilmar. Eg registrerer sjølv at innhaldet i TV-programma ikkje lenger samsvarer med min eigen smak. I gamle dagar leverte TV 2 relativt gode program slik som «Mot i brøstet», «Gutta på tur», «Hotell Cæsar» og «Familesagaen de syv søstre», berre for å nemne nokon. «Mot i brøstet» og «Familiesagaen de syv søstre» var sjølve høgdepunktet for meg i veka, og eg gapskrattar framleis om eg kjem over ein episode av fyrstnemnde serie. Det skal òg seiast at eg stundom gapskratta då eg såg «Familiesagaen de syv søstre», som eigentleg var meint å vere ein dramaserie. Slike program blir rett og slett ikkje laga lenger, og blir dei ein sjeldan gong laga, blir dei iallfall ikkje sendt på TV 2. No er du griseheldig om du tilfeldigvis kjem over ein gammal episode av «MacGyver».

At «folkekanalen» TV 2, som no berre sender program eg ikkje føler nokon som helst relevans til, må kutte 400 millionar kroner, kjem difor ikkje som ei overrasking for mitt vedkomande.

2 comments

  1. Jeg savner også de programmene du nevner her, Saksyndig. Synes også «Karl & Co» var veldig bra, samt også «Kjetil & Kjartan show» på det tidlige 00-tallet.
    Husker også at TV2 sendte filmen «Showbiz» med Tom Mathisen og Herodes Falsk noen ganger i siste halvdel av 1990-tallet. En kultfilm etter min mening.
    De var et litt «friskt pust» den gangen.

    De siste nesten 20 årene har TV2 gradvis bare blitt fattigere og fattigere. Fullstendig overtatt av «kjendis mania» og såkalt «reality».

    Nyhetsdekningen har også gjennomgått enormt mye, og blitt krympet betraktelig. Under «plandemien» danset de etter «maktas pipe» og noen av «journalistene» deres, forlangte til og med at folk skulle ta «giftskvipet».

    Hvis de nedbemanner på nyhetsfronten, er det bare det aller aller minste som de fortjener, etter hva de utsatte befolkningen for av «fryktporno» og propaganda i drøye to år. En særdeles mild «straff»!!

    Jeg vil ALDRI savne verken, Elin Ludvigsen, Sturla Dyregrov, Linn Wiik, Arill Riise, Mariel Mellingen eller «prektige» Marte Lundgaard.
    Og sist men ikke minst, den særs tvilsomme Karianne Solbrække i «bakgrunnen». 😉

    Likt av 1 person

    • 1990-talet var utan tvil glansdagane til TV 2. Sidan gjekk ting i nedoverbakke. Sjølv har eg ikkje sett på TV 2 på mange, mange år, og sit med inntrykket at eg ikkje har gått glipp av noko.

      Likar

Legg att svar til Morten Avbryt svar