Historie frå helsesektoren: Arbeidsgjevars styringsrett trumfar alt, vi tilsette har ingenting vi skulle ha sagt overfor ei fiendtleg leiing!

Etter at eg la ut ein artikkel der eg etterlyste historier frå helsesektoren, har følgjande historie frå ein kommunalt tilsett blitt sendt til meg. Den tilsette, som arbeider i ein bustad for psykisk utviklingshemma, skriv om det som framstår som ei fiendtleg leiing som oppfører seg sopass kritikkverdig mot personalgruppa at dei ikkje lenger stoler på leiinga. Avgjerder frå leiinga blir tekne utan å informere dei tilsette på førehand, langt mindre konferere med dei. Arbeidsgjevars styringsrett ser ut til å trumfe alt, og dei tilsette har ingenting dei skulle ha sagt. Forsøk på å levere klage/varsel på leiinga vart møtt med sanksjonar frå leiinga si side. I tillegg nekta leiinga sjølv for at nokon av klagepunkta skulle ha skjedd, noko som er ei form for ansvarsfråskriving. «Løysinga» leiinga til slutt valde var å leggje ned heile avdelinga og spreie dei tilsette til andre avdelingar. Konsekvensen for personalgruppa vart auka sjukemeldingar, to førtidspensjoneringar, ei friviljug oppseiing og ein søknad om uføretrygd.

Alle instansar har svikta personalgruppa: verneombodet, Bedriftshelsetenesta, Arbeidstilsynet og den kommunale HMS-konsulenten. Heller ikkje dei tillitsvalde gjorde jobben sin – dei valde å anten ikkje gjere noko som helst, eller dei valde å støtte leiinga. Ein av dei få som hjelpte personalgruppa var faktisk ein kommunestyrepolitikar – og her skal det seiast at personalgruppa òg varsla ordføraren. Den tilsette konkluderer at systemet ikkje fungerer for dei tilsette, ettersom alle som dei hadde rekna med skulle hjelpe dei, svikta dei. Har kommune-Noreg rett og slett blitt farleg for arbeidstakaranes liv og helse?

«NN» jobbar i bustad for psykisk utviklingshemma i kommunal sektor. Ho var fornøgd med jobb, leiing og arbeidsplass fram til 2015, då ei omorganisering skjedde: Dei la om drifta og leiingsstrukturen. Som ho sjølv skriv til Saksyndig:

«Fra da av opplevde vi ansatte at vår medbestemmelsesrett var så godt som ikke eksisterende, og at arbeidsgivers styringsrett trumfer alt.»

Dette er i strid med det Arbeidstilsynet seier: «Arbeidsgiver har plikt til å gi den enkelte, berørte arbeidstaker mulighet til å medvirke i prosesser og beslutninger som gjelder egen arbeidsplass.»

Ho fortel vidare at dei vart informert om beslutningar tekne av leiinga i etterkant, og at dei ikkje har vore med i prosessen frå byrjinga, slik Arbeidstilsynet tilrår i sine retningslinjer:

«Vi opplever altfor ofte at ting blir tredd nedover hodet på oss, uten at vi blir hørt. Arbeidsgivers styringsrett er en frase som har blitt mye brukt i dette øyemed.»

Spesielt det psykososiale arbeidsmiljøet vart særleg dårleg etter at deira noverande avdelingsleiar vart tilsett. Dei opplever personen som lite kompetent i leiarjobben. Døme som «NN» listar opp er like mange som dei er sjokkerande:

  1. Avdelingsleiar lyttar ikkje til erfaringane og meiningane til dei tilsette. Avdelingsleiar bestemmer, og dei opplever liten eller ingen medverknad i avgjerder på eigen arbeidsplass.
  2. Avdelingsleiar forskjellsbehandlar personale. «To ulike personalgrupper i en avdeling. Den ene gruppa har avdelingsleder tatt seg av og behandlet, så vidt vi har forstått, bra. Den andre gruppa, der vi jobber, har avdelingsleder distansert seg fra og vi opplever å ha blitt behandlet dårlig.»
  3. Avdelingsleiar har andre spelereglar for seg sjølv enn for dei tilsette. «[vi] Merket dette særlig godt under koronakrisa der leder var streng med smittevernreglene mot oss, men selv ikke fulgte dem opp.»
  4. «Avdelingsleder kritiserer mye og pirker på småting. Detaljstyring av småting. Gir minimalt med ros.»
  5. Og her er det Saksyndig-redaktøren meiner kan vere utilbørleg åtferd: «Kommer brasende inn i avdelingen og det virker som om avdelingsleder prøver å ‘ta oss’ i å gjøre noe galt eller hvis vi slapper av for mye. Utsagn som: ‘sitter dere bare her, har dere ikke noe å gjøre?’ i surt og sint tonefall har kommet flere ganger. Oppleves veldig ubehagelig.» Avdelingsleiar kjem ikkje med forslag til kva personalet kan gjere under denne dødtida. «Av og til trenger vi noen minutters pause mellom oppdragene også, men det blir nesten kriminalisert.»
  6. «Avdelingsleders oppførsel er ofte stressende og kaotisk og det fører til økt stressnivå i hele avdelingen.» Etter redaktøren si meining er dette spesielt kritikkverdig i og med at personalgruppa jobbar med psykisk utviklingshemma, som redaktøren sjølv av erfaring veit kan reagere meir negativt på dårleg stemning i personalgruppa (redaktøren, som er utdanna helsefagarbeidar, jobba sjølv med utviklingshemma i 11 år).
  7. Og her er noko redaktøren meiner er særs uetisk åtferd: «Avdelingsleder bruker ting vi har fortalt i fortrolighet imot oss. F.eks. [h]ar vedkommende stilt egne diagnoser utifra de opplysningene avdelingsleder har fått om helsetilstanden til noen ansatte. En ansatt ble nektet å ta egenmelding etter en slik samtale og ble trukket i lønn.»
  8. Avdelingsleiar tek ikkje opp ting og snakkar med den det gjeld når det gjeld personalkonflikter eller eventelt uønskt personalåtferd, trass at dette står i retningslinjene til både kommunen og Arbeidstilsynet. Leiar skal her snakke med den tilsette på tomannshand og helst uformelt om det er noko som ikkje er tilfredsstillande, slik at den tilsette får ein sjanse til å gjere noko med dei forholda som det blir retta kritikk mot. Som retningslinjene til kommunen mellom anna seier:
    «Det er viktig at leder ser sine ansatte og gir støtte og veiledning på et tidlig tidspunkt dersom arbeidstaker har problemer med å takle sin arbeidssituasjon […]. Dersom leder av ulike grunner ikke er tilfreds med den ansattes arbeidsutførelse og/eller atferd, må leder si fra til den ansatte om dette, slik at vedkommende kan rette på forholdene. […] Det er viktig at leder griper tak i saken så tidlig som mulig, slik at saken løses på lavest mulig nivå.» Her er ikkje minst dialog med arbeidstakar viktig. Desse retningslinjene såg ikkje avdelingsleiar ut til å følgje: Vedkomande valde å skrive avviksrapport på ein tilsett på vegner av ein annan tilsett, og påla òg ein kollega av den tilsette å skrive rapport på vedkomande, sjølv om vedkomande eigentleg ikkje ønskte dette.
  9. Avdelingsleiar fråskriv seg leiaransvar, vedkomande «sender bare ballen videre opp i systemet uten å gjøre jobben sin som nærmeste leder og ha en dialog med sin ansatte og gi vedkommende sjansen til å forklare seg eller ordne opp.» Dei tilsette vart møtt med førehandsdømming og liten vilje til forståing og omtanke. Ein tilsett fekk ei skriftleg åtvaring som allereie var ferdig skriven før møtet byrja og den tilsette kunne forklare seg. Møte av den typen blir opplevd som belastande og traumatiserande. Til dømes vart ein tilsett som hadde fått avviksrapportar om seg møtt med dette spørsmålet frå «virksomhetsleder»: «Synes du at du passer til å jobbe i helsevesenet?» Den tilsette hadde jobba i helsevesenet i 20 år, og gjeldande leiar hadde ingen kjennskap til vedkomande og korleis personen hadde utført arbeidet før desse hendingane. Den tilsette opplevde tonen som særs nedlatande og konfronterande, og frykta dermed for jobben sin.
  10. Avdelingsleiar prøver å så splid mellom personalet i avdelinga, mellom anna ved å påleggje kollega til å skrive avviksrapport på annan kollega (jf. førre punkt), og ved å så splid mellom vaksinerte og uvaksinerte. Avdelingsleiar snakkar òg stundom negativt om personale som ikkje er til stade saman med kollegaene til vedkomande.
  11. Avdelingsleiar gjev ikkje personalgruppa si støtte og ryggdekning, og dei tilsette opplever berre refs, og at avdelingsleiar tek sida til den andre parten om nokon skulle klage på noko.
  12. Avdelingsleiar sendte personale opp i annan bustad to dagar i veka utan å ha snakka med nokon av dei tilsette på førehand. Avdelingsleiar såg ikkje ut til å tenkje på kva konsekvensar ei slik plutseleg flytting kunne få for verken personalet eller brukarane.
  13. Og til slutt: «Vi opplever at leder ikke er til å stole på. Sier noe og glemmer deretter hva som har blitt sagt. Roser deg, for deretter å dolke deg i ryggen med avviksrapporter. Tatt i å lyve flere ganger.»

Om den øvrige leiinga («virksomhetsleder» og «human resource manager» (personalsjef)) skriv «NN» at dei viljug tok imot rapportar og kalla inn til møte, og at dei etter personalgruppa si meining viste «stor angrepsvilje mot eget personale». Personalgruppa opplever leiinga som veldig fiendtlege og konfronterande. Dei stiller ikkje krav til at avdelingsleiar skal gjere jobben sin ved å snakke med personalet og prøve å løyse ting på lågast mogleg nivå, slik det står i retningslinjene.

Tre medlemmer av personalgruppa i bustaden der «NN» jobbar leverte inn felles klage/varsel på leiinga på grunn av måten dei hadde blitt behandla på. Den eine klagen gjaldt ein feil NAV hadde gjort når det gjaldt sjukelønna, som hadde resultert i krav om tilbakebetaling av lønn. Den andre gjaldt skriving av avviksrapport utan at leiar fyrst hadde snakka med den tilsette som rapporten gjaldt. Den tredje gjaldt kollegaen som miste lønn og retten til eigenmelding etter å ha betrudd seg til avdelingsleiar om helsetilstanden sin. På grunn av inhabilitet vart klagen sendt vidare til Bedriftshelsetenesta (BHT). Varslinga vart laga under rettleiing av BHT og HMS-konsulenten i kommunen, medan BHT fekk delegert oppdraget med å lage rapporten og intervjue folk om varslinga/klagen. Dei som hadde levert klagen ville derimot stille samla på intervjuet fordi dei forståeleg nok var utrygge og redde. Kommunedirektøren i samarbeid med BHT nekta dei dette, med det resultat at dei som hadde levert klagen ikkje vart intervjua. BHT valde på grunnlag av dette å skrive rapporten utan den munnlege forklaringa frå dei som leverte klagen. Berre den skrivne klagen vart lagt til grunn. Ifølgje BHT vart dermed ikkje kontradiksjonsprinsippet følgt fullt ut, og konklusjonen i rapporten vart at leiarane dermed ikkje hadde gjort noko påklageleg – til trass for at kommunens eigne retningslinjer ikkje hadde blitt følgde. I tillegg gjekk det lang tid før klagarane mottok rapporten til dei fekk greie på at kommunedirektøren såg på saka som avslutta. I og med at saka hadde blitt lagt død, fekk dermed ikkje klagarane kome med kommentarar til rapporten. Ved å ikkje gje beskjed om at saka var avslutta, hadde kommunen brote sine eigne retningslinjer knytt til varslingsprosedyrar: «Partene i saken skal motta en kopi av den avleverte rapporten, og gis mulighet for å tilkjennegi synspunkter på rapportens funn og vurderinger som supplement til den videre oppfølging av saken.»

«Human resource manager» (personalsjefen) fekk spørsmål frå BHT om kvifor han trudde at dei tilsette hadde valt å varsle. Då svarte han: «De blir stilt krav til. Får ikke gjøre som de vil. Dette aksepteres ikke av klagerne.» Personalgruppa meiner det er særs betenkjeleg at personen som er ansvarleg for alle tilsette i heile kommunen, vel å møte tilsette som varslar om dårleg personalbehandling på denne måten. Leiinga viste inga evne til sjølvkritikk eller vilje mot å ha dialog med dei tilsette for å betre forholda på arbeidsplassen, og valde å møte dei tilsette med «fiendlighet og benektelser. Frasen ‘Det kjenner jeg meg ikke igjen i’ var stadig tilbakevendende hos alle lederne på flere punkter’.»

Personalgruppa hadde over lengre tid kjent på den dårlege leiinga, og gav allereie for fleire år sidan BHT melding om dårleg personalbehandling og «avmakt i forhold til omorganisering». Lite vart gjort. Dei merka berre minimal forbetring hjå avdelingsleiar. Koronakrisa kom «med kaos og stress» som eit strå som braut kamelens rygg. Leiinga fekk under siste medarbeidarundersøking kraftig kritikk frå alle dei fast tilsette. Etter å ha lovt ein «workshop» for å betre arbeidsmiljøet, valde leiinga i staden å leggje ned heile avdelinga. Dei tilsette vart omplasserte til å jobbe i andre bustader: «Vi stod sammen og slik splittet de oss. Problem løst. Det er i alle fall det vi opplever, den offisielle forklaringen er andre begrunnelser.»

Som «NN» skriv om sluttresultatet av denne årelange konflikten:

«Konsekvensene av alt dette er økte sykemeldinger og langtidssykemeldinger, to valgte å førtidspensjonere seg, en tredje vil førtidspensjonere seg når han kan, en har sagt opp stillingen sin fordi det ble for tøft. En har blitt så syk og utkjørt av personalbehandlingen, og den stadige kampen mot kommuneledelsen, at hun må søke uføretrygd fordi helsa har blitt ødelagt. For beboerne betyr det at de mister de fleste av det kjente og kjære personalet som de har opparbeidet relasjon til over flere år, og de vil få mange nye personer å forholde seg til. Hvilken andre endringer det vil innebære er uklart. Personalet må begynne i nye jobber med nye kolleger, vekk fra de kollegene de har hatt et nært og godt forhold til over år. Alt ufrivillig.»

Ingen av dei instansane som er meint å hjelpe arbeidstakarar i slike situasjonar, var nemneverdig til hjelp:

«Vi har prøvd å gi beskjed til de instanser som liksom skal hjelpe arbeiderne. Vi kontaktet verneombud, BHT, Arbeidstilsynet (gjentatte rapporter over tid) og kommunens HMS konsulent (Helse miljø sikkerhet). De tillitsvalgte i diverse organisasjoner fikk vi mistillit til i løpet av klagesaken. Vi opplevde at en tillitsvalgt ikke sa et ord, i løpet av to møter, for å forsvare sitt medlem. Stilte heller ikke spørsmål om noe i saken om avviksrapportene. Hadde ikke vedkommende hatt med seg en kollega som kom henne til forsvar, hadde hun sannsynligvis fått advarsel (eller fler). En annen opplevde at hennes tillitsvalgte støttet henne 100 prosent da hun snakket med henne, men etter at avdelingsleder hadde ringt den tillitsvalgte, så byttet tillitsvalgte side og støttet leder. De valgte derfor å ikke involvere fagorganisasjonene ytterligere, annet enn til å invitere til et møte med alle 3. Noe som de avslo. (Riktignok noe kort varsel, men ikke tilbud om å komme sammen en annen dag. Bare om å ta kontakt separat.) De fikk heller hjelp av privatpersoner med tillitsmannsbakgrunn. En av disse er også kommunestyrepolitiker og har virkelig jobbet hardt for å hjelpe oss, noe som er berømmelsesverdig. Godt å se at det iallefall er EN person i kommunen som bryr seg og som tør å kjempe mot systemet og for de ansatte. En ansatt gav også beskjed til NAV i nærværsamtaler pga. sykemelding om forholdene på jobb. Vi har til og med varslet ordføreren i en lengre samtale. Alt til ingen nytte, for det var ingen som gjorde noenting. Iallefall har det ikke hjulpet, for ledelsen fortsetter sin aggressive stil. Er foruroligende å se at systemet ikke virker for de ansatte. Alle de vi regnet med at skulle hjelpe oss svikter!!»

Avslutningsvis er det her på sin plass å ta med ei melding som ein kollega av «NN» sendte ho. Saksyndig har teke ein mild språkvask av teksten, som elles er gjengjeve ordrett (uthevingar er gjort av meg):

«Dette er en spissformulering og ikke fullt så bastant ment som det er sagt. Likevel nødvendig for å synliggjøre reell problematikk. A, du har vært og er den kommunale arbeiderens beste venn. Du har stått opp for de som har kommet på kant med administrasjonen. Likesom vår tidligere kjære ordfører, så er empati og rettferdighet ditt varemerke.

Kommune-Norge må under lupen! Kommunen kan være et meget farlig sted for arbeidstageres liv og helse. Arbeidstageres rettigheter er sterkt nedsatt. Kommunene har fagforeningene i sin hule hånd. Bedriftshelsetjeneste er kun kommunenes forlengede arm og ser til at kommunen alltid havner på topp i en arbeidskonflikt. Kommunene, Arbeidstilsynet og Statsforvalteren er partiske og står sammen. Spesielt småbarnsforeldre bør tenke seg godt om før de involverer sitt liv med kommunen. Kommunen har absolutt ikke rom elle[r] forståelse for sine arbeidstageres faglige eller personlige integritet og utdanningsintrukser – de gjør som de vil.

Å bli kalt inn på teppet i kommunal regi er mye mer dramatisk enn politiavhør av mennesker mistenkt for kriminalitet. (dette er ikke en spissformulering). De misbruker juridiske og fastlagte begreper i offentlig forvaltningbegreper for å befeste sin egen makt, uten å vite hva begrepene egentlig innebærer. ‘Kommunens styringsrett’, er et yndet begrep, brukt til overgrep. Arbeidstagers rettigheter og medvikningsrett er totalt ignorert. I omstillingsprossesser overser kommunen arbeidstager totalt, [s]tikk i strid med arbeidstilsynets anbefalinger og pålegg.

Kommunepolitikere/Kommunestyret, har overgitt delegasjonsmyndighet til administrasjonen og overgir arbeidstakeren totalt i administrasjonens hender og frasier seg sitt arbeidsgiveransvar – glatt! Mange arbeidstakere gråter bitre tårer i kommune-Norge. De gråter på jobb, de gråter på fritiden 24/7! Og de står ofte alene. Helt i kommunedirektørens ‘offiserer og underoffiserers’ vold. De kan mer eller mindre gjøre som de vil med arbeidstakerne. En konsekvens er sykemeldinger (det betyr, dårlig behandling av arbeidere resulterer i sykdom og arbeidsuførhet, og er en million-utgift).

Lederes maktkick og egotripp koster kommunene DYRT.

Heller ikke ordførerembedet kan trosse kommunedirektøren. Han er kun en påfugl, en gallionsfigur, lydig tro, helt underlagt kommunedirektøren og er ukritisk til «sin» administrasjon. LYSET må kastes over kommune-Norge. Dette er et system som må under lupen. Kommunepolitikerne har ikke hånda på rattet. Ytringsfrihet og definisjonsmakt er på avveie i Kommune-Norge. Det er valg. Og vi bør forvente respekt fra de folkevalgte. De skal styre. FORDI: Vi har ikke valgt kommunedirektøren eller hans lakeier til å forvalte vår stemmeseddel Derfor må delegasjonsmyndighet innskrenkes til et minimum.

«Administrasjonens feet must be held close to the fire!» FOR MANGE TÅRER HAR FALT I TJENESTE FOR ……. KOMMUNE! Arbeiderens ve og vel i kommunen, bør være kommunens prioritering NUMMER 1. Ingen skal gråte på jobb. Ingen skal måtte oppdra små barn og fratas krefter og livsglede i denne livets viktige fase Få ødelagt liv, samliv og kvalitetstid med sine kjære på grunn av kommunal idioti, nidkjærhet og maktsyke. Human Resources Management er en kunst.

A… Må bli ordfører. Nye medmenneskelige føringer er påkrevd overfor kommunestyret, og administrasjonen! Den kommunale arbeideren er ressurs NR.1 for kommuneapparatet. Kommunen er folkets og bygdas tjener. Intet mer. Intet mindre!»

2 comments

Kommenter innlegget