Står djupstaten bak knivstikkinga på UiO, Haaland-saka og Utøya-terroren?

I mangel av ærlegheit og reielegheit frå staten og regjeringa, har enkelte vridd hjernane sine for å kome med ein hypotese som passar deira eige verdssyn. I Nyhetsspeilet, der det er ei viss takhøgd – for å seie det mildt – har ein skribent ved namn Ivar Krueger fått publisert ein artikkel om det han kallar «uropatruljen», som er eit verktøy djupstaten bruker for å skape «forandring gjennom frykt». Saksyndig vil ikkje ta stilling til om innhaldet i artikkelen er sannferdig eller ikkje, lesaren blir her oppfordra til å trekkje sine eigne konklusjonar.

Denne sokalla uropatruljen er hyra inn av djupstaten for å bruke vald på befolkninga: «De er dypstaten. De elsker vold, fordi vold virker. Vold er makt». I New York var dei forkledde som italiensk mafia, medan dei her i landet ser ut til å vere «patsyar» (syndebukkar) leigd inn av djupstaten for å skape alvorleg frykt og kaos i samfunnet. Ei redd og forvirra befolkning vil enklare underleggje seg totalitære lover og forskrifter frå ein maktsjuk stat som får sine instruksar frå den overnasjonale djupstaten. Intens fryktporno vart til dømes pumpa ut under covid-«pandemien», og den fungerte so altfor godt. Mange har mist livet og endå fleire har fått øydelagt helsa si på grunn av «vaksinane», og eit oppgjer vil djupstaten aldri tillate – ikkje om det snør på heimstaden deira, som utan tvil er helvete.

Artikkelforfattaren trekkjer fram operasjonar som han meiner djupstatens uropatrulje står bak: Trikkedrapet i 2004, drapa på Valdresekspressen i 2013, Utøya-terroren i 2011, dobbeltmordet på Otta i 2022, og no sist knivstikkinga på Universitetet i Oslo (UiO) og Haaland-saka.

Korleis kan vedkomande kome med påstanden om at det er uropatruljen som står bak dette? Med hans eigne ord:

«Jo, fordi de skjøv noe som lignet en psykiatrisk diagnose ut i media som første skritt. Media hadde ‘diagnosen’ før noen andre visste noe som helst, ‘diagnosen’ var til og med i overskriften, der lå til og med det glinsende motiv. De som har fulgt med vet at Dypstaten er folket bak misbruk av psykiatriske diagnoser. Det er bare dem som gjør dette.»

Og vidare:

«De bruker psykiatrien mot oss. Når de skriver ‘psykotisk’ i forbindelse med drap, betyr det at de har sendt ut gjerningsmannen, men at de ønsker å frikjenne ham utfra psykiatrien. Hvor naive og dumme er vi egentlig?»

Konkret om Haaland-saka skriv han (mi utheving):

«Når noen blir innestengt bak lås og slå på en av disse institusjonene fordi vedkommende har sagt noe upassende på Facebook, slik guttungen i Stavanger under statsforvalter Bent Høie ble, var det et inngrep i beste dypstatsånd.»

Vel, «guttungen» Trond Harald Haaland er ein godt vaksen mann med grått hår, men hypotesen til artikkelforfattaren berre bekreftar ryktet som allereie går om at Bent «Meter’n» Høie skal vere involvert i Haaland-saka som del av maktapparatet i Rogaland. Eg har mistanke om at han sjølv neppe kjem til å bekrefte eller avkrefte ryktet – det er betre å la folket leve i frykt og uvisse, og spekulere seg halvt ihel.

Toppane i politi og rettsvesen (spesielt dommarar, der fleirtalet er frimurarar) er ein del av djupstaten, inkludert psykiatrien. Overgrep mot individet er difor ein kamp som er umogleg å vinne. Desse aktørane er profesjonelle bøller som har blitt opplært av legendariske sjefsbøller som i sin tur har blitt opplært av legendene frå fortida. Målet er å skape kaos og uvisse i samfunnet ved hjelp av mellom anna drap eller drapsforsøk utført i «utilrekneleg tilstand», og vilkårleg innesperring av enkeltindivid på psykiatrisk institusjon.

Dette er korrupsjon på internasjonalt nivå. Nøkkelpersonar i det norske samfunnet er kjøpt og betalt av djupstaten, og har sin lojalitet til den.

For å bruke ein «steigansk» ordlyd (den same formuleringa han brukte då han kom med ryktet om Høie): Eg vil ikkje ein gong finne på å insinuere at NAV-drapet i Bergen kan ha vore ein slik aksjon utført av uropatruljen. Men indisia ligg der utan tvil, og konsekvensane er at kontakt med NAV har blitt endå vanskelegare enn det allereie er på grunn av skjerpa tryggingstiltak for dei tilsette. Den dramatisk auka saksbehandlingstida i NAV oppstod tilfeldigvis i same tidsrom, utan at der nødvendigvis er eit årsaksforhold – men kven veit. Målet til djupstatens uropatrulje er jo å skape kaos, uvisse og frykt.

One comment

  1. Da jeg så opptrinnet med afrikaneren som skulle sloss med garden forleden, tenkte jeg noe av det samme.

    Hadde gardistene skutt denne mannen, ville bildene gått verden rundt som bålbensin; «Se hva kongens væpnede hvite vakter gjør mot en ubevæpnet kulørt skøyer, midt på lyse dagen, i fredelige Norge».

    Det kunne hatt større sprengkraft enn George Floyd.

    Selvfølgelig kan dette bare ha vært et «stunt», men at vi utsettes for «psy ops» i så stor grad at man med rak rygg kan hevde at vi defacto lever i en, er utvilsomt.

    Dette avdekkes enkelt ved å se og høre på hva mediene «spinner», og minst like mye hva de ikke tar i.
    Man trenger ikke kjenne sannheten for å avsløre at den som forfekter den lyver til deg. En større oppvåkning betinger ikke at alle anerkjenner og aksepterer den eneste sannhet, men at tilstrekkelig mange innser at det de er blitt fortalt (hei Gro) rett og slett er feil.

    Likt av 1 person

Legg att svar til StormFrog Avbryt svar