Vitskapsfolk har skapt eit «vesen» som verken har mor eller far

Forfatteren Michael Snyder skriv på bloggen sin The Economic Collapse Blog om eit høgst urovekkjande tema: Vitskapsfolk har greidd å skape eit «vesen» som verken har mor eller far. Som han sjølv skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Vitskapsfolk over heile verda held fram med å ‘leike Gud’, og vi kjem alle til å måtte leve med konsekvensane. Kvar einaste dag blir utruleg bisarre eksperiment utført i hemmelege laboratorium over heile planeten. Eg har ofte åtvara lesarane mine om dei særs dødelege sjukdommane som blir utvikla i slike laboratorium, men andre typar ekstremt sjuke eksperiment finn òg stad. Til dømes blir det rapportert at eit team av forskarar ved det israelske Weizmann-instituttet no har vore i stand til å skape eit menneskeleg ‘vesen’ som verken har mor eller far. Faktisk vart det laga ‘utan å bruke sæd, ei eggcelle eller ei livmor’.»

Det er den britiske nettavisa Metro som rapporterer dette. Snyders utvalde sitat har følgjande informasjon:

«Vitskapsfolk rapporterer at dei har dyrka dei tidlege stadia av eit menneskeleg, embryo-aktig vesen utan å bruke sæd, eit egg eller ei livmor. ‘Embryo-modellen’ utløyser til og med hormon som gav positivt utslag på ein graviditetstest.»

Snyder stiller med rette spørsmålet kvifor nokon i alle dagar kan få seg til å gjere noko slikt. Påskotet deira skal visstnok vere at slike «vesen» vil gjere medisinsk forsking enklare, og sjølve konseptet er djupt urovekkjande. Slikt meiner Snyder ikkje burde vere lovleg. Det opnar opp for at ein kan masseprodusere babyar som ein so bruker som forsøkskaninar i eksperiment som det ville ha vore forbode og uetisk å utføre på «ekte» menneske.

So, korleis greidde forskarane å skape eit «vesen» utan bruk av sæd, egg og livmor? Ifølgje BBC, som i sin tur henta informasjonen frå tidsskriftet Nature, brukte dei sokalla naive stamceller for å skape ein komplett «embryo-modell» som imiterer alle nøkkelstrukturane som ein finn i det tidlege embryoet slik det ser ut 14 dagar gammalt. Dei naive stamcellene vart reprogrammerte til å få potensial til å bli kva som helst slags vev i kroppen. Dei brukte kjemikaliar til å gjere stamcellene om til fire celletypar som ein finn i dei tidlegaste stadia av det menneskelege embryoet:

Epiblastceller, som blir sjølve embryoet (føtus, fosteret); trofoblastceller, som blir morkaka; hypoblastceller, som blir sekken som omsluttar egget; ekstraembryoniske mesodermceller. 120 av desse cellene vart blanda saman i eit nøyaktig blandingsforhold. Forskarane kunne deretter lene seg tilbake og bivåne prosessen.

«Rundt 1% av blandinga byrja reisa av å spontant setje seg sjølve saman til ein struktur som liknar på, men som ikkje er identisk med, eit menneskeleg embryo.»

Professor Jacob Hanna ved Weizmann-instituttet, som leia teamet, hevdar at «vesenet» som vart produsert er eit «skuleeksempel på eit menneskeleg, 14 dagar gammalt embryo». Dersom eit slikt vesen kan overleve 14 dagar, kan det dermed overleve til det blir ein baby? Det er ganske sikkert at nokon vil prøve å utføre dette eksperimentet. Kva vil då resultatet bli? Vil ein kunne starte kunstig masseproduksjon av «menneske» som til dømes vil kunne brukast innan medisinsk forsking, kliniske forsøk på legemiddel og «vaksinar», soldatar som er fire gonger sterkare enn vanlege menneske, men har intelligensen til ein tiåring? Kan kvinner som ikkje ønskjer å gå gravide «bestille» eit barn som ho er biologisk i slekt med? Berre fantasien set grenser for kva denne forskinga kan føre med seg, og fantasien er som vi alle veit grenselaus. Sameleis er vitskapleg nysgjerrigheit.

Produksjonen av slike vesen før ein til å stille ei rekkje spørsmål. Kan dei reknast som menneske, slik at menneskerettane dermed òg gjeld dei? Vil dei ha det vi kallar sjel? Vil dei ha dei same kognitive ferdigheitene og den same forventa levealderen?

Vil slike rett og slett vere menneske slik vi alle kjenner konseptet?

Eller vil vi få vesen som er reelle undermenneske som kan brukast som slavar? Vil vi få ein biologisk underklasse av menneskeliknande vesen? Ein liknande etisk diskusjon har i mange år funne stad dersom det ein dag blir mogleg å klone menneske. Det er etter mitt syn uunngåeleg at det vil oppstå eit skilje mellom menneske som er laga «naturleg» og menneskeliknande vesen som er laga i laboratorium. Det næraste vi har i dag av eit slikt skilje, er menneske som er fødd naturleg, og dei som er fødd ved hjelp av kunstig befruktning – men i begge tilfella er dei jo borne fram av ei kvinne.

Historisk sett har menneske fungert dårleg saman med andre menneskeartar. Sjå berre kva som skjedde med til dømes neandertalarane. Det er gode grunnar til at vi er den einaste menneskearten som framleis eksisterer.

5 comments

  1. Uenig med siste setning. Vi har i fungert i overkant godt med andre menneskearter, så godt at de ble endel av oss.
    Alle, unntatt afrikanere har DNA etter neandertalnere i seg.
    N hadde antagelig kompakte kropper, for å holde på varmen og de var svært avanserte i sine enkle våpen.

    Man ha testet ut neandertalner-våpen, kontra våpen laget av Homo Sapiens. Begge benyttet seg av bla.stein. Det er visst nok stor kvalitetsforskjell i effektivitet, presisjon og flukt i lufta mot målet. Så vi får nesten være glade for at de skjenket oss deres intelligens.

    Likt av 1 person

    • Takk for innspel, Feliz. Det har blitt vitskapleg bevist at neandertalerar og moderne menneske hadde sex og fekk ungar saman. At neandertalarar var intelligente, er ubestrideleg. Samkvemmet mellom menneske og neandertalarar er grunnen til at moderne menneske utanfor Afrika har neandertalar-DNA i seg. Diverre eksisterer ikkje lenger andre menneskeartar enn Homo sapiens i dag. Grunnen til det kan diskuterast. Kanskje tillèt ikkje biosfæren at der eksisterer fleire enn ein menneskeart om gangen på grunn av den openbert intellektuelle fordelen menneske har i forhold til andre artar. Kven veit. Eg er open for tanken om kvifor mennesket er einerådande som menneskeart i dag, og tek gjerne imot teoriar om dette.

      Likar

      • Vi vet ikke, meg bekjent, om disse genene kommer fra N mann eller kvinne evnt hvor ofte det kom en N innom stamteeet vårt, dessverre.
        Jeg vil anta, uten noen form for belegg i vitenskapen, at man blandet seg og HS var mere produktive og rett og slett avlet ut N.
        Som sagt, null anelse, men så langt tilbake må man bare gjette. Med mellom 1-2% i genene våre må vi langt tilbake for å finne dem. Kanskje var det en forløper som ble HS ved krysning av denne og N.

        Likt av 1 person

  2. Noen sjel kan disse vesenene ikke ha, en hund har mer sjel enn noe så unaturlig, er min påstand, og siden de ikke er mennesker og dermed ikke har rettigheter, men er som eiendom å regne, kan eieren gjøre hva hen vil med kreaturet, plante inn microchips eller gjøre dem selvlysende, kutte stemmebånd hvis de skal være mest mulig lydløse, pumpe opp med veksthormoner og steroider, designe med silikonpupper og plastisk kirurgi etter smak, og man kan oppbevare dem i uthuset med et trau pedigree pal når de ikke behøves; sikkert mange gærninger som ville ønske seg både en og flere for ikke å si en privat hær eller en hel Kardashianfamilie å forlyste seg på. Hvis de biter eller er umulige å få husreine eller er utilfredsstillende på noe vis er det bare å ringe veterinæren og bestille avlivning. For de er eiendom. Grotesk. Hva føler et sånt kreatur, føler de noe som helst sånn som oss?
    Jeg tror noe lignende skjedde i Atlantis. Kanskje mer som miksing av dyr og menneske, så de hadde nok litt mer sjel enn disse som er helt og holdent skapt på lab’en. Det skumleste er at Yuwal Noah Harari har omtrent sånne planer for oss: ingen sjel, ingen ånd, ingen egen vilje, ingen gud. Selv om vi er skaapt naturlig.

    Likt av 1 person

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar