Eliten kan drepe folk med 5G-stråling ved å påverke injisert grafénoksid i kroppen

Mike Adams, eigar og grunnleggjar av nettstadene Natural News og NewsTarget, og strøymetenesta Brighteon, skriv 14.september 2023 følgjande: Ein vitskapleg artikkel som vart publisert i MaterialsToday Chemistry avslører at mobiltelefonsignal kan bli brukt til å utløyse biologiske eller kjemiske mengder av grafénoksid som blir innført i kroppen. Her skal det seiast at artikkelen vart publisert allereie i september 2022, so dette har vore kjent i heile eitt år. Det er å sjå på som gamle nyheiter for dei som er opplyste rundt temaet, og det bekreftar samstundes ein mistanke eg og fleire har hatt om 5G: Strålinga er direkte knytt til mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla «vaksinar».

Artikkelen har den temmeleg lange og kronglete tittelen «Remotely controlled electro-responsive on-demand nanotherapy based on amine-modified graphene oxide for synergistic dual drug delivery». Ei omsetjing avslører samanhengen mellom 5G og grafénoksid: «Fjernkontrollert elektroresponsiv ønskt nanoterapi basert på aminemodifisert grafénoksid for synergistisk tolegemiddels-levering». På normalt, menneskeleg språk viser artikkelen til at utsleppet av grafénoksid kan gjerast ved hjelp av elektronikk (her 5G-stråling), slik at eit bestemt legemiddel ved hjelp av nemnde grafénoksid kan sleppast laust i organismen.

Mi tolking av tittelen samsvarer med den til Adams (mi omsetjing):

«Samandraget av studien avslører korleis ein mobiltelefon kan sende ut signal som aktiverer ein lågvoltsstraum som kommuniserer med grafénoksid (GO)-molekyl, som forårsakar effektiv levering av bestemte mengder av legemiddel:

‘Denne studien har som mål å avgjere to lågvoltskontrollerte legemiddel (aspirin og doxorubicin) sine utslepp frå ei GO-overflate. Her har vi demonstrert korleis ein kontrollerer mengda legemiddel som skal sleppast ut via ein hendig mobiltelefon, med null passivt utslepp under dødtid.’»

GO har eit ekstremt høgt overflateområde og ein kompleks strukturell komposisjon, og eignar seg difor perfekt for å levere ymse legemiddel inni kroppen. Med andre ord fungerer GO utmerka som ein slags kurer for ymse legemiddel i kroppen. Alt som trengst for å setje i gang denne «kurerverksemda», er ein spesifikk frekvens ved lågvoltsstraum. Det er nettopp noko slikt 5G-stråling er i stand til – sjølv frå avstand. Ein artikkel av dr. Joseph Mercola som vart publisert i Children’s Health Defense viser at 5G-signal resulterer i målbare biologiske og kjemiske endringar i menneskekroppen. Artikkelen vart publisert 19.august 2022, men er desto viktig. Viktige punkt frå den slik Adams presenterer dei, er:

  1. 5G ligg bandbreiddmessig på millimeterbølgja, som er kjent for å forårsake ei smertefull, brennande kjensle. Den har òg vore knytt til auge- og hjarteproblem, undertrykt immunforsvar, genetisk skade og problem med fruktbarheita.
  2. FCC (Federal Communications Commission; Kommisjon for føderale kommunikasjonsformer) innrømmer at ingen 5G-tryggleiksstudiar har blitt utført eller finansiert av byrået eller telecom-industrien, og at ingen er planlagt.
  3. FCC har blitt fanga inn av telecom-industrien, som i sin tur har perfeksjonert desinformasjonsstrategiane som før det vart brukt av tobakksindustrien.
  4. Vedvarande eksponering for mikrobølgjefrekvensar slik som dei ein finn i mobiltelefonar, kan forårsake feilfunksjon i mitokondriane, pluss skade på DNA-et frå dei frie radikala som blir produsert av peroksynitritt.
  5. For mykje eksponering for mobiltelefonar og trådlause nettverk (Wi-Fi) har blitt knytt til kroniske sjukdommar slik som hjarterytmeforstyrringar, angst, depresjon, autisme, Alzheimer og sterilitet.

Ein nettstad ved namn The Cellular Phone Task Force listar opp mange åtvaringar frå regjeringar og byrå rundt om i verda når det gjeld stråling frå mobiltelefonar, og korleis denne skadar menneskeleg biologi.

Adams skriv vidare at forsking leia av Martin Pall, professor emeritus i biokjemi og grunnleggjande medisinsk vitskap ved Washington State University, avslører at mikrobølgjestråling frå mobilapparat og trådlause ruterar forårsakar voltstyrke-endringar i cellene i kroppen. Den aktiverer det som blir kalla «Voltage-Gated Calcium Channels», som er å finne i den ytre membranen til cellene. Membranen fungerer som ein port (engelsk gate) som bestemmer kva som kjem inn og ut av cellene. Kort fortalt opnar lågfrekvent mikrobølgjestråling desse «portane», slik at ein får ein unormal flyt av kalsiumion inn i cellene. Desse aktiverer i sin tur nitrittoksid og superoksid som nesten med éin gong reagerer og dannar peroksynitritt som deretter forårsakar karbonerte frie radikal. Desse forårsakar betydeleg skade på cellene, og er sett på som ein hovudårsak til mange av dagens kroniske sjukdommar. Stråling frå mobiltelefonar og 5G-tårn er leiande årsak til dette.

Reuters rapporterer at eit kontrollorgan i Frankrike har gjeve Apple ei åtvaring om å stoppe å selje iPhone 12 fordi desse smarttelefonane overstig den tillatne strålingsgrensa. Telefonen har vore i sal sidan 2020.

Den vitskaplege artikkelen som vart nemnt i byrjinga av artikkelen konkluderer at ekstern stråling frå mobiltelefon, ved å endre voltstyrken, kan slå av og på prosessen som får grafénoksid til å sleppe laus bestemte legemiddel i kroppen. Dette gjeld i prinsippet òg biologiske våpen som er dødelege sjølv i nanogramsmengder. Dei kan leverast gøymt inne i grafénoksid, via falske vaksinar, nasepinnar (via «covid-testing») og matvarer. Når desse stoffa fyrst er i kroppen, vil dei byrje å forårsake skade – men den verkelege skaden vil fyrst skje når eit bestemt 5G-signal blir kringkasta blant den «vaksinerte» befolkninga. Når signalet blir aktivert, vil grafénoksidet på kommando sleppe laus det biologiske våpenet i kroppen og forårsake sjukdom og død. Dette vil skje samstundes i heile befolkninga, og vi vil då snakke om ein reell dødknapp som vil ta livet av alle som valde å ta den eksperimentelle mRNA-teknologien.

For å oppsummere innhaldet i denne høgst urovekkjande artikkelen: Eliten kan når som helst ta livet av den kondisjonerte saueflokken ved hjelp av eit dødssignal frå 5G-tårn rundt om i verda. Ingen veit enno kva som vil skje med desse menneska når dei dødelege giftene blir aktiverte. Kan hende blir dei nett som zombiar, og vi snakkar om ein zombieapokalypse. Det vil gjere det farleg òg for uvaksinerte å opphalde seg i folketette område med 5G-tårn når helvete bryt laust. Det mest føremålstenlege vil vere å kome seg ut av dei store byane før det er for seint.

One comment

  1. 60 ghz, eller var det terahertz, absorberer oksygen..

    stop5g.cz

    VI HAR NOK INFO TIL Å HEVDE SELVFORSVAR!

    TÅRNA! NED!

    IDGAF, targeted allerede 😉

    Likar

Legg att svar til bWabbit Avbryt svar