Sjokkerande nyheiter: «Josefine Bru» er tvangsinnlagt etter sjølvmordsforsøk

I nitida på morgonen i dag, laurdag 16.september 2023, fekk eg ein ganske urovekkjande e-post på Saksyndig-adressa. E-posten var frå ein mann som eg her kallar «J.P.», og som er sambuar med kvinna (38) som her på Saksyndig og Disqus er kjent under pseudonymet «Josefine Bru». Han fortel i e-posten at sambuaren fredag ettermiddag i 17-tida vart henta av politi og ambulanse og tvangsinnlagt på Sandviken psykiatriske sjukehus. Grunnen til dette er sjølvmordsforsøk med ein kniv.

«Josefine» er no under tvinga observasjon på Sandviken, og er innlagt etter §3-3 i Lov om psykisk helsevern, nærare bestemt med heimel i ledd 3.b. For dei som kan sin jus, tydar dette at ho er tvangsinnlagt fordi ho utgjer ein alvorleg fare for seg sjølv eller andre. I motsetnad til innlegging etter naboparagrafen 3-2, som berre kan halde nokon innlagt i 10 dagar, er det ikkje tidsavgrensing på §3-3. Dette fekk han beskjed om frå overlegen på Sandviken laurdag morgon.

Sambuaren «J.P.» fortel i e-posten at Josefine har vore i psykisk ubalanse i lengre tid. Ho har ein alvorleg psykiatrisk diagnose, men ho har aldri fortalt sambuaren kva den er. Det er difor uvisst om ho har bipolar liding eller er schizofren. Han fortel om gode og dårlege periodar, der ho i dårlege periodar framstår som i villreie om tid, stad og kor ho er. I slike periodar får ho det føre seg at ho er i eit anna univers, at ho er i ein virtuell røyndom, og at ein mann ved namn Einar framleis lever. Ho har som regel landa etter periodar med mykje søvn framkalla av reseptbelagte legemiddel (uvisst kva for typar). Det skal her seiast at «J.P.» ikkje har ei helsefagleg utdanning, han jobbar som revisor og driv sitt eige selskap.

Han og Josefine har vore sambuarar sidan 2017. Ho hadde på vårparten fått seg sin eigen Tinder-konto, og han hadde halvvegs på spøk sendt ho ei melding der han spurde om ho ville ta ein kopp kaffi om ein times tid. Til hans store overrasking svarte ho ja. Ho var intens, temmeleg «på», og hadde store, tindrande auge som lyste av kjærleikslengt. Dei to hadde sex to timar etter at dei fyrste gong møttest på Sletten senter på Landås. Ei veke seinare kjøpte dei leilegheit der i lag. Han vedgår at dei kanskje gjekk litt fort i svingane, men slik driv no eingong denne generasjonen på. Det finst liksom aldri nokon morgondag, alle skal leve i «nuet».

«J.P.» fortel at Josefine har hatt ein særs livleg fantasi so lenge han har kjent ho. Ho er ei intens dame med uhyre sterke meiningar, i tillegg til å vere uhyre intelligent. Ho er det han kallar ei «gammal sjel». I sine maniske periodar fortalde ho med stor innleving om tidlegare liv i tidlegare univers, deriblant Kontor for demoniske affærar, som står bak denne datasimulerte røyndommen som vi alle lever i. Han har aldri sett på historiene hennar som noko anna enn underhaldning.

Sjølv om Josefine har hatt dårlege periodar før, har det aldri vore so ille som denne gongen. Ho har fått det føre seg at tida hennar snart er inne – ho skal snart forlate dette universet og byrje på nytt i neste univers. Kroppen hennar er i ferd med å gå ut på dato. Ifølgje Josefine har ingen av dei jordiske kroppane hennar blitt eldre enn i slutten av 30-åra. Ho avskyr rett og slett alderdom, med alle plagene og skavankane det fører med seg. Ho vil døy medan ho er ung, frisk og har handleevne.

Kva som eigentleg fekk ho til å «bikke over», veit ikkje «J.P.» nøyaktig. Men denne dårlege perioden kan ha blitt utløyst av Saksyndig-redaktøren sin dramatiske sommar med plutseleg arbeidsløyse og utgang frå helsesektoren, og det faktum at ho i førre veke vart kasta ut av kommentarfeltet til Document for å ha påpeikt eksistensen av khazar-jødar, og korleis desse visstnok styrer det meste innan verdspolitikk og massemedia.

Faktum er at Josefine over helga viste teikn på mani. Ho slutta å ete og sove, og vandra rastlaust rundt på Landås, sørover mot Nesttun og nordover mot Bergen sentrum. Ho forsvann midt på svarte natta og kom tilbake i grålysninga. Ho kunne ikkje gjere reie for kor ho hadde vore. Etter eit par timars søvn, var ho oppe igjen og like rastlaus og angstprega. Torsdag tok «J.P.» kontakt med legekontoret der fastlegen til Josefine driv praksis, og uttrykte bekymring over hennar mentale helse. Frå legekontoret fekk han beskjed at Josefine sjølv måtte ringje og bestille time.

Fredag ettermiddag, då «J.P.» kom heim frå jobb, vart han møtt av følgjande syn:

Josefine stod naken med ein blodig kniv midt i stova og lo. Der og då visste han instinktivt kva som måtte gjerast. Spesielt då han såg blodet frå venstrearmen. Ambulanse og politi kom ganske kjapt og fekk kontroll på situasjonen. Ho var likbleik i ansiktet sidan ho hadde mist so mykje blod, og ville truleg ha blødd ihel om «J.P.» hadde kome heim igjen ein time seinare.

Dette er informasjonen han til no har delt med meg, og han vil få meir informasjon over helga om situasjonen. Han har gjeve løyve til at eg deler dette på Saksyndig. Dette viser at menneske er skjøre vesen, og at det ofte er tilsynelatande bagatellar som kan få dei til å trekkje i den biletlege naudbremsa. Under normale omstende hadde nok Josefine drite i om ho vart stengt ute frå eit kommentarfelt. Dette er derimot ikkje normale omstende. Dette er eit menneske sin undergang, og berre kyndig hjelp kan no redde «Josefine Bru».

3 comments

Legg att svar til Nordmann Avbryt svar