«Ekspertar» på globalhelse påstår at den neste pandemien kan bli opptil 20 gonger meir dødeleg enn covid-19

NewsTarget melder at sokalla «ekspertar» innan globalhelse trur at den neste pandemien kan bli opptil 20 gonger meir dødeleg enn covid-19. Vel, med tanke på kor «dødeleg» covid-19 viste seg å vere, er ein mikroskopisk prosentdel gonga med tjue framleis temmeleg lite. Eller, for å ta det endå eit hakk lenger ned på fryktskalaen: tjue gonger null er framleis null.

Kate Bingham, tidlegare styreleiar i britiske Vaccine TaskForce åtvarar (mi omsetjing):

«Lat meg seie det på denne måten: Influensapandemien i 1918-19 drap minst 50 millionar menneske over heile verda, dobbelt so mange som dei som vart drepne i Fyrste verdskrig. I dag kan vi vente eit liknande dødstal frå eit av dei mange virusa som allereie eksisterer […].»

WHO kallar denne moglege framtidige pandemien for «Disease X» («Sjukdom X»), og det skal visstnok berre vere eit spørsmål om tid før den finn stad – den kan faktisk bryte ut når som helst. «Spesialistar» i WHO meiner bestemt at verda må førebu seg på å utvikle og dele ut vaksinar raskt for å kjempe ned sjukdommen. Den kan nemleg skape like mykje øydelegging som covid-19, som verda var dårleg førebudd på.

Kate Bingham (som har adelstittelen Dame) seier vidare at vitskapsfolk for tida er merksame på 25 virusfamiliar, som kvar består av tusenvis av individuelle virus med pandemi-potensial. Vidare kan rundt rekna ein million uoppdaga virus lure ute i naturen, og vere i stans til å hoppe frå den eine arten til den andre og forårsake omfattande menneskeleg øydelegging. Spørsmålet her er naturlegvis korleis dei kan vete at der finst ein million av noko dei enno ikkje har oppdaga. Ho seier vidare:

«På ein måte hadde vi flaks med COVID-19. Poenget er at det store fleirtalet av folk som vart smitta av viruset greidde å kome seg. Førestill dykk at Sjukdom X er like smittsam som meslingar og med dødelegheita til Ebola [67%]. Ein eller annan stad i verda formeirar det seg, og før eller seinare vil nokon byrje å føle seg sjuke […].»

Ein annan som har pessimistiske tankar om den neste pandemien, er ingen ringare enn globalist og Microsoft-medgrunnleggjar Bill Gates. Han meiner at den neste pandemien ikkje berre vil bli meir brutal enn den førre – den vil òg vere menneskeskapt.

I ein tale ved Lowy Institute i australske Sydney tidlegare i år, la Gates vekt på kor viktig det er med globalt samarbeid og beredskap for å unngå ein hittil usett økonomisk katastrofe. Han meiner altso at konsekvensane av «pandemitiltak» ikkje er ein hittil usett økonomisk katastrofe.

«Pandemien» førde ifølgje Gates til eit tap på meir enn 10 billionar dollar – ti tusen milliardar dollar: «Med pandemien var vi dumme som ikkje hadde verktøya, øvinga og den globale kapasiteten til å vere på vakt slik vi er med brannar eller jordskjelv.»

Gates føreslo jamlege, omfattande pandemiberedskapsøvingar både på nasjonalt og regionalt nivå, og la vekt på behovet for eit globalt organ for å vurdere og gje poengsummar til pandemiberedskapen til ymse nasjonar i verda. Han meiner det må utførast omfattande øvingar kvart femte år.

Under talen i Sydney lovpriste Gates pandemiresponsen som Australia hadde. Dei som framleis har friskt i minne alle dei brutale, sjokkerande overgrepa den australske staten påførde sine eigne borgarar, er velkomne til å søkje opp tallause særs urovekkjande videoar, der vi mellom anna ser politiet overfalle fredelege borgarar, tvinge på dei munnbind, skyte på dei med gummikuler og føreta vilkårlege arrestasjonar av elles lovlydige menneske som berre ville ha fridommen sin tilbake.

Ein kandidat for ein dødeleg pandemi er Marburg-viruset, som Todd Callender åtvarar australske Maria Zeee (med tre e-ar) om i eit intervju. Intervjuet kan sjåast her.

One comment

Legg att svar til StormFrog Avbryt svar