Sjukepleiar Iris Frohe skal prøve oppseiingssaka si i lagmannsretten

Saksyndig har i likskap med Hemali og Document dekt saka om sjukepleiaren Iris Frohe, som vart oppsagt frå Hamar kommune fordi ho ikkje ville gå med på differensierte retningslinjer fordi ho er uvaksinert. Eg sjølv har eit spesielt forhold til saka hennar fordi noko liknande skjedde med meg i 2021 – bortsett frå at i mitt tilfelle gjekk arbeidsgjevar bastant utifrå at eg braut dei differensierte retningslinjene berre fordi eg uttrykte sterk skepsis til dei.

(Sjå òg «Uvaksinert sjukepleiar står overfor historisk rettssak», publisert 10.januar 2023.)

Syskenparet Iris og Sofie Frohe vart begge oppsagt frå stillingane sine i helsevesenet fordi dei ikkje godtok særbehandling på grunn av vaksinestatus. Iris bestemte seg derimot for å gå til sak, og tok kontakt med Norsk hjelpefond. Der vart det oppretta ein spleis der 250 000 kroner vart samla inn frå 850 gjevarar – eg var ein av dei som bidrog.

16. og 17. januar vart saka «behandla» i Østre Innlandet Tingrett, avdeling Hamar. Vigdis Galaaen, leiar for helse og omsorg i Hamar kommune, vitna mot sin tidlegare tilsette og påstod at kommunen hadde verken grunn eller moglegheit til å overprøve dei vurderingane som nasjonale styresmakter hadde gjort. Det vart etter hennar utsegn ikkje gjort nokon sjølvstendige medisinske vurderingar i kommunen, dei følgde berre ordre ovanfrå. Document-journalist Rebecca Mistereggen var til stade i denne skandaløse rettssaka, og skreiv fleire glimrande artiklar om den.

(Sjå òg «Helse- og omsorgssjef på glattisen med tvilsam vurderingsevne av både tilsette og pasientar», publisert 6.februar 2023.)

Saka enda med tap, og Iris vart dømt til å betale sakskostnadene til kommunen. Dette tykte Iris sin advokat Barbro Paulsen var «betenkelig og kritikkverdig». Både ho og klienten sat med kjensla av at dei som saksøkjande part ikkje hadde vore til stade i retten i det heile; dommen utelét alle vitna til Iris, og til og med Iris si eiga vitneforklaring. Paulsen skreiv at dommen framstod som både vilkårleg og ville svekkje rettskjensla og ikkje minst tilliten folk har til rettssystemet. Det norske rettssystemet er frå før av kjent for å dømme ganske vilkårleg, og sjølv erfarne advokatar slit med å spå utfallet i sakene sine.

(Sjå òg «Vilkårleg dom i Iris Frohe-saka svekkjer rettskjensla – advokat Barbro Paulsen vurderer snarleg anke», publisert 9.februar 2023.)

Iris valde å anke den særs urimelege og urettferdige dommen frå Hamar tingrett.

(Sjå òg «Iris Frohe ankar saka frå Innlandet tingrett», publisert 22.februar 2023 og «Oppdatering i Iris Frohe-saka: Anken er sendt og svaret kjem i midten av april», publisert 3.april 2023.)

11.oktober 2023 meldte Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito at saka omsider skal opp i lagmannsretten. Saka skal gå 26. og 27.oktober i år, og eg har grunn til å tru at saka vil få lite dekning i hovudstraumsmedia. Document-Rebecca og Hemali-Julia (eller Guro) vil nok dukke opp i rettslokala, medan Steigan nok òg vil dekkje saka. Saksyndig skal som tidlegare følgje nøye med på kva som blir skrive.

Som Iris fortel til Hemali:

«Hamar kommune innførte smitteverntiltak uten skriftlig protokoll og nødvendige risikoanalyser eller vurderinger i henhold til lovens AML §9.2. Dette ble ikke engang nevnt i dommen […].»

Arbeidsmiljøloven §9-2 dreiar seg om drøfting, informasjon og evaluering av kontrolltiltak. Jamleg testing av uvaksinerte blir rekna som eit kontrolltiltak, men blir av Iris (og meg) sett på som diskriminering og usakleg forskjellsbehandling av tilsette. Her er det spesielt kritikkverdig at PCR-testane og hurtigtestane er notorisk upålitelege, og at ein tilsett difor feilaktig kunne bli stempla som «sjuk» og dermed bli urettmessig pålagt å halde seg heime frå arbeid. Eg var sjølv borti akutt, alvorleg personalmangel på grunn av denne latterlege, poenglause «testinga».

Bruk av munnbind vart interessant nok (i mitt tilfelle) tolka som «påbode bruk av verneutstyr» (§2-3 «Arbeidstakers medvirkningsplikt» ledd 2.a), men dei differensierte retningslinjene påla berre uvaksinerte å bruke dette «verneutstyret». Igjen, usakleg og urimeleg forskjellsbehandling.

Dei differensierte retningslinjene for bruk av munnbind var i mine auge like usaklege og absurde som å til dømes berre påleggje folk med raudt hår å bruke hårnett på eit institusjonskjøkken – sjølv om dei hadde kort hår. Kollegaer med lengre hår, men annan hårfarge, slapp å bruke hårnett. Om kjøkkensjefen fann eit hår i maten, og håret var raudt, ville den raudhåra bli straffa – men om håret var til dømes blondt eller brunt, ville inga avstraffing skje. Dersom dei raudhåra farga håret i ein annan farge, ville dei dermed sleppe å bruke hårnett, sjølv om dei sidan fekk lengre hår! Farging av hår kan her samanliknast med å ta alle «tilrådde dosar». Det mest absurde med dei differensierte retningslinjene for bruk av munnbind var då dei vart innførde på sjukeheimen eg jobba på i slutten av mai 2021: på slaget midnatt frå datoen retningslinjene tok til å gjelde, tok alle dei fullvaksinerte nattevaktene av seg munnbinda. Då var dei plutseleg ikkje lenger smitteberarar – «vaksinen» byrja utruleg nok å gjelde nøyaktig frå midnatt av!

I tillegg førde bruk av munnbind til ei subjektiv forverring av arbeidsmiljøet; dei som gjekk med munnbind fekk symptom på CO2-forgifting slik som hovudverk, svimmelheit, trøyttleik og redusert merksemd. Det kan samanliknast med å påleggje enkelte tilsette å gå med ein varm ullgensar heile vakta uavhengig av temperatur, for so å opprette personalsak med disiplinærstraff om den tilsette på kva som helst tidspunkt i vakta tek av seg den varme, kvelande ullgenseren.

Korleis går det med Iris oppi alt dette? Ho fortel til Hemali at ho har valt å skilje mellom sak og person, og at ho støtta ho har fått har vore over all forventing. Ho trekkjer òg fram at ho har fått økonomisk støtte slik at ho og familien ikkje skal lide tap. Overraskande nok har lokalavisa på Hamar skrive nyansert og grundig om saka.

Norsk hjelpefond, som oppretta spleisar for Iris ved tidlegare høve, skal òg denne gongen opprette ein spleis, som dei skriv om på heimesidene sine. Dersom Iris taper denne gongen òg, kan ho og familien bli sitjande med sakskostnadene til kommunen – i dette konkrete tilfellet ei reikning på nesten 250 000 kroner.

Iris tek denne kampen for alle som har blitt utsett for lovbrot under «pandemien».

Kommenter innlegget