Vilkårleg dom i Iris Frohe-saka svekkjer rettskjensla – advokat Barbro Paulsen vurderer snarleg anke

Som advokat Barbro Paulsen skriv i ein artikkel som vart publisert på Steigan 8.februar, kom det 7.februar ein dom i arbeidsrettssaka som sjukepleiar Iris Frohe har ført mot sin tidlegare arbeidsgjevar, Hamar kommune. Østre Innlandet tingrett bestemte seg rett og slett for å slå fast – i strid med alle bevis – at kommunen har gjeve Frohe ei tilfredsstillande skriftleg grunngjeving for oppseiinga, og at dei hadde «rettslig adgang» til å seie ho opp. Ho har ifølgje tingretten ikkje krav på erstatning, og Hamar kommune er frifunnen. Trebarnsmora er dømt til å betale sakskostnadene til kommunen, noko advokat Paulsen synest er «betenkelig og kritikkverdig».

Paulsen er ikkje overraska over dommen, men stiller seg undrande til at dommen har utelate alle saksøkjaren (Frohe) sine vitne, og faktisk òg Frohe si eiga vitneforklaring. Paulsen skriv sjølv at ho sit igjen med inntrykket av at det berre var éin part til stade i saka. Med Paulsen sine eigne ord: «Det er som om saksøker ikke har vært til stede disse to dagene på Hamar». Retten har med andre ord fullstendig ignorert både bevis og vitneforklaringar, og har berre bestemt seg for at «sånn er det».

Denne dommen framstår som både vilkårleg og definitivt rettskjensle-svekkjande. Den svekkjer tilliten eg og mange har til det norske rettssystemet, som er kjent frå før av for å dømme vilkårleg.

Alle feila retten gjorde kan lesast i Paulsen sin Steigan-artikkel. Og dei er mange. Mellom anna peiker Paulsen på følgjande moment:

Representanten frå sjukepleiarforbundet (Norsk sykepleierforbund?) har ikkje sjølv vore med i drøftingar om innføring av kontrolltiltak mot uvaksinerte (testing to gonger i veka trass fråvær av symptom). Protokollen for at der har vore drøftingar har aldri blitt framlagt av Hamar kommune, men retten påstår likevel at dette er blitt gjort, og dermed at vilkåra for saksbehandling for innføring av kontrolltiltak er oppfylt. Dei berre bestemte seg for å gjere det.

Den einaste grunngjevinga for oppseiing av Iris Frohe ser ut til å vere «en sterk anbefaling i den nasjonale covid-veilederen». Retten bestemte seg for at dette var godt nok, og gav fullstendig blaffen i at ei trebarnsmor miste jobb og inntekt.

Kommunen sitt vitne frå Helsedirektoratet forklarte at FHI hadde medisinskfagleg dokumentasjon som grunnlag for retningslinjene. Ho hadde aldri lese denne forskinga sjølv og ante heller ikkje kva slags forsking det var snakk om. Retten bestemte seg rett og slett for at dette var godt nok.

Retten konkluderte – tilsynelatande ut av det blå – at differensierande retningslinjer for uvaksinerte ikkje var diskriminering eller ulovleg, til trass for at det nettopp er det. Dei differensierte, ulovlege tiltaka omfatta testing to gonger i veka og bruk av munnbind. Bruk av munnbind gjorde det synleg for alle at vedkomande ikkje var vaksinert. Dette er strengt teke å synleggjere private helseopplysningar, som vaksinasjonsstatus er og alltid har vore. Retten ville rett og slett ikkje gå inn på om dette var lovleg.

Dommen utelét alle vitneutsegner, og til og med Iris Frohe – saksøkjar – si vitneutsegn. Retten dreit med andre ord i saksøkjar si side av saka og dømte i favør av ein mektig, kommunal arbeidsgjevar.

Iris Frohe har ikkje berre blitt regelrett hånt og urettferdig straffa av det som for meg framstår som ein kengurudomstol. Ho kan òg risikere å hamne i djup gjeld fordi ho må betale sakskostnadene til den langt sterkare parten i tvisten. Hamar kommune kunne ikkje ha brydd seg mindre om den stakkars dama misser hus og heim og hamnar på gata. Derimot skriv Paulsen at tvistelova §20-2 tredje ledd opnar for at den tapande parten kan fritakast for sakskostnadene mellom anna dersom styrkeforholda mellom partane tilseier slike fritak.

Eg håper verkeleg advokat Barbro Paulsen har integritet nok til å anke denne skandaløse dommen. Noreg er berykta over store delar av verda på grunn av ei rekkje justismord. Desse justismorda handlar derimot om langt meir alvorlege brotsverk slik som feilaktige skuldingar for overlagt drap. Og no kjem denne «pandemi»-rettssaka på toppen av denne sørgjelege statistikken. Dei må definitivt ikkje gje seg mot dette vondsinna maskineriet. Då vil vi alle tape.

Eg hadde heile tida mistanke om at retten ville handle etisk og moralsk uriktig. Min eigen kommunale arbeidsgjevar hosta mistenkjeleg raskt opp ein sluttavtale tilbake i 2021, nettopp for å unngå rettssak. Med tanke på kvaliteten på det norske rettssystemet er det mildt sagt ikkje automatikk i at eg ville ha vunne ei potensiell rettssak. Om tapre Iris orkar å stå i dette heilt til enden, vil det ein gong for alle bevise kva ho er laga av. Ho og Barbro Paulsen er på rett side av historia.

Det blir ofte sagt at helsepersonell får si lønn i Himmelen. Men når det gjeld Hamar kommune sine representantar, so trur eg ikkje dei hamnar der…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s