Piggprotein frå covid-sprøyter blir levert til alle organ i kroppen, noko som resulterer i hyperakselerert aldring

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Fenomenet «plutselege dødsfall» som ein ser over heile verda etter sleppet av covid-«vaksinar», kan sporast tilbake til éi felles årsak: den aldersakselererande effekten til piggprotein.

Piggprotein tek bustad i kvart einaste organ i kroppen, veit vi no, og når dei fyrst er der, forvandlar dei ein person frå ung til gammal, eller frå gammal til svært gammal. Dette er grunnen til at unge menneske overalt, inkludert atletar i toppform, ramlar døde om av hjartetrøbbel.

Walter M. Chesnut ved WMC Research kallar dette fenomenet Spike Protein Endothelial Disease, eller SPED, som han skildrar som Stadium 1 av ein sjukdom han kallar Spike Protein Progeria Syndrome (SPPS). [Progeria er rask, unaturleg aldring som vanlegvis har genetiske årsaker; oms.komm.]

SPPS, forklarer Chesnut, er ein entotelisk reaksjon på invasjonen av piggprotein i alle større organ i kroppen.

«De kan sjå på dette som sjokket som oppstår når ein hamnar i iskaldt vatn, eller bli oppslukt av flammer,» skriv han. «Der skjer skade med éin gong: betennelse, koagulering og alt som utgjer ein skade på endotelet.»

«Derimot, so fort piggproteinet har invadert endotelet i alle større organ, går det over til å påføre feilomsetjing av mRNA i kvart einaste organ.»

Piggproteina i covid-sprøyter fungerer som eit ALDERSlegemiddel, og akselererer dødsprosessen

Dette blir følgt av Stadium 2 av PPS, eller den for tidlege aldringa av alle organa i kroppen på grunn av påførte feilomsetjingar av proteina som er viktige for at organa skal fungere skikkeleg.

Musemodellar viser at smådyr som blir eksponert for denne invasjonen av piggprotein, samla opp desse dødelege giftene i organa sine, som resulterte i rask aldring på ymse måtar, altso «redusert vekt, brystkasse-deformasjon, lutande kroppshaldning [«pukkelrygg»], dårleg pelstilstand og urinsyndrom, saman med lymfopeni, auka nivå av reaktiv oksygen-artspåført skade, akselerert aldringsrelaterte endringar i DNA-metylasjon og telomerforvitring.»

Den gjennomsnittlege levetida til eit piggprotein-infisert vesen er langt kortare enn levetida til eit reint vesen der kroppen ikkje har blitt invadert av desse injeksjonsgiftene. Fyrstnemnde utviklar kroniske helseproblem som vesentleg aukar risikoen for tidleg død.

Dei aldersrelaterte tilstandane som ein ser hjå piggprotein-infiserte mus, inkludert skrøpelegheit, kyfose, katarakt og dystrofi, kan sporast tilbake til utilstrekkjeleg proteinsyntese og mRNA-påførte feilomsetjingar av ribosomet.

«Trollmannen står visseleg bak gardina,» skriv Chesnut. «Vi ser ein 26-åring døy. Men den 26-åringen hadde organa til ein 96-åring. Ikkje overraskande i rasktveksande kreftformer, nevrodegenerasjon eller plutseleg hjartedød – for ein 96-åring.»

«Eg trur piggproteinet fungerer som eit progeria-legemiddel – levert via endotelet til alle organa.»

Chesnut seier han er «djupt trist» og «nummen» av desse oppdagingane. Dei bekreftar det som mange andre har hatt mistankar om når det gjeld covidsprøyte-piggprotein som går inn i alle former for kroppsvev og skaper kaos i funksjonsevna.

«Dette bekreftar vidare alle våre ‘konspirasjonsteoriar’,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om funna. «Eg gjev metylen-blå eit forsøk. Vi vil finne ut om det fungerer utifrå om ‘dei’ byrjar å avgrense bruken av det… på ein måte slik dei gjorde med hydroksyklorokin og IVM (ivermectin).»

«Andre tilrådingar eg har sett (og teke) er nattokinase (nemnt av dr. McCullough og testa av japanarane), NAC, bromelain og svartfrø-olje (gjev ein ubehageleg ettersmak),» føreslå ein annan om andre potensielle remediar for piggprotein-forgifting.

«Etter at eg byrja å ta desse, fekk eg temmeleg smertefulle lymfeknutar i halsen. Eg spekulerer i om det braut opp desse piggproteina og dei vart filtrerte gjennom lymfeknutane. Det gjekk over etter ei veke.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s